Vår Erik skulle fått ein sjanse til. Dei skulle ha lytta til meg som pårørande
Det nærmar seg jul igjen. Den sjette jula utan vår Erik. Den 19. mars i 2019 tok han sitt eige liv i heimen vår. Han blei psykisk sjuk og innlagt på psykiatrisk avdeling. Han var heime på permisjon då han døydde.
Nullvisjonen seier at vi har ingen å miste. Likevel dør 600 til 700 årleg i sjølvmord. I år er talet på sjølvmord høgare enn på lange tider. Vår Erik skulle ha fått ein sjanse til. For eg trur eigentleg ikkje at han ville døy. Han orka berre ikkje å leve meir. Akkurat då.
Om Erik fekk ein sjanse til, så kunne utfallet med stor sannsyn ha blitt eit anna. Det er ikkje berre eg som pårørande og etterlat som seier dette. No, fem år seinare, får eg full støtte frå sakkyndig i Norsk pasientskadeerstatning.
Lytt!
Spesialisthelsetenesta skulle ha lytta til meg som pårørande. Dei skulle teke bedre vare på meg og våre to små jenter då det storma som verst. Ja etter stormen og for den del.
Som pårørande , etterlaten, mor til etterlatne og som fagperson, sit eg att med tusen tankar og spørsmål. No vil eg dele det eg brenn mest for – med dykk fagfolk og politikarar. Og dei som vil lytte. Ikkje for at me får vår Erik tilbake. Men for at me tek lærdom. Slik at dei andre som framleis lever, kan få ein sjanse til. Og slik at me som sit att, får betre hjelp til å meistre livet vidare. Då kan me komme eit steg nærmare nullvisjonen. Trur eg.
Erik.
Vår Erik blei sjuk på denne litt uforståelege måten. Ein sjukdom som ikkje viser på blodprøver og røntgen. Han blei søvnlaus. Grubling og vonde tankar tok overhånd. Utad var han god til å skjule sjukdommen sin. Likevel hadde han samtidig klassiske raude flagg som me med arbeidserfaring frå psykiatri burde sjå og gjenkjenne.
Som par var me ikkje på den beste plassen i samlivet. Eller var det Erik sin sjukdom som øydela for oss? Eg trur Erik sleit lenge før nokon av oss rundt han forstod. Eg trur ikkje han forstod det sjølv eingong. Å snakke om psykisk helse var liksom ikkje noko for han. Eg trur Erik skulle hatt hjelp mykje tidlegare. Han stressa med omorganisering på jobben og kva han skulle gjere med garden i heimbygda Vågå. Faren døydde brått nokre år i forvegen. Han blei uroleg, mistenksam og redd. For både rasjonelle og urasjonelle ting. Siste halve året blei han sjukemeld. Livet blei gradvis meir og meir vanskeleg for småbarnsfaren. Siste halve året var han mykje sjukemeld.
Ei rastlaus sjel og ein grublar var han vel all sin dag. Men til slutt kjente eg nesten ikkje att mannen eg budde saman med. Han leita desperat etter å finne ein fysisk sjukdom å skulde for uroa han kjente på.
Utruleg nok gikk han med på innleggelse. Eg hugsar det godt. Aldri før har det vore så lett å få ein legetime. Noko hadde dei nok allereie forstått på legesenteret. Erik hadde vore mykje innom legen siste tida. Han blei innlagt ein fredag på akuttpsykiatrisk avdeling. Eg påstår at dei la han inn fordi eg sa dei skulle gjere det. Eg hadde ikkje trudd det, men då var det som at alvoret verkeleg gjekk opp for meg. Det var likevel ein stor lette. Endeleg skulle me få hjelp. Endeleg skulle eg ikkje stå so åleine. Endeleg kunne eg kanskje få puste litt, og roe ned. Saman med dei små jentene våre.
Dog var det ikkje lenge Erik ynskte å vere innlagt. Innleggelsen var frivillig, og han ville vere heime. Eg sette difor hardt mot hardt. Eg sa både til Erik og behandlar at om Erik kom heim før han hadde fått hjelp, så kunne ikkje eg og jentene bu der med han. Det blei som eit ultimatum der eg var den slemme. Det var knalltøft. Erik forstod det ikkje. Han var jo sjuk. Behandlar argumenterte med at Erik berre blei dårlegare. Han fant ikkje roen på behandlingsplassen. Dei visste ikkje kva dei kunne gjere for han. Kanskje ville han få det betre heime? Eg held på at Erik var for sjuk til å vere heime. Eg held på at Erik ikkje fant roen nokon plass. Det var jo difor me søkte hjelp. Permisjon var stadig oppe som eit spørsmål. Eg sa klart ifrå at eg ikkje makta å passe på ein så sjuk mann. Til slutt fekk likevel Erik viljen sin. Han måtte få lov å reise heim ei helg for å feire min 40 årsdag. Sjølv om dei presiserte at alt var på frivillig basis, blei eg forsiktig oppmoda om å passe på og ikkje la han gå mykje åleine. Passe på kva lurer eg? Om ikkje det var fare for liv og helse dei tenkte på. Det er noko med den elefanten i rommet altså.
Avtalen var at han Erik skulle tilbake til behandlingsstaden på søndagen, etter feiringa. Det var vanskelege og tunge dagar. Erik ville på ingen måte tilbake til behandling. Måndags morgon sendte eg jentene våre på skulen. Deretter forlot eg heimen vår slik eg hadde sagt eg kom til å gjere. Det første eg gjorde, var å svinge ut på ein busslomme. Eg ringte både til politi og behandlar og sa at eg var djupt bekymra. Spørsmålet om tvang var oppe har eg høyrt. Men I samråd med kommunelege blei det konkludert med at Erik ikkje oppfylte kriteria.
Eg informerte nokre venner. Eit par kompisar var med Erik ein stor del av tida. Eg trur dei var livredde og fortvila. Det blei gjort avtale om at kompisane skulle køyre Erik tilbake til behandlingsstaden på tysdag. På tysdags formiddag ringte kompisen meg. Bagen stod ferdigpakka, men han fant ikkje Erik. Eg beheld roen, men innerst inne visste eg kva som han hadde skjedd. Eg køyrte heimatt. Eg visste kvar han var før me fant han. Me fant vår Erik livlaus, rett før politi og ambulansar kom på tunet. Erik hadde teke livet sitt.
Eg var så sikker på at Erik hadde skrive brev og blei litt overraska då eg ikkje fant noko. Erik fortalte meg før permisjonen at han hadde skrive avskjedsbrev. Eg har ikkje tal på kor mange gonger han sa at han skulle ta livet sitt. For så å tulle det vekk neste gang. Eg blei nesten immun mot at han sa det. Det blei sagt at dei som går og seier det heile tida, sjeldan gjer det, men det var heller ikkje garanti for at ikkje det kunne skje. Breva kom politiet med nokre dagar seinare. Erik hadde dei på seg då han blei køyrt til obduksjon.
Eg forstår ikkje heilt at dette kom som eit sjokk. Før eg fekk bekrefta det, så visste eg kva han hadde gjort. Eg visste at han hadde skrive brev, og eg visste kva som kom til å stå der. Ikkje fordi eg på nokon måte er overtruisk. Eg visste det fordi eg kjente sambuaren min såpass godt. Dei skulle ha høyrt på meg.
For meg var, og er, det ubegripeleg at ikkje behandlar såg kor sjuk Erik var. Kan det vere litt slik, at me fagfolk ser oss litt blinde på menneska me møter? Eg trur det. Då er det viktig at me lyttar til, og tek vare på, pårørande.
Me skal på ingen måte sluke rått alt som pårørande seier. Me fagfolk har ikkje alltid plikt eller rett til å informere pårørande om alt. Me skal ikkje la pårørande bestemme. Nokon gonger må me skjerme tenestemottakarar frå pårørande, Nokon gonger motsett. Men me fagfolk må og skal lytte til pårørande. Det kan vere livsviktig. Det er ein erfaring eg sjølv har gjort meg.
Eg var ein sliten pårørande. Eg trur eg var ein avskrudd pårørande. Likevel trur eg at eg verka som ein «profesjonell pårørande». Eg blei meste delen av tida vist stor tillit. Kanskje alt for stor tillit. Eg føler av og til at alt stod og falt på meg. Det var som om at når eg gav opp, så gav alle opp. Det var og er ein tung byrde å føle på. Eg skulle ønskt spesialisthelsetenesta hadde bretta opp armane og sagt: «no tek me det frå her. Ta vare på deg sjølv og dine små i staden».
Eg har hatt mange og lange samtaler med spesialisthelsetenesta etter at Erik døydde. Eg har fått høyre at det som skjedde, var forferdeleg leitt. Eg har fått høyre at eg var sterk og tydleg som pårørande, og eg har fått beskjed om at eg ikkje på nokon måte skal klandre meg sjølv. Eg har mildt og forsiktig blitt møtt med at dei som vil, dei får det til. Når eg har sagt at eg var jo livredd og bekymra, har eg blitt møtt med at det er lett å vere etterpåklok. Eg har blitt fortalt at lovverket dessverre øydelegg og gjer det nesten umogleg å bruke tvang. Eg har blitt møtt med at sjølvmordet kom som eit sjokk for dei som jobba rundt Erik. Eg har blitt møtt med at av og til, så berre skjer det verste. Heilt uventa.
Men burde dette verkeleg komme heilt uventa, og som eit sjokk? Eg har prøvd å slå meg til ro, og eg har nærmast innfunne meg med at eg skulle legge dette frå meg. Men så har eg liksom ikkje fått fred. Eg er ikkje eit sekund i tvil på at dette var ein tragedie for dei som jobba rundt Erik. Som fagperson får eg så vondt av dei at eg har tenkt eg må la dette passere. Det kunne fint ha vore meg som var ein del av teamet. Samtidig har det vore litt vanskeleg for meg som pårørande å få lagt desse orda i min munn. At ingenting meir kunne gjerast. To jenter sit att utan pappaen sin i livet. Eg kan ikkje ha dette usagt.
No, fem år etter sit eg altså med eit svar frå Norsk pasientskadeerstatning som støttar meg i det eg har sagt. Eit svar som seier at her var det svikt i behandlinga. Eit svar som og seier at behandlar med lova i hand, kunne ha brukt tvang. Eg veit ikkje. Det er vondt å lese. Samtidig er det ein lette at ein sakkyndig bekreftar det som eg har sagt og tenkt. Vår Erik skulle ha fått ein sjanse til.
Eg og mine sit igjen med sår som nok aldri heilt vil gro. Me treng å passast på. Me treng til tider profesjonell hjelp Spesielt er unge etterlatne sårbare og i risikosona. Dei er ekstra utsett for sjølv å utvikle psykososiale utfordringar. Dei har og høgare risiko for sjølv å ta livet sitt. Problem relatert til tapet kan komme mange år seinare. Det skal og må ikkje skje jentene mine noko. Førebygging og plastring er viktige tiltak på sår som ikkje vil gro. Førebygging kan vere alfa og omega for at eit etterlate barn lærer å meistre livet. Desverre er hjelpetilbodet varierande rundt om i landet. Dessverre opplever fleire etterlate at dei får mangelfull hjelp. Dette må bli betre. Eg håpar og trur at dette er eit fokus og eit satsingsområde.
Jula nærmar seg, ja. Eit nytt år nærmar seg. Kva vil eg eigentleg med dette? Eg har gått mange rundar med meg sjølv. Eg har jo dessverre ingen store revolusjonerande svar og fasitar. Men det eg veit, er at kunnskap, hjelp og prosedyrar satt og utført i system,kan redde liv. Det eg veit er, at alle som er i posisjon, må gjere noko. Det eg veit, er at god oppfølging og førebygging kan redde liv. Det eg veit, er at god kunnskap og god kompetanse finst der ute. Den må me formidle ut til kvar ein krinkel og kvar ein krok i landet. Dei gode folka er der, og det treng ikkje ein gang å koste så mykje. Ein «standardpakke» kan gjere susen i mange tilfelle. At hjelpa er der når såret opnar seg, er og avgjerande. Ein god sjukepleiar sa me kan samanlikna det å vere etterlaten med ein hjartefeil. Ein årleg innsjekk eller to for å sjå på såra. Det kan forebygge mykje.
Det eg veit, er at vår Erik skulle fått ein sjanse til. Og fleire med han. Det eg veit er at dei skulle ha lytta til meg som pårørande. Måtte 2025 bli eit betre år. Det eg veit, er at me har ingen å miste.
0 Kommentarer