Skrevet av Ingvild Osdal Oksavik
Bestemors jul
Det var så sterkt å vere profesjonell med så mange følelsar, særleg på julafta når lengten etter mine nære var så sterk.
Snøfnugga fallt tungt på bilen, og vindusviskarane gjekk. Eg stod parkert ved eit gamalt hus i bydelen.
Eg jobba i heimetjenesta og hadde seinvakt. Det var sjølvaste julafta, og heimlengselen reiv i meg. Det føltes på ein måte som ein vanleg kvardag, men innimellom kraup julestemninga under huda. Det var eigentleg ei slik vakt der tankane om revurdering av yrkesvalet mitt kom som perler på ei snor. Eg ville jo helst vere heime.
Det banka på ruta, det var kollegaen min som eg skulle vere saman med på oppdraget. Vi hutra og småsprang mellom snøfjona. Då vi nærma oss det gamle huset, kjende eg ein merkeleg varme kome mot meg. Det var som ein god energi frå huset. Eg vart brått bevisst julemusikken, matlukta og lydane frå huset.
∙∙∙
Vi ringde på, og ein liten gut åpna døra. Han smilte og sa: «Bestemor er der inne».
Fleire born i ulike aldrar sprang rundt og leika, ei eldre jente sat og spelte julesongar på pianoet, nokre song med. Ei lita jente med raud kjole og kvitt, krølla hår sat og åt på eit gåveband, sjølvom leikene flaut rundt henne. Foreldra til borna rydda og organiserte, og eg hugsa eg tenkte at dette var ein god og varm heim.
Så kjende eg tårene mine pressa på. Eg måtte vere profesjonell no, og kremta for å skjule følelsane. I gyngestolen sat bestemora. Ho smilte då ho såg oss, og sa: «Hei, englane mine. Får eg legge meg no?» Vi smilte tilbake og gjekk bort til henne. Ho sa: «Godnatt, skattane mine». Klemmar vart utveksla, og vi fulgte henne til badet.
∙∙∙
Vi var der for å hjelpe henne med stell og diverse medisinar. Det var smertepumpe og administrering av ekstra smertestillande før sårstell. Vi kjende henne godt, og ho kjende oss, det gjekk som smurt. Mange pasientar var heime hos sine næraste i jula, og arbeidslista vår var nokså luftig. Det var godt å ha god tid.
Ho var godt lindra og stelt, lagt til rette i senga med alt ho trengde. Ho takka så svært og ønska oss ei god jul vidare. Vi observerte og visste at døden var nært foreståande.
På veg ut døra kom borna snirklande rundt beina våre og viste fram gåvene. Det var godt å ha tid til å gje dei litt merksemd også.
∙∙∙
Då vi hadde gått ut døra, brast det for meg, og tårene bere rann. Kollegaen min gav meg ein klem, det var godt å ha nokon der. Det var så sterkt å vere profesjonell med så mange følelsar, særleg på julafta når lengten etter mine nære var så sterk. Det føltes litt som at liv og død gjekk hand i hand, men ikkje på ein vond måte. Det var mange kontrastar i omløp. Dei små som var i starten av livet, og ei som nærma seg slutten. Eg måtte distansere meg og vere profesjonell, samstundes som det føltes så nært.
Denne opplevinga var så fin og trist på same tid. Alle borna og familien som var samla. Den herlege, bekymringslause barnelatteren og leiken. Visste dei at bestemor skulle døy?
Foreldra til borna, som visste at bestemor snart var borte, men som likevel gav borna den fine julafta hos henne. Smilet til bestemora, der ho sat og beundra etterkomarane sine, og samstundes var takksam for å få legge seg til å sove.
∙∙∙
Eg fekk ikkje treffe denne pasienten fleire gongar. Ho døydde fredfullt den jula, men eg gløymer aldri opplevinga, stemninga og følelsane det besøket gav meg. I åra som kom, har tankane mine variert mykje kring yrket mitt, fordi eg kjem oppi mange situasjonar som krev mykje av meg, både profesjonelt og personleg. Takksemd over å få ta del i så sterke opplevingar går hand i hand med at ein også vert sliten. Men i dette fine yrket føles det absolutt verdt det!