Vi skal ikkje slå sorga. Vi skal leve gjennom ho
I møte med sorg, sakn og smerte finst det ofte menneske rundt oss som òg gjer sitt beste for å stå han av. I dette fellesskapet ligg mykje av krafta til å leve – ikkje meistre – livet.
«Livet skal grunnleggande sett levast, ikkje meistrast,» skriv filosofen Frode Nyeng. Denne setninga rommar mykje livsvisdom og fekk meg til å tenkje på ein kar som hadde fått kjenne motbakkane i livet på kroppen. Då eg spurde korleis han hadde det, svarte han roleg: «Eg står han så vidt av, veit du.»
Han fortalde at nokon nett hadde spurt om han «meistra sorga» si. «Eg visste ikkje kva eg skulle seie til det,» la han til. Noko i røysta hans tydde på at spørsmålet kjentest framandt, som om det var meint for ein annan arena enn den han sjølv var i.
Ordet livsmeistring blir fort ei klam tvangstrøye
Det er greitt å snakke om meistring når det gjeld å symje, køyre bil og andre praktiske oppgåver. Men når det kjem til livet, til sorg og tap, blir ikkje ord som «livsmeistring» og «sorgmeistring» fort ei klam tvangstrøye?
Kvar kjem desse orda frå? Kanskje har dei snike seg inn frå det engelske «coping», som opphavleg kjem frå gammalfransk og betyr å kjempe, fekte seg gjennom noko. Når «coping» på norsk blir «meistring», får det ein klang av å skulle lukkast med noko. Men i livets djupare dalar er det sjeldan ein slik siger vi treng. Vi skal ikkje slå sorga. Vi skal leve gjennom ho.
Vi er sjeldan heilt åleine
«Handtere» er difor kan hende eit betre norsk ord. Det fortel at vi prøver å kome oss gjennom noko vanskeleg, utan kravet om å meistre det til perfeksjon. Når det verkeleg røyner på, kan det vakre, norske uttrykket «å stå han av» hjelpe oss å forstå at det av og til er nok å halde ut – å bli ståande, trass alt.
Og midt i alt det tunge er det verdt å minnast at vi sjeldan er heilt åleine. Som det heiter i ein velkjend song: «You'll never walk alone». I møte med sorg, sakn og smerte finst det ofte menneske rundt oss som òg gjer sitt beste for å stå han av. I dette fellesskapet ligg mykje av krafta til å leve – ikkje meistre – livet.
0 Kommentarer