fbpx Kvifor set ikkje Helse-Noreg pris på sjukepleiarar i ambulansen?  Hopp til hovedinnhold

Kvifor set ikkje Helse-Noreg pris på sjukepleiarar i ambulansen? 

Bildet viser en pasient som blir behandlet i en ambulanse av to ambulansepersonell.

Sjukepleiarar i ambulansen nytter både kompetanse, klinisk blikk og erfaring frå sjukepleiaryrket, men får ikkje lønn eller pensjon som sjukepleiar, skriver Magnar Skorven.

Ambulansetenesta i Noreg er lagt opp slik at kravet for å jobbe i tenesta er fagbrev. Dette er ei yrkesfagleg utdanning på vidaregåande skule. Mange av dei som kjem frå denne utdanninga, er unge og sårbare. Ambulansejobben er eit yrke der ein aldri veit kva som vil skje i løpet av vakta. I løpet av ei vakt kan oppdraga variere frå det mest dramatiske til ei heimkøyring av ein ferdigbehandla pasient.

Ein skulle difor tru at det er gunstig for tenesta at sjukepleiarar med ulik grad av erfaring frå både sjukehus og kommunalhelsetenesta ynskjer å jobbe prehospitalt. Mange har fått solid og lang kompetanse innanfor feltet og har i tillegg tatt fagbrev som ambulansearbeidar. Ein ser òg at Helse-Noreg er ivrig etter å rekruttere frå denne gruppa. Det som kjenneteiknar desse sjukepleiarane, er at dei brenn for yrket sitt og er stolte over arbeidsplassen sin.

Ambulansejobben er eit yrke der ein aldri veit kva som vil skje i løpet av vakta.

Så kvifor set ikkje Helse-Noreg pris på sjukepleiarar i ambulansen? Vi nytter både kompetanse, klinisk blikk og erfaring frå sjukepleiaryrket i handteringa av pasientar både i heimen og i bilen under transport, men får ikkje lønn som sjukepleiar. Og den kompetansen og erfaringa er ikkje noko vi kan legge frå oss når vi byrjar å jobbe i ambulansen.

Ikkje ein eigen autorisasjon

Mange unge ambulansearbeidarar tar i dag vidareutdanning enten som sjukepleiar eller innan paramedisin. Paramedisin er ei ny utdanning innan ambulanseyrket på bachelornivå. Kva lønn tenker ein at desse skal få?

I dag er det ikkje eingong laga ein eigen autorisasjon for denne gruppa, enda første kull alt er ferdig utdanna. Denne utdanninga er ennå heilt ny og finst berre på nokre få plassar i landet. Dermed vil dei fleste velje sjukepleiarutdanning. Og slik det er i dag på mange plassar i Helse-Noreg, vil dei ikkje få høgare lønn med auka kompetanse – noko som igjen viser kor mykje dei brenn for yrket sitt, og kva dei er villige til å ofre for å kunne gjere ein enda betre jobb for pasientane sine.

Pensjon er det mykje snakk om i desse dagar. Pensjonsalderen for ambulansearbeidarar er i dag seksti år. For dei som er både ambulansearbeidarar og sjukepleiarar, er pensjonsalderen sekstifem år. Dette er på grunn av at lovverket seier at sjukepleiarar skal ha pensjonsalder på sekstifem år, og det er den høgste autorisasjonen som gjeld.

Skal ein få pensjon som ambulansearbeidar, må ein altså seie frå seg autorisasjonen som sjukepleiar. Er det rett at ein sjukepleiar skal få lønn som ambulansearbeidar og pensjon som sjukepleiar? Kan det tenkast at lovgivar har tenkt at ein sjukepleiar som jobbar med pasientar, er sjukepleiar uansett om han eller ho jobbar inhospitalt eller prehospitalt?

Lokke med lønn?

Fleire plassar i Helse-Noreg rullerer AMK-personell inn i ambulansen. Dette er stort sett sjukepleiarar, og desse får sjølvsagt sjukepleiarlønn. Først i mai 2015 vart det innført ei ny akuttforskrift som seier noko om kva kompetanse ein skal ha i ambulansen. Blant anna er det eit krav om at ambulansane skal vere bemanna med minst to personar, og at begge skal ha ein helsefagleg autorisasjon.

Då forskrifta kom, vart det innført ein tre års frist for å få dette kravet på plass. I desse dagar har den fristen blitt utvida med fire år, noko som tyder at kravet ikkje må vere innført før første mai 2022. Er det rett at pasientane skal vente i ennå fire år før ein får rett kompetanse bak i ambulansen? Kunne det vore ein idé å prøve å lokke med lønn for å skaffe fleire med rett kompetanse som vil jobbe i ambulansen?

Er det rett at pasientane skal vente i ennå fire år før ein får rett kompetanse bak i ambulansen?

I ein ambulanse er ein som regel to personell. I dagens samfunn, med stadig større legevaktdistrikt, blir det meir og meir sjeldan at lege rykker ut til dårlege pasientar. Og det kan vere langt til nærmaste lege, noko som fører med seg at ambulansepersonellet får eit mykje større ansvar. Ein må kunne vurdere kor dårleg pasienten er, og ein må kunne gjere dei rette tiltaka ut frå pasienten sin tilstand.

Legen kan komme med råd over samband, men det er den som står ute med pasienten, som må starte rett behandling og transportere pasienten til rett omsorgsnivå. Blir det gjort feil, er det det personellet som er ute hos pasienten, som vil bli stilt til ansvar. Vil ein sjukepleiar og ein ambulansearbeidar bli dømt likt?

Motstand

Diverre har det vore ein del motstand mot at sjukepleiarar i ambulansen skal få sjukepleiarlønn. Argumenta har ofte gått på lik lønn for likt arbeid, og at det er lite eller inga akuttmedisinsk utdanning på sjukepleiarhøgskulane.

Eg kan ikkje sjå at nokon av desse argumenta held vatn. Ja, arbeidet er likt, men ein kan gjere ein betre jobb for pasientane med høgare kompetanse. Og det at ein ikkje har mykje opplæring i akuttmessige prosedyrar i sjukepleierutdanninga, er ikkje det same som at ein ikkje har fått opplæring i akuttmedisin. Kva kan vi gjere for å bryte ned denne motstanden og sørge for at sjukepleiarar i ambulansen får lønn som sjukepleiarar?

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse