fbpx Er RETHOS-varianten av sjukepleieutdanning ei yrkesfagleg utdanning eller ein bachelorgrad? Hopp til hovedinnhold

Er RETHOS-varianten av sjukepleieutdanning ei yrkesfagleg utdanning eller ein bachelorgrad?

Korleis utdanningsinstitusjonane realiserar den nye forskrifta for sjukepleieutdanning, kan vere avgjerande for sjukepleiefaget si framtid i akademiske gradssystem, skriv Jeanne Boge og Karin Anna Petersen.

RETHOS er ei avkorting for nye nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfaglege utdanningar. I forlenginga av RETHOS er det utarbeidd ei nasjonal  forskrift for sjukepleieutdanning. Formålet med RETHOS er å gjere utdanningane likare, meir framtidsretta og i tråd med tenestene sine kompetansebehov og brukarane sine behov.

I eit lengre perspektiv er formålet med RETHOS å redusere bruken av rammeplanar og i større grad overlate utviklinga av læringsutbyte til eit samarbeid mellom utdanning og næringsliv. Ved å redusere ulikskapane mellom profesjonane kan arbeidskrafta bli meir fleksibel og betre tilpassa neoliberale styringsideal.

RETHOS er eit output- /sluttkompetansebasert styringsverktøy. Det vil sei at RETHOS skildrar kva kandidaten kan når vedkomande får tildelt bachelorgraden, og ikkje kva kandidaten måtte gjere for å oppnå ein bachelorgrad.

Staten vil ha større nasjonal styring med utdanningane

Bakgrunnen for RETHOS er at staten vil ha større nasjonal styring med helse- og sosialfaglege utdanningar, og at helse- og velferdstenestene vil ha meir innverknad på innhaldet i helse- og sosialfaglege utdanningar, slik at nyutdanna kandidatar i større grad er førebudde på arbeidsoppgåvene og arbeidsmåtane i helse- og velferdstenester.

Ein annan argumentasjon for RETHOS er at gjeldande rammeplanar avgrensar den faglege fridommen til institusjonane og hemmar nytenking.

  • Paradoks I: Auka ulikskap mellom bachelorutdanningar i sjukepleie

Det er eit paradoks at formålet med RETHOS er reduserte ulikskapar mellom helse- og sosialfaglege utdanningar, samstundes som RETHOS inneber institusjonell fridom og styrking av lokal profil. Denne fridommen vil høgst sannsynleg auke ulikskapane fordi den enkelte utdanningsinstitusjon sjølv avgjer kva som skal vere innhaldet i utdanninga.

  • Paradoks II: Den lokale fridommen omfattar ikkje praksisstudiar

Det er vidare eit paradoks at RETHOS, som er basert på sluttkompetanse, omfattar detaljerte føringar for kor lenge dei ulike studentane skal vere i praksis, og kvar dei skal vere. Her er det med andre ord ikkje rom for lokal fridom.

Ifylgje RETHOS skal bachelorstudentar i sjukepleie ha praksis tilsvarande 50 % av studiet / 60 veker / 90 sp / 1,5 år, medan dei fleste andre helse- og sosialfaglege bachelorutdanningar har 20–24 veker praksisstudiar (om lag eit halvt år).

RETHOS omfattar ingen argumentasjon for kvifor bachelorstudentar i sjukepleie skal ha mykje meir praksis enn andre bachelorstudentar i sjukepleie. Helseprofesjonane som sjukepleiegruppa skal samarbeide med, har hatt høve til å arbeide mykje meir med teori enn sjukepleiegruppa.

  • Paradoks III: Retningslinjene legg ikkje til rette for tverrfagleg samarbeid

Føresetnaden for tverrfagleg samarbeid er at ulike fagpersonar er trygge på kva som er deira fag, og at faget har ein eigenlogikk og relativ autonomi. Faget sjukepleie er mest usynleg i dei nye nasjonale forskriftene for sjukepleieutdanning. Såleis legg ikkje dei nye nasjonale retningslinjene til rette for tverrfagleg samarbeid.

Kva er ein bachelorgrad?

Me har ved fleire høve drøfta bachelorutdanning i sjukepleie med utgangspunkt i den norske rammeplanen for sjukepleieutdanning frå 2008. I den samanheng har me blant anna problematisert tilhøvet mellom teori og praksis.

I dei nye nasjonale retningslinjene for sjukepleieutdanning er det spesielt tilhøvet mellom sjukepleie som bachelorgrad og arbeidsgjevar sine interesser som er problematisk.

Medan ei yrkesfagleg utdanning på vidaregåande nivå gir kompetanse som kan brukast direkte i arbeidslivet, er bachelorgradar utdanningar som er basert på vitskaplege teoriar som har til formål å forklare kvifor praksisar er som dei er.

Forsking skal ikkje styre praksis, og praksis skal ikkje styre forsking.

Det kan skape undring i den vitskaplege verda, som ein gjerne samanliknar seg med og vil vere ein del av, at arbeidsgjevar sine interesser er avgjerande for korleis ein utformar bachelor grad i sjukepleie, då bachelorutdanningar er vitskapsbundne, ikkje profesjonsbundne.

Akademiske gradar fordrar relativ autonome utdanningar, sjølvkritikk og ei sjølvdefinert forståing av faget. Forsking skal ikkje styre praksis, og praksis skal ikkje styre forsking. Det er to autonome instansar med kvar sin eigenlogikk som kan utfordre og befrukte kvarandre.

Legefaget og sjukepleiefaget er komplementære

Ei vitskapleg utdanning vil alltid utfordre det herskande doxa; det vil sei den herskande meining om ei sak. Medan legar gjerne har grunngjev faget sitt naturvitskapleg, er grunngjevingane i sjukepleiefaget i større grad humanistiske og samfunnsvitskaplege.

Det vil sei at faga er komplementære. Dei utfyller kvarandre som vitskaplege utdanningar (bachelor-master- og ph.d.-grader) og i praksisfeltet (den medisinske klinikk og kommunale helsetenester).

Norsk sjukepleie har til ein viss grad lukkast med å utvikle teori om pleie og omsorg ut ifrå ein modell som liknar den medisinske, for eksempel gjennom livskvalitetsstudiar. Sjukepleie har også utvikla ein filosofi om omsorg og om sjukepleie gjennom humanistiske og teologibaserte studiar.

Norsk sjukepleie har i mindre grad generert vitskaplege studiar om sjukepleie med utgangspunkt i samfunnsvitskaplege teoriar som kan utfordre og forklare sjukepleiepraksisar.

I dei nye forskriftene er sjukepleie som vitskapleg fag fråverande, men dei gir eit visst rom for å bygge opp den teoretiske delen av ein bachelor i sjukepleie i lys av vitskaplege teoriar. Institusjonane si realisering av forskrifta kan vere avgjerande for sjukepleiefaget si framtid i akademiske gradssystem.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse