fbpx Er kompetanseheving i kommunehelsetenesta ein del av NTNUs samfunnsoppdrag? Hopp til hovedinnhold

Er kompetanseheving i kommunehelsetenesta ein del av NTNUs samfunnsoppdrag?

Bildet viser portretter av alle fire innleggsforfatterne

Vi har forståing for NTNUs utfordringar i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Men å setje viktige utdanningar på vent når behovet for denne type kompetanse er stor i kommunehelsetenesta, er alvorleg.

I NTNUs strategi for 2018–2025 er det uttrykt at «samfunnsoppdraget rommer både de forventningene omverdenen har til oss og de oppgavene vi selv ønsker å løse.» 

Grunna dårleg økonomi ved Fakultetet for medisin- og helsevitenskap ved NTNU er det planar om å redusere utdanningstilbodet innanfor nokre av mastertilboda i sjukepleie. Dessverre er desse nedprioriterte mastertilboda retta mot kompetansebehov i kommunhelsetenesta. 

Grunnlag for å sette spørsmålsteikn

Helsepersonellkommisjonen legger vekt på at talet på eldre vil ha ein sterk auke og medføre tilsvarande auke i etterspurnad på helse- og sosialpersonell, spesielt i kommunehelsetenesta i åra framover. 

Fleire kommunar har rekrutteringsproblem på helsepersonell, spesielt i forhold til sjukepleiefagleg kompetanse. Mangel på sjukepleiarar medfører færre sjukepleiarar per pasient, noko som gir grunnlag for å sette spørsmålsteikn ved om alvorleg sjuke og døyande pasientar med eit samansatt sjukdomsbilde får den hjelpa og kvaliteten på tenesta som kommunane er pliktige til å ivareta. 

Behov for kompetanse framover

Politiske føringar dei siste ti åra har medført ei større ansvarsoverføring frå sjukehusa til kommunane for pasientar med komplekse og samansette omsorgsbehov. Denne pasientgruppa kan vere multisjuke skrøpelege eldre, alvorleg sjuke og døyande eller pasientar med andre omfattande og avanserte omsorgsbehov. Dette betyr at helsepersonell i kommunehelsetenesta ivareteke dei sjukaste og mest pleietrengande innbyggarane.

Vidare stiller dette krav til ein meir spesialisert kompetanse i kommunehelsetenesta. I den nye profesjonsmeldinga uttaler forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel endå at vi må utdanne fleire sjukepleiarar med mastergrad. Vi meinar at masterutdanningar innan kreftsjukepleie og avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS) er særleg relevante utdanningar for å heve kompetansen i kommunehelsetenesta.

Det er alvorleg

Innanfor sjukepleiefaget så har NTNU blant anna tilbydd to spesialiserte masterutdanningar som er retta mot kommunehelsetenesta. AKS (avansert klinisk allmensjukepleie) og kreftsjukepleie. AKS har blitt sett på vent og vidare oppstart er uviss. For kreftutdanninga som har lagt grunnlag for rekruttering til både spesialist- og kommunehelsetenesta i mange år, er neste planlagde opptak for hausten 2025 føreslege utsett, og mogleg ny oppstart kan vere 2027. 

Vi har forståing for NTNUs utfordringar i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Men å setje viktige utdanningar på vent når behovet for denne type kompetanse er stor i kommunehelsetenesta, er alvorleg. Det er heller ikkje i samsvar med nasjonale føringar. Kan det vere at NTNU, som ein del av sitt samfunnsoppdrag, ikkje ser tydeleg nok kompetansebehovet i kommunehelsetenesta når ein må foreta nedskjeringar og gjere vanskelege prioriteringar? 

Riset bak spegelen

Vi veit at spesialisert kompetanse i kommunehelsetenesta avlastar fastlegen, reduserer bruk av legevakt, hindrar unødige innleggingar og reinnleggingar til spesialisthelsetenesta. Vi veit at med auka spesialkompetanse får alvorleg sjuke og døyande vere heime lenger og om ønskeleg døy heime. 

Vi veit også at pasientar med komplekse omsorgsbehov, som før var i senger hos spesialisthelsetenesta, vert tekne hand om ved dei kommunale omsorgsinstitusjonane. 

Kan det vere at den økonomiske gevinsten som NTNU ser i spegelen sin, kan verte riset bak spegelen både for NTNU og den kommunale helse- og omsorgstenesta? Kven eig samfunnsoppdraget eigentleg?

1 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Inger Utne

Professor i kreftsjukepleie
6 months siden

Takk til Tarberg, Saga, Andfossen og Molnes for dette innlegget. De tek opp eit essensielt spørsmål: Korleis skal institusjonane fylgja opp samfunnsoppdraget sitt? Det kan ikkje vera nokon tvil om at regjering og storting ynskjer fleire sjukepleiarar med mastergrad, deriblant kreftsjukepleiarar. Sjølv var eg leiar for utvalet som i 2022 hadde ferdig den nye forskrifta om nasjonal retningsline for kreftsjukepleiarutdanninga. Ikkje mange masterutdanningar har slike nasjonale retningsliner. At departementet sette ned utvalet for denne utdanninga, syner kor stor vekt sentrale styresmakter legg nettopp på kreftsjukepleiarutdanninga. Det er trist å lesa at NTNU ser ut til å utsetta oppstarten av eit nytt kull av kreftsjukepleiarar til 2027. Det kan umogleg vera å ta samfunnsoppdraget på alvor.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse