fbpx Det er uverdige forhold i Al Hol-leiren Hopp til hovedinnhold

Det er uverdige forhold i Al Hol-leiren

VINTER I LEIREN: Ingen har lengta etter snøen som kom. For nokre dagar sidan var det sju minusgrader då vi drog utover til sjukehuset, fortel artikkelforfattaren. Foto: Privat

Menneska eg møter i Al Hol lever under tilhøva som ingen bør leve under. Dette er i alle fall ikkje nokon stad for born, korkje sjuke eller friske, skriv innleggsforfattaren.

Muhammed – ein av vaktene – har bygd ein snømann som helsar oss når vi kjem på jobb til feltsjukehuset til Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) i Al Hol – ein kjend og berykta leir, langt nord aust i Syria. Denne dagen var vi lenge i tvil om vi i det heile kunne dra.

Om morgonen låg det over fem centimeter snø i gatene i Hasakeh der vi budde, og det snødde tett. Våre syriske kollegaer hadde forsøkt å dra utover, men bussen deira køyrde seg fast og måtte snu. Det hadde ikkje snødd her på mange år, og i alle høve ikkje slik det gjorde da.

Vi som arbeidar på Røde Kors-sjukehuset er helsedelegatar frå heile verda. Den internasjonale Røde Kors-komiteen (ICRC) har eit internasjonalt mandat gjennom Genève-konvensjonene til å behandla alle som treng det, uavhengig av kva slag side dei eventuelt har tilhøyrd i ein konflikt. Menneska eg møter i Al Hol lever under tilhøva som ingen bør leve under. Dette er i alle fall ikkje nokon stad for born, korkje sjuke eller friske.

Dårlege tilhøva

Ingen har lengta etter snøen her. For nokre dagar sidan var det sju minusgrader då vi drog utover til sjukehuset. Vinden gjorde kulda enno værre for dei i leiren som sat tynnkledde og venta på oss da vi kom. Det einaste positive med kulda var at søyla som hadde kome med regnet den siste tida hadde frose på bakken. Frysar gjer dei som bur her og. Dei fyrar med parafinomnar i telta, og vi får støtt inn ungar med brannskadar.

Det er ikkje kapasitet til meir enn om lag ein tredel av dei.

Det er sterke tryggleikstiltak i leiren der nesten 70 000 bur. Ungane har få tilbod og kjedar seg i fortvilelsen. I dag vart det snøballkasting – eit lite ljospunkt for ungane. I Al Hol-leiren er det omlag 90 prosent kvinner og born. Krigen har snart vard i ni år.

I leiren manglar det mykje, for det er ikkje kapasitet til meir enn om lag ein tredel av dei. Dei bur i telt. Jorda er hard, og når det regnar flyt det fort vatn inn i telta der dei heldigaste har ein madrass å sove på. Det er dårleg tilbod om skule, og vi får stadig inn ungar som er undernært. Det er eit døme på dei dårlege tilhøva i leiren, særleg for dei aller minste.

To år gamle Fatima er innlagd på feltsjukehuset med pneumoni. I tillegg er ho underernært. Ho må overvåkast og vegast kvar dag. Vekta aukar ikkje tross næringskonsentratet ho får gjennom magesonden. Likevel er det betre å være her på feltsjukehuset enn i teltleiren. Her er det varmare og betre hygiene.

Få helsetilbod

Feltsjukehuset er drive i samarbeid med Syrisk Røde Halvmåne (SARC). Det er eitt av få helsetilbod her etter at fleire andre aktørar trekte seg ut hausten 2019 grunna tryggeleikstilhøve. Sjukehuset er eit feltsjukehus i WHO-klasse EMT 2. Det vil seie at det har generell kirurgisk kapasitet, pediatri og fødetilbod. Vi kan ta opp imot 30 innlagde pasientar, men har ikkje moglegheit til avansert behandling med til dømes respirator, hemofiltrasjon eller intravenøs ernæring. Vi har ein liten blodbank.

Vi behandlar også mykje poliklinisk, både skadar, sårskift og medisinske sjukdommar.

Sjukehuset vart oppretta i mai 2019 med tanke på alle krigsskadde i området. Feltsjukehuset behandlar pasientar med gamle krigsskadar, sår og amputasjonar med infeksjonar. Det er brot som har grodd skeivt, reamputasjonar grunna infeksjonar og fleire born med luftvegssykdommar og underernæring. Vi behandlar også mykje poliklinisk, både skadar, sårskift og medisinske sjukdommar.

Ikkje psykososial oppfølging

Fort tida har vi ikkje eit tilbod om psykososial oppfølging. Det er sjølvsagt eit stort udekkea behov for dette. Manglande tryggleik har gjort at ikkje sjukehuset kan være ope 24/7 med eit fullgodt tilbod. På grunn av dette er vi berre til stades på dagtid, og to sjukepleiarar frå SARC driv sjukehuset på kveld og natt. Når vi har kritisk sjuke pasientar innlagd er også ein av dei internasjonale helsepersonellet til stades.

Ein annan av dei skadde – ein ung mann – kjem innom feltsjukehuset kvar 3. eller 4. dag for å få reinsa såra etter amputasjonar som det har sette deg infeksjonar i. Etter fleire månader med behandling må han framleis ha narkose fordi det vert mykje smerter under behandlinga.

Han er ein av dei sivile ofra for denne krigen som har teke så mange liv og årsaka så mykje liding. Nå bur han i telt i leiren med kona og andre familiemedlemmar. Av oss har han fått ein rullestol. Det gjer kvardagen litt enklare. Guten gret da han fekk den. Etter behandlinga drar han heim til teltet sitt i ambulanse. Det har slutta å snø.

Les også:
Korona på sykehjem: – Vi er nøye med ikke å blande pasienter Forrige artikkel Åpner for 16-timersvakter Neste artikkel