fbpx Ingen er fødde sjukepleiarar. Det er noko ein kan læra seg å bli Hopp til hovedinnhold

Ingen er fødde sjukepleiarar. Det er noko ein kan læra seg å bli

Bildet viser en sykepleier som snakker med en eldre pasient som smiler.

Finst «den fødde sjukepleiaren»? Etter mi meining handlar det mindre om kva utgangspunktet personen har og meir om kva dei sitt att med etter fullført utdanning, skriv stipendiat Cathrine S. Natterøy.

Det er ei oppfatning hjå enkelte innan sjukepleiefaget at ein lyt ha visse eigenskapar om ein skal eigna seg som sjukepleiar, som ein kan finne att i utsegn som å vera «den fødde sjukepleiar».

Eg vart ikkje fødd til å bli sjukepleiar. Eg hadde inga erfaring frå helse og omsorgssektoren ved oppstart av utdanninga. Dermed opplevde eg eit realitetssjokk då eg kom i første sjukeheimspraksis. Eg opplevde å få gamle, nakne kroppar altfor tett på. Det var ikkje noko spesielt imponerande over det eg presterte i starten. Eg behøvde tid. Etter kvart utvikla eg meg og fekk dreisen på det. Ikkje berre det praktiske, men også det å omgå pasientar på ein naturleg måte. Eg lærde meg det.

Personlege eigenskapar

I fleire land vert personlege eigenskapar vurdert før opptak til sjukepleiarstudiet. Dette for å finne dei kandidatane med dei rette verdiane og personlege eigenskapane som er viktige i yrket. Men kor viktig er personlege eigenskapar før oppstart på studiet, og i kor stor grad er dette noko som utviklast over tid?

Ein australsk studie frå 2014 viste at sjukepleiarstudentar ikkje endra sine personlege eigenskapar frå oppstart av studiet og fram mot uteksaminering. Her vart mellom anna empati, narsissisme og samvit målt. Dette vert brukt som argument for at enkelte personlege kvalitetar må vera på plass før oppstart av studiet. Ein kan undre seg over kva den konklusjonen betyr for idéen om å utvikla seg gjennom utdanninga.

Ein fersk britisk studie tidlegare omtalt av Khrono viser at medisinstudentar avlæres empati gjennom studiet. Med det utgangspunktet er det jo sjølvsagt; om det er mogleg å avlære empati så bør det gå an å læra seg det også. Elles har me eit alvorleg og destruktivt (dygds) etisk problem innan helseutdanningane.

Menneske har ulike utgangspunkt

Som profesjonell må ein kunne utøve empati og omsorg i situasjonen ein står i. Etter mi meining handlar det mindre om kva utgangspunktet personen har og meir om kva dei sitt att med etter fullført utdanning. Gjennom utdanninga kan ein bli lært til å opptre «kaldare» og meir distansert i pasientmøta. Resultatet kan då verta uempatiske profesjonsutøvarar.

Menneska er ulike, med ulike utgangspunkt. Det er store spenn frå blyge og forsiktige typar til andre som er meir utåtvende og frimodige. Det er plass til begge deler i sjukepleie. Likevel kan dette gje ei utfordring når ein skal utdanna og vurdera dei ulike studentane og korleis dei egna seg for yrket. Ein vurderer kor godt studentane tilpassar seg, viser omsorg, kommunisera med pasientar og så vidare. Det er vanskeleg å vurdere kva som kjem til å betre seg over tid og ikkje.

Me kjem ikkje vekk ifrå at nokre kanskje vil oppfattast som at dei passar godt til sjukepleiarrolla, la oss for morosamsskuld kalle dei «fødde sjukepleiarar». Ja, å kva ligg i den karakteristikken? Eg dristar meg til å kome med nokre eksempel på kvalitetar; ein person som er omsorgsfull, interessert i menneske, kunnskapsrik og har gode kommunikasjonsevner. Dette er fine eigenskapar, men neppe medfødt eller nødvendigvis knytt til sjukepleiefaget. Dei same eigenskapane passar også ypparleg i andre yrke. Eksempelet med å vera omsorgsfull betyr ikkje at ein skal jobbe med pasientar i helsevesenet.

Lyst og motivasjon

Grunnleggaren av moderne sjukepleie, Florence Nightingale, meinte sjukepleieyrket skulle vera eit kall frå Gud. Eit kall for å hjelpe andre og lindre liding. Dette er gammaldags tenking i 2023, men ikkje heilt absurd. Ein treng på ingen måte føle seg kalla frå Gud, men eg vil påstå at det viktigaste hos ein komande sjukepleiar er å ha lyst og motivasjon. Vidare, i løpet av tre års utdanning, skjer det mykje og ein utvikla seg inn i sjukepleiarrolla.

Om graden av empati og narsissisme vil vera lik eller endra seg gjennom livet avgjer ikkje det om ein kan gjera ein god jobb som sjukepleiar. Å vera empatisk og til stades i pasientsituasjonen kan ein lære seg. Det er det som er å vera profesjonell.

Innlegget ble først publisert av Khrono.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse