fbpx – Bemanningspolitikk kan fremje smittespreiing Hopp til hovedinnhold

– Bemanningspolitikk kan fremje smittespreiing

Bildet viser to hender med hansker som vrir opp en klut i et vaskevannsfat.
LITE OPPLÆRING: Mange av pleiarane som tek ekstra­vakter, er ufaglærte som arbeider ufri­viljug deltid i 10-20 prosentstillingar, skriv professor Jeanne Boge. Illustrasjonsfoto: Dag Jenssen/Samfoto/NTB Scanpix

Sjølv om sjukeheimen er bygd for å leggje til rette for smittevern, kan bemanningspolitikken ha stikk motsett effekt.

Mange av dei som har døydd av koronaviruset i Noreg, bur på sjukeheim. Forklaringane på dei mange dødsfalla handlar gjerne om at det bur mange med svekka immunforsvar i slike institusjonar.

I norske sjukeheimar trengst det med andre ord personell med høg kompetanse i hygiene og smittevern.

Kan dra med seg smitte

Kontakt med få personar er eit anna sentralt smittevernprinsipp. Norske sjukeheimar er godt tilrettelagde i så måte, for det bur vanlegvis berre åtte til ti personar i same avdeling. I tillegg er det slik at kvar bebuar vanlegvis har si eiga private eining med kombinert soverom/opphaldsrom og eige bad/toalett.

Tidlegare var det ikkje uvanleg med bortimot 30 bebuarar i same sjukeheimsavdeling, og fleire delte soverom og bad/toalett.

Sjukeheimar som har blitt bygde eller ombygde dei siste 20–30 åra, legg med andre ord godt til rette for optimalt smittevern. Men at pleietrengjande bur i små einingar, hindrar ikkje smittespreiing.

For norske sjukeheimar er gjerne organisert slik at pleiarane som arbeider i ei eining med åtte-ti bebuarar, også arbeider i ei anna eining. Det vil sei at ein pleiar potensielt kan dra med seg smitte til 16–20 bebuarar.

Tar ekstravakter

Men veksling mellom to einingar er ei relativt lita utfordring, samanlikna med den smittespreiinga som ekstravakter kan bidra til. Mange av pleiarane som tek ekstra­vakter, er ufaglærte som arbeider ufri­viljug deltid i 10–20 prosentstillingar. For å få ei inntekt å leve av, tek dei ofte vakter på avdelingar i dei kommunale pleietenestene.

Mange av dei deltidstilsette er kvinner. Deltidsarbeidet har ikkje berre ein kjønnsdimensjon, men også ein klassedimensjon, då dei med låg utdanning i større grad arbeidar deltid enn dei med høgre utdanning.

I dei kommunale pleietenestene er om lag ein tredel av dei tilsette ufaglærte. Det kan vere vanskeleg for ufaglærte å få meir enn 20 prosent fast stilling.

Låg stillingsbrøk

Ufriviljug deltid har også ein etnisk dimensjon, av di ein stadig større del av dei som arbeider i kommunale pleietenester, har innvandrarbakgrunn. Innvandrarar i pleiesektoren blir gjerne verande lenger i låge stillingsbrøkar, enn dei som er fødde i Noreg.

Stillingsbrøken er særleg låg i dei nyaste gruppene av flyktningar utan relevant utdanning. Arbeidsgjevar kan ha interesse av mange tilsette i små stillingsbrøkar. Det gjev leiinga eit stort korps av pleiarar, som står i kø for å ta ekstravakter.

Dette korpset kan bli brukt over alt i sjuke­heimen og potensielt dra med seg smitte til alle bebuarane.

I tillegg til at mange små stillingar kan fremje smittespreiing, kan manglande kompetanse i førebygging og handtering av smitte dra i same retning.

Lite opplæring

I ein travel kvardag i helsevesenet kan det vere vanskeleg å skilje mellom reint og ureint i kroppslege pleiesituasjonar, på skyljerom, baderom, fellesareal, i ernæringssituasjonar og så vidare. Derfor er det mykje fokus på reint/ureint, sterilt/usterilt i norske sjukepleie- og helsefaglege utdanningar.

Dei som arbeider som ufaglærte, har vanlegvis ikkje tilsvarande utdanning før dei startar som pleieassistentar. Dei må gjerne nøye seg med nokre få opplæringsvakter. Deretter vert dei rekna som fullverdige deler av staben, med tilhøyrande forventingar om blant anna førebygging av smitte og hindring av smittespreiing.

Det ser med andre ord ut til at norske sjukeheimar er bygde på ein måte som fremjar smittevern, medan bemanningspolitikken fremjar smittespreiing.

Dette innlegget sto først på trykk i Bergens Tidende.

Les også:
– De fysiske merkene var ikke det verste Forrige artikkel Aldri har sykepleiere vært mer synlige. Kan det føre til høyere lønn? Neste artikkel