Dårleg studentøkonomi er dårleg samfunnsøkonomi
Eg utfordrar både vinnarar og taparar etter valet nyleg. Snart er det stortingsval: Styrk studentøkonomien. Det er å styrke samfunnsøkonomien.
Norske studentar har for dårleg økonomi. Heiltidsstudentane blir færre og færre. For mange er det eit økonomisk tapsprosjekt å studere. Inkassokrava retta mot nyutdanna blir stadig fleire. Dette kan ikkje halde fram. Unio krev eit løft for studentane.
Norsk studentorganisasjon (NSO) har rekna ut at studentar i stort går over 6400 kroner i minus kvar månad. Dei bygger på fleire kjelder, blant anna levekårsundersøkinga for studentar og SSB i tillegg til tal frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO. Slike tal kan alltid diskuterast. Men hovudlinene er klinkande klare: Stadig fleire studentar må arbeide stadig meir i tillegg til å studere.
Det er dyrtid. Langt fleire enn studentane har problem. Men det er på tide å ta studentøkonomien på større alvor.
Studiestøtta må aukast
Det har vore hevda at å ha lønna arbeid i tillegg til å studere kan vere positivt og ei god erfaring. Å arbeide «litt» treng ikkje å gå ut over studiekvaliteten, men når tid til lønna arbeid i stor grad fortrenger tid til å studere, er det fare på ferde.
Det handlar ikkje berre om vilkåra under studietida. Det er også kritisk for mange etter at studietida er over. Då skal studielånet betalast tilbake. Talet på studielån som blir sendt til inkasso har auka med 27 prosent, melder Lånekassa. Aldri har så mange bedt om utsetting på betale lånet. Til denne tid er 1,1 millionar lånekasserekningar ikkje betalt innanfor tidsfristen. Utsetting er krisehjelp. Det viser at altfor mange har betalingsproblem.
Tradisjonelt har studielånet vore rekna som ei gunstig låneordning. Men også her merkast no renteauken. Det same gjer bukostnader, både for studentar og for nyutdanna i etableringsfasen.
Unio har lenge krevd at studiestøtta må aukast, i første omgang til minst 1,5 G. Støtta må følgje den årlege G-reguleringa. I tillegg må stipenddelen aukast. At lånebelastninga er for høg, viser betalingsproblema Lånekassa melder om.
Lønn som verkemiddel
Heldigvis vil mange studere. Dei fleste trivst med det faglege arbeidet. Det er bra for alle og heilt nødvendig for visjonen om kunnskapssamfunnet. Likevel er det eit problem at altfor mange studentar tar med seg dei økonomiske problema inn i yrkeslivet.
Vi veit at lang utdanning lønner seg dårleg her til lands, særleg for dei som arbeider i offentleg sektor. SSB har vist at livslønna for fleire utdanningsgrupper er svakare enn for grupper som har vidaregåande som høgaste utdanningsnivå. Dette er ein del av forklaringa på at det er stor mangel på arbeidskraft i somme yrke, særleg innan utdanning og helse. Difor kan ikkje dei politiske partia vike unna debatten om lønn som verkemiddel for å rekruttere og behalde kompetent personale.
Å stelle dårleg med utdanningsgruppene, enten det er i studietida eller etterpå, lønner seg dårleg for samfunnet.
Difor utfordrar eg både vinnarar og taparar etter valet nyleg. Snart er det stortingsval: Styrk studentøkonomien. Det er å styrke samfunnsøkonomien.
Innlegget vart først publisert av Unio.
0 Kommentarer