fbpx Teori og praksis er to ulike logikkar Hopp til hovedinnhold

Teori og praksis er to ulike logikkar

Undervising i teori og praksis er ikkje to sider av same sak. Det krevs ulike kompetansar.

Dei som studerer sjukepleie i tre år ved norske høgskular, oppnår ein bachelorgrad.

Til forskjell frå utdanningar på vidaregåande nivå, vert det forventa at bachelorutdanningar har relativt mange tilsette med fyrstekompetanse som forskar på sine avgrensa områder og som underviser om det dei har djupnekunnskap om. Desse forskarane treng ikkje vere dei som er best til å vegleie studentar i den praktiske delen av studiet, men dei kan sjølvsagt vere gode til å samarbeide med klinikken. I dette innlegget argumenterer me for at teori og praksis er to ulike logikkar som krev ulike kompetansar.

Halvparten av kvar

Bachelorutdanning i sjukepleie er samansett av 90 studiepoeng frå praksis og 90 studiepoeng frå teori. Det som blir omtalt som praksis omfattar ferdigheitstrening, simulering og praksis i spesialist- og kommunehelsetenester. Store delar av lærarressursane vert brukt til vegleiing og vurdering av studentar i den praktiske delen av studiet. Den halvdelen av studiet som blir omtalt som teori, omfattar særleg undervising om korleis sjukepleiepraksisar er (i praksis) og korleis praksis bør gjerast (best practice), men det er relativt lite undervising som forklarer korleis det kan ha seg at sjukepleiepraksisar er som dei er.

Ulike logikkar

Når det er tilsett fleire forskingskompetente ved norske sjukepleiarutdanningar dei siste åra, så har ikkje det vore for å styrke den praktiske delen av studiet, men den teoretiske, for ein blir ikkje dyktig utøvande sjukepleiar av å fordjupe seg i teori, men ein dyktig teoretikar. Den som har brukt mange år av livet sitt til forskarutdanning ved eit universitet, har brukt tilsvarande mindre tid på å bli ein dyktig utøvar i helsevesenet.

Teori er ein referanse for den som arbeider i praksis, aldri ei eigentleg forskrift ein fylgjer, fordi menneske sjeldan fylgjer reglar og forskrifter, men kontinuerleg tilpassar det dei gjer og finn opp praksisen sin her og no. Praksis er habitus – ikkje regelbaseret. Det er som ei oppskrift på vaflar, den er god å ha, men den enkelte sin måte å bake vaflar på treng ikkje vere i pakt med oppskrifta for at vaflane skal bli gode. 

På same vis er teori også mange ulike ting. Av og til kallar ein refleksjon for teori, andre gongar omtaler ein prosedyre/praksisforskrifter for teori. Det hender også at ein kallar pasientar og studentar sine opplevingar frå praksis for teori, men i sjeldnare grad blir det skapt plass for teori OM sjukepleiepraksis. Det vil seie at ein undrar seg over det som skjer i det praktiske virket og stiller spørsmål som krev teoretiske analysar og som igjen skaper nye spørsmål og utfordrar det me brukar å gjere.  

Når ein utdannar forskarar så er det gjerne med forventingar om at vitskapleg stringens og teori skal gjer ein i stand til å forklare noko som ein ikkje visste frå før, og som kan krenke eigne oppfatningar. 

Det er stor forskjell på undervising i den praktiske og den teoretiske delen av studiet. Som vegleiar i klinikken må ein kunne kunsten å utføre sjukepleie, det vil seie at ein må kunne litt om mykje. Det som kjenneteiknar forskarar er djupnekunnskap på eit avgrensa område og det er dette ein har best føresetnad for å undervise om. Nokon vil kanskje meine at det bør vere same lærarar i praktiske og teoretiske delar av studiet, for å skape samband mellom teori og praksis. Ei slik innstilling underkjenner at teori og praksis er ulike logikkar. Ein eminent forskar og førelesar i tematikkar som tvang, kommunikasjon, pedagogikk, psykologi, etikk, vitskapsteori, metodologi, anatomi, sjukdomslære, ernæring, legemiddelhandtering, sårpleie, smerte, hygiene, leiing, administrasjon osv., treng ikkje vere den som er dyktigast til å vegleie studentar i kunsten å utøve sjukepleie. 

I praktisk virke trengs det kyndige utøvarar som arbeider per praktisk sans og som reflekterer over virket sitt og utviklar teori i praksis. Utøvande sjukepleiar er vel den som har best føresetnad for å undervise om korleis sjukepleie skal gjerast ved ferdigheitstrening, simulering og ved praksis i spesialist – og kommunale helsetenester?

Kva trengs det forskning om?

I bachelorprogram i sjukepleie vil ein trenge forskarar og undervisarar som har undersøkt korleis sjukepleiepraksis kan bli best mogeleg (teori for praksis), men også forskarar og undervisarar som har studert korleis det kan ha seg at sjukepleiepraksisar er som dei er under gitte vilkår, studiar av oppkomsten til praksisar som vert omtalt som sjukepleie og studiar om korleis det som vert kalla sjukepleiepraksisar verkar (teori om praksis). Teori OM praksis vil ofte utfordre og krenke eksisterande oppfatningar, fordi studiane kan kome til å vise at praksisar ikkje nødvendigvis er slik som me trudde. Som då me fann ut at jorda ikkje var flat, men rund osv. 

Det kan diskuterast kva slags tematikkar bachelorprogram i sjukepleie treng forsking om. Tradisjonelt har sjukepleieutdanning og sjukepleieforsking vore tett kopla til spesialisthelsevesenet sine diagnosesystem. Dersom dei politiske intensjonane om nedbygging av spesialisthelsetenester og oppbygging av kommunehelsetenester skal realiserast, er det vel på sentrale pleieområder i kommunehelsetenester forskingsinnsatsen bør leggjast? Slike tenester er ikkje bygd opp etter medisinske diagnosar. På tvers av diagnosar arbeider pleiarane med ernæring, munnstell, pleie av hud, hår og sår, eliminasjon av urin og avføring, medikamenthandtering, aktivitet, søvn og kvile og administrasjon/koordinering av tenester. Bachelorstudentar i sjukepleie vert ofte både overraska og fortvila over kor lite forsking det fins om praksisar som er heilt sentrale i pleiekvardagen.

Endra tilsettingspolitik

Dei som vert tilsett for å undervise i den praktiske delen av studiet vil vel trenge relevant erfaring frå helsevesenet? Det er vel ein fordel men ikkje nødvendigvis eit krav i eit bachelorprogram, at også dei som underviser i den teoretiske delen av studiet har utdanning og erfaring som sjukepleiar. For eksempel har legar vore brukt som undervisarar i sjukepleieutdanningar i heile sjukepleiefaget si historie, og sidan utdanninga i dag er ein bachelorgrad, må ein kanskje forvente at det kan vere rom for at andre akademikarar med teoretisk kompetanse også kan ha ein plass i sjukepleiestudiar. For eksempel antropologar, sosiologar, juristar, historikarar osv. 

Dersom same lærar (gruppe) underviste om sine tematikkar på tvers av årseiningar og akademisk nivå, ville ein legge grunnlag for nivåtilpassa undervising og hindre overlappingar. Men dette krev at den teoretiske delen av studiet vert bygd opp som fagdisiplinar. Ein disiplinbasert tilsettingspolitikk kunne også legge grunnlag for tverrfagleg, tverrsektorielt og internasjonalt forskings- og undervisingssamarbeid. 

Å tenke på tvers er aktualisert i samband med fusjonering og samanslåingar av høgskular og universitet. Sjukepleiefaget har jo allereie ei rekkje disiplinar felles med andre fag. For eksempel pasientologi (viten om pasientar), curologi (viten om omsorg), somologi (viten om levd kropp), antropologi (viten om menneske og kulturar), praxeologi (viten om praksisar) osv., men bachelor i sjukepleie vert ikkje bygd opp kring disiplinar, slik ein gjer i mange andre fag som tildeler en akademisk grad. Disiplinbasert undervising bør vel vurderast om ein vil ta bachelorutdanning i sjukepleie på alvor. På det viset viser ein optimal respekt både for dei som kan praksis og for dei som kan teori om praksis. 

Ein blir ikkje dyktig utøvande sjukepleiar av å fordjupe seg i teori, men ein dyktig teoretikar.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse