fbpx Er du sjukepleiar i botn eller i hjartet? Hopp til hovedinnhold

Er du sjukepleiar i botn eller i hjartet?

Det som ligg på botnen, har ofte vanskeleg for å kome opp til overflata, skriv Gunhild Rolandsen.

Som sjukepleiar kan ein ha mange arbeidsplassar. Den som vel å utdanne seg til sjukepleiar, har eit utall av moglegheiter til vidareutdanningar.

Fleire og fleire tek mastergrad i ulike felt av sjukepleien, og vi har også sjukepleiarar som disputerer for doktorgraden. Mange av vidareutdanningane blir utvida med meir innhald, slik at det blir ein master innanfor det aktuelle feltet.

Dei fleste sjukepleiarar arbeider nok likevel som autoriserte sjukepleiarar rundt omkring i bygd og by, ikkje minst i kommunal helseteneste og i spesialisthelsetjenesta. Vi veit at det trengst veldig mange framover. Langt fleire enn vi greier å skaffe.

Sjukepleiar i botn

Ofte er denne teneste leia av sjukepleiarar. Eg har lagt merke til at dersom sjukepleiarar har eit arbeid der dei kunne hatt andre profesjonsutdanningar som basisutdanning, så er det mange som presenterer seg med at dei er «sykepleier i bunn». Kva tyder det?

Ja, dei fleste av oss forstår nok kva dei meiner, og eg trur at dei som sei det, er stolte av yrkesbakgrunnen sin. Eg er opptatt av å bruke riktige begrep i språket vårt, og eg vil gjerne reflektere litt over begrepet «sykepleier i bunn».

Blir påvungne andre verdiar

Det som ligg på botnen, har ofte vanskeleg for å kome opp til overflata. Det blir trykt ned av det som ligg oppå. Og kva ligg oppå dersom ein er leiar? Der ligg gjerne leiarutdanninga, der merksemda har vore på økonomi, administrasjon, jus og kanskje personalleiing?

Då kan det vere vanskeleg å ta med seg verdiane frå sjukepleieutdanninga og sjukepleiefaget inn i slike jobbar. Ein blir påtvungne andre verdiar frå det som er styrande i samfunnet i dag. Og kva er det? Som regel er det økonomien.

Sjukepleiar i hjartet

Eg trur eg også tidvis har brukt uttrykket «sykepleier i bunn». Men, dersom vi har stillingar der vi ikkje utøver direkte sjukepleie, så la oss likevel ta lærdomen frå sjukepleieutdanninga med oss i det daglege arbeidet vi har.

La oss vere sjukepleiarar i hjartet og ha med sjukepleieverdiane i alt vi gjer. Vi skal alltid ha søkjelys på den som mottek hjelpa. Sjølvsagt må vi også forhalde oss til økonomiske realitetar, men la oss jobbe for at det alltid er den som er svakast, som har vår støtte.

La verdiane liggja øvst

I Norsk Sykepleierforbund brukar vi slagordet «tydelig, modig, stolt». Etter mitt syn er det viktig at sjukepleiarane er organisert i NSF også om ein er leiar. NSF har mange faggrupper, til dømes ei faggruppe for sjukepleieleiarar.

Er ein NSF-ar og brukar slagordet «tydelig, modig, stolt», kan det vere lettare å vere sjukepleiar i hjartet, og ikkje berre i botn. La sjukepleiekompetansen og verdiane liggja øvst.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse