fbpx Å gjere ei profesjonsutdanning meir og meir teoretisk er ikkje det same som å gjere den betre og betre Hopp til hovedinnhold

Å gjere ei profesjonsutdanning meir og meir teoretisk er ikkje det same som å gjere den betre og betre

Bildet viser forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel

Trøen og Høgre nedvurderer kompetansen til alle dei sjukepleiarar som er utdanna utan karakterkrav.  Ho ser ikkje at det å løfte meir erfaringsbasert kunnskap inn i utdanningane, ikkje handlar om å bygge ned kvalitet, men å styrke kvaliteten.

Tone Trøen pratar i sjablongar og store bokstavar når ho skal beskrive regjeringas grep for å møte dei store rekrutteringsutfordringane i helsevesenet. Eg meiner ho overdramatiserer og overdriv, både når ho omtalar dei positive effektane av hennar politikk og dei negative konsekvensane av vår politikk. 

Tone Trøens innlegg i Sykepleien ber i høgste grad preg av dette. 

Trøen ser ut til å meine at grepa vi tek for å gjere sjukepleiarutdanningane meir tilgjengelege og praksisnære, vil ha revolusjonære og dramatiske konsekvensar. Det er ikkje måte på kva som no vil skje. 

Den litt keisame sanninga er at korkje grepet med å fjerne karakterkrav eller å gjere utdanningane (endå meir) praksisnære er i nærleiken av å vere så dramatiske som Trøen gir inntrykk av. I realiteten foreslår vi nokre moderate, men etter vårt skjøn heilt naudsynte, grep for å sikre rekrutteringa og kvaliteten i sjukepleiarutdanningane. 

For det første, skriv Trøen, må karakterkrava bli verande fordi «kompetansen sykepleierstudenten har ved studiestart, har betydning for sluttkompetansen, og det er flere som gjennomfører etter at karakterkravene ble innført». Sjølvsagt har karakter frå vidaregåande noko å seie for kor gode sjansane dine er for å lykkast i høgare utdanning. Men betyr ein svak mattekarakter i vidaregåande, som kan vere teken for mange år sidan, at du ikkje har ein sjans til å bli ein god sjukepleiar?

Ikkje berekraftig

Beate Marie Nilsen frå Steigen er eit døme på ein slik student. Ho har jubla for moglegheita til å fullføre sjukepleiarutdanninga ho starta på for tjue år sidan. Ho er utdanna barnehagelærar, jobbar fulltid på sjukeheim og er toppmotivert for ein jobb som sjukepleiar. Men ho manglar éin karakter frå vidaregåande. Eg meiner vi må opne dørene for slike som Beate. Trøen meiner at det å sleppe inn Beate, og andre i hennar situasjon, er eit trugsmål mot pasienttryggleiken. 

Det overveldande fleirtalet av sjukepleiarar i Noreg er utdanna før det vart innført karakterkrav. Er dei som er uteksaminerte før 2022, ein fare for pasientane?

Det som er eit tydeleg trugsmål mot pasienttryggleiken, er mangel på sjukepleiarar. Det står no om lag 900 tomme studieplassar på sjukepleiarutdanningane rundt om i landet. Å halde motiverte søkarar som Beate ute, i ein slik situasjon, er ikkje berekraftig. 

Fleire sjukepleiarstudentar enn før gjennomfører studiet på normert tid. Det er særs positivt. Men vi må huske på følgande: 

  • Trenden starta før karakterkravet vart innført: Dei fire siste kulla før karakterkravet viste ein jamn auke i fullføring på normert tid, frå 61 prosent hos 2015-kullet til 65,5 prosent hos 2018-kullet. 
  • Trenden er ikkje unik for sjukepleiarstudiet: For alle treårige bachelorstudium har fullføring på normert tid gått opp.

Sjølv med karakterkrav har fleire sjukepleiarutdanningar dei siste åra hatt store utfordringar med høg strykprosent. Men vi ser at utdanningane kan snu ein slik situasjon med å setje inn målretta tiltak. Eit døme: I 2021 strauk 53,6 prosent av sjukepleiarstudentane ved UiT campus Harstad i faget anatomi, fysiologi og biokjemi. Universitetet sette då inn pedagogiske tiltak. I 2023 strauk berre 9 prosent av studentane. 48 prosent fekk karakteren A eller B.

Betre koplingar mellom teori og praksis 

Karakterkrava gjeld for «politifolk, lærere, ingeniører og for sykepleiere, enn så lenge», skriv Trøen. Opptakskrava til politiutdanninga er så spesielle at det er temmeleg meiningslaust å dra denne utdanninga inn i samanlikninga. For lærarutdanningane landa vi i opptaksmeldinga på å innføre ei moglegheit for dispensasjon frå krava, men å behalde dei på generelt nivå inntil vidare. Gjennom dispensasjonar kan vi få viktig lærdom om effektane av karakterkrava . 

Trøen hevdar at det finst karakterkrav for ingeniørutdanningane og spør om det er «viktigere for regjeringen at ingeniørene regner riktig når de skal bygge bygg og broer, men ikke så nøye at sykepleiere regner korrekt medisindosering til syke pasienter?». Eg vil no hevde at begge deler er viktig. Det er stort skadepotensial i bygg og bruer som dett ned. Likevel er det altså ikkje noko nasjonalt karakterkrav på ingeniørutdanningane slik Trøen ser ut til å tro at det er. 

For regjeringa er det eit viktig mål å skape betre koplingar mellom teori og praksis i profesjonsutdanningane. Derfor vil vi styrke den erfaringsbaserte kunnskapen, gi fagmiljøa større handlingsrom og gjere det mogleg for fleire å utdanne seg til desse viktige yrka.

Dette handlar om både lærar- og sjukepleiarutdanningane, det er det viktig å hugse på. Mange studentar i profesjonsutdanningane beskriv eit praksissjokk når dei startar i jobb. Studentar slit med koplinga mellom ein del av teorien og praksis – det må bli betre. Vi vil løfte meir av den erfaringsbaserte kunnskapen inn i utdanningane. Vi gjer vegen enklare inn for dei med erfaringskunnskap, både inn i studiar og til å utdanne morgondagens sjukepleiarar og lærarar.

Vi tek fleire grep

Mange av tilbakemeldingane vi har fått, går ut på at det blir lagt for lite vekt på den erfaringsbaserte og praksisnære kunnskapen. Derfor tek vi fleire grep for at utdanningane skal bli endå meir relevante for studentane og yrket dei skal ut i. 

Trøen og Høgre nedvurderer kompetansen til alle dei sjukepleiarar som er utdanna utan karakterkrav. Ho ser ikkje at det å løfte meir erfaringsbasert kunnskap inn i utdanningane, ikkje handlar om å bygge ned kvalitet, men å styrke kvaliteten. Å gjere ei profesjonsutdanning meir og meir teoretisk, er ikkje det same som å gjere den betre og betre.

Kompetente sjukepleiarar er heilt avgjerande for pasienttryggleiken og kvaliteten på helsetenestene. Der er Trøen og eg, og dei aller fleste andre får ein tru, heilt samde. At over 900 fleire har søkt sjukepleiarutdanningane som førsteval i år, er utruleg gledeleg. Våre forslag til Stortinget handlar om er å gjere denne viktige utdanninga tilgjengeleg for fleire, løfte meir av den erfaringsbaserte kunnskapen inn i utdanningane og sikre at framtidas sjukepleiarar har mange nok kollegaer. 

At mangel på sjukepleiarar er det store trugsmålet mot pasienttryggleiken, bør òg dei fleste kunne vere samde i. 

3 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

M. Hagerup

Operasjonssykepleier
7 months 1 week siden

Oddmund Hoel TAKK !

Tove Aminda Hanssen

Professor i sykepleie/ Forskningssykepleier
7 months 1 week siden

Interessant at vår nye minister nedvurderer akademisk kompetanse hos sykepleiere og trolig også hos andre helseprofesjoner når det i andre land, for eksempel England over år er iverksatt strategier for å styrke denne kompetansen. Dette begrunnet i at økt forskningskompetanse blant personalet gir bedre kvalitet i pasientbehandlingen uavhengig av om pasienter deltar i forskningen eler ikke. Skrev innlegg om dette i 2018 etter inspirerende forskningsopphold i England. https://sykepleien.no/meninger/leder-sykepleien-forskning/2018/04/sykep…

Astri

Sykepleier
7 months 1 week siden

Jeg hadde to i matte på videregående. 5 i alle andre fag. Har aldri taklet matte, mange vonde opplevelser fra skoletid hvor jeg har brukt lengre tid på å forstå matte. Bestod»medikamenten» på første forsøk og har B i snitt. På videreutdanningen har jeg bare B. Jobber i psykiatrien (glemmer man at ikke alle sykepleiere jobber på somatisk sykehus), og kan ikke si at 2 i matte gjør meg til en dårligere sykepleier. Til sammenligning har vi en sykepleier med master som ikke klarer å skape relasjon med pasienter. Overhode! Jeg samarbeider og mye med psykologer, og mange som sitter på mye kunnskap men er ikke egnet til å jobbe med mennesker som er psykisk syke. Er vel 5,5 i snitt eller noe for å komme inn på psykologi? Jeg er bare så lei av mangelen på ydmykhet for at ikke alle passer inn i et A4 utdanningsløp. Og at de kan være like dyktige, og også dyktigere enn de som mestrer alt innenfor akademia.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse