fbpx Har nordmenn gått tomme for «bullshit-filter»? I så fall er det på høg tid Hopp til hovedinnhold

Har nordmenn gått tomme for «bullshit-filter»? I så fall er det på høg tid

Bildet viser et portrett av Ida Giske

Nordmenn toler meir maktmisbruk enn vi trur  og mindre rettferd enn vi burde. Når byråkratane tener systemet i staden for menneska, står tilliten vår i fare for å rakne.

Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens holdning og meninger.

Vi bur i eit land vi er stolte av – med høge fjell, djupe fjordar, ville hav og magisk natur. Eit land med pengar og ressursar i overflod, men med manglande vilje til å satse på menneska som har satsa på landet. På dei som kvar dag satsar på liv og helse i eit overbelasta helsevesen.

Har sosialdemokratiet utspelt si rolle?

Fleire fell utanfor, og skilnadene mellom topp og botn veks. Vanlege folk greier ikkje lenger å forsørge seg sjølv og familien – sjølv med to inntekter. Det blei aldri vanlege folk sin tur. Det blei vanlege folk sin tur til å betale: meir for mat, drivstoff, husleige, helsehjelp – meir for å dekke dei mest grunnleggjande behova for å leve, eller rett og slett overleve.

Alt dette skjer i det demokratiske Noreg, under ei sosialdemokratisk regjering.

Blir du sjuk og treng behandling, må du betale meir. Treng du spesialisert hjelp, må du vente. Treng du dyr medisin, må du kanskje finne deg i å døy – for er medisinen for dyr, får du den ikkje. Dette skjer i eit land der statskassa renn over av pengar.

Avsløringane i Helse Nord har fått sinna til å koke – ikkje berre nord for Trondheim, men i heile landet.

Av og til må ein stikke fingeren i jorda og erkjenne galskapen før ein blir avslørt. Og avslørt har dei blitt – toppane i helseføretaka. Tatt med buksene nede i beste sendetid. Inntulla i millionlønar og New Public Management, der pasientar blir omtala som kundar og sjukehus som butikkar.

Men pasientar er ikkje varer. Dei er menneske i krevjande livssituasjonar som treng hjelp – i eit land som har råd til å hjelpe. Det er ikkje rart folk er forbanna. Det er vi med god grunn. Cut the crap!

Finst det korrupsjon i Noreg 

– eller skjer det så opent at ingen trur det?

Det heiter at «fisken er den siste som merkar vatnet». Slik verkar det òg i helsevesenet. Dei som jobbar i dei byråkratiske boblene sine, ser ikkje galskapen. Dei registrerer ikkje at pasientane dei er sette til å tene, tapar på alle frontar – og i dragsuget tek dei med seg legar, sjukepleiarar og andre fotsoldatar i helsevesenet.

Byråkratane har gløymt oppgåva si. Dei prioriterer ikkje det viktigaste: å hjelpe sjuke og skadde menneske.

I staden er dei opptekne av budsjettprosessar, eigne lønningar og prioriteringar på toppen – fordi dei kan og trur ingen ser kva dei driv med.

I Helse Midt har dei innført eit system som er verdskjent for å ikkje fungere – Helseplattformen, også kalla «systemet med dei tusen klikk». Prislappen er no anslått til minst 14,7 milliardar kroner. Det er 774 gonger så mykje som Syver frå «Team Pølsa» samla inn til forsking på barnedemens.

Eit leiingsproblem

Eva Joly, ei av dei klåraste røystene i kritikken, har fleire gonger peika på at Helseplattformen er eit leiingsproblem og ikkje eit teknisk problem. Ein ukultur der risiko blir bagatellisert og kostnadane flytta over på pasientar og tilsette.

Det verste? Dette skjer i dei fleste offentlege etatar i Noreg.

Eg trur det er fordi vi er eit samfunn basert på tillit. Ein tillit som no er broten. I eit system der dei som vågar å stå opp mot galskapen blir sabla ned, knebla, latterleggjort – eller sett i skammekroken.

Det som skjer, er rett og slett skremmande. Og det liknar på ting vi helst ikkje vil samanlikne oss med. Eller?

7 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Rannveig

Sykepleier
10 hours 22 min siden

👏👏👏

Anne-Karin

Spes.sykepl.
7 hours 36 min siden

Tommel opp for innlegget!

Stein Høyer

Pensjonert sykepleier
7 hours 42 min siden

Er så hjertens enig med innleggsforfatteren her!

Marcela

Spesialsykepleier
7 hours 33 min siden

Det er fint at du klarte å få det fremstår som vi andre påpekte så mange år, ble hånet, ødelagt, knust så mange ganger bare fordi vi ser det galskapen som foregår i det offentlige helsevesenet I Norge. Stor skam det hele, rundt overalt!

Peggy

Intensivsykepleier
7 hours 33 min siden

Det er så utrolig akkurat skrevet. Og systemet med helseforetak får lov å bare rulle på!!!

Renate

Spesialsykepleier
6 hours 35 min siden

Tilstanden i dag godt beskrevet!

Mette

Sykepleier
4 hours 40 min siden

Amen 🙏

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Fagsjef
Sykepleier
Kjøp annonse

Quiz

Annonse
Annonse