fbpx Utvida følgjeteneste kan gi tryggare fødslar Hopp til hovedinnhold

Utvida følgjeteneste kan gi tryggare fødslar

Schelderup og Sagabråten

Kvinnehelseaktørar hevdar at følgjetenesta i dag ikkje er god nok. Dei meiner ei utviding vil kunne sikre tryggare fødslar og redusere risikoen for transportfødslar.

Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens holdning og meninger.

I debatten om å endre grensa for følgjeteneste frå 90 til 60 minutt uttaler statssekretær Karl Kristian Bekeng at det ikkje er god nok dokumentasjon på at utvida rett til følgjeteneste gir reduksjon i risiko for mor og barn og at Helsedirektoratet sin konklusjon er at det ikkje er grunnlag for endring. 

Bekeng seier også at ein slik rett vil gå på kostnad av andre delar av svangerskap, fødsel og barselomsorga og poengterer at det vil vere dyrt. Dette er vi ikkje einige i.

Rapporten viser auka risiko for transportfødslar

Du må bestemme deg, Bekeng. Er det økonomi eller er det mor og barns beste som er avgjerande her? Du refererer til Helsedirektoratet sin konklusjon samstundes som du seier at det ikkje gir reduksjon i risiko. Det er direkte feil. I same rapporten skildrar nemlig Helsedirektoratet/Folkehelseinstituttet at «en avstand over 60 minutter fra fødeinstitusjon gir sannsynligvis en stor økning i oddsen for ikke-planlagt fødsel utenfor fødested, en liten økning i risiko for eklampsi/HELLP og kanskje en stor økning i risiko for igangsetting av fødsel».

Du har heilt rett i at vi ikkje har nok dokumentasjon på risiko for mor og barn som nyttar eller treng følgjeteneste, men da kan vi ikkje seie at tilbodet er godt nok i dag.

Følgjetilbodet når ikkje alle kvinner i dag

Det er også slik at reiseveg vert berekna utifrå kommunesentrum, og ikkje frå der kvinna bur. Fleire stader kuttar også følgjenesten. Vi har altså ikkje eit reelt tilbod om følgjeteneste for alle som bur over 90 minutt frå fødeinstitusjon i dag, sjølv utifrå dagens krav til minutt. Vi vil sikre ein trygg fødsel for alle og er bekymra for at transportfødslar aukar kraftig.

I 2024 hadde vi 468 fødslar utanfor fødestad. 158 av desse skjedde heime, men var ikkje planlagt slik. Heile 143 fødslar skjedde under transport. Helse Midt-Norge var staden med flest fødslar utanfor institusjon. 

Vi har no færre fødetilbod enn vi har flyplassar samstundes som vi veit at risikoen for traumatiske opplevingar ved uplanlagde heime-eller transportfødsel er svært høg. Vi veit også at barseldepresjon er eit stort problem i samfunnet vårt. At fødselstala er låge og at det er eit politisk ønske om at norske kvinner får fleire barn. At dårlege fødselsopplevingar reduserer sjansen for at ein vil føde på nytt.

Sidan det allereie er slik at kyr får betre sørvis enn fødande (ja, for ein får faktisk ikkje flytte kyr under fødsel), må vi i alle fall syte for at følgjetenesta er i orden og at kvinnene er i dei beste hender når dette skjer.

Utvida følgjeteneste kan styrke både kvinnehelse og jordmoryrket

Du seier at dette vil gå på kostnad av andre tenester. Det meinar ikkje vi. Dette vil ved gode rammer flytte tenesta dit kvinnene er og treng det, gje tryggare tilbod for dei fødande og gjere jordmoryrket meir attraktivt. Da vert det lågare risiko for traumatiske opplevingar og skadar som krev oppfølging i etterkant. 

Me kan også redusere sjansen for at jordmødrer sluttar i yrket fordi det føler at dei ikkje strekk til eller får stor nok stilling. Utvida følgjeteneste kan faktisk føre til reduserte kostnader og betre tenester, både for fødande og andre pasientar. 

Sjå for eksempel til God start-eininga på Nordfjordeid. Der har ein tenestene der kvinnene bur. Kvinnene får svangerskapsoppfylging, følgjeteneste, barseloppfølging og etterkontroll frå same jordmor. Fødekvinnene bur langt frå institusjon og dei har bygd opp eit svært godt tilbod som gir tenester der det trengs. I tillegg er dette med på å redusere risikoen for at jordmødrer går i små stillingar ute i distrikta. 

I eit vidstrakt land med fjellovergangar, ferjer, vinterføre må kvinner ha rett på jordmor når fødselen er i gang og det er over ein time til nærmaste fødeinstitusjon. Det er både god helsepolitikk og god distriktspolitikk. Vi må legge betre til rette for at det skal fødes fleire barn!

Vi tek gjerne ein møte, Bekeng, og gler oss til vidare dialog til det beste for betre og trygg kvinnehelse og fødselsomsorg i heile landet vårt.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse