Kroppsvask i sjukepleia
Studien viser at normer for lukt, utsjånad og kroppsleg samkvem på den eine sida, og utnytting av pleiarane si tid på den andre sida, ser ut for å vera viktigare ved kroppsvask i sjukepleia enn omtanken for hygiene og pleietrengjande sine behov.
Då moderne sjukepleie oppsto i siste halvdel av 1800-talet, var det vanleg at helsepersonell argumenterte for kroppsvask ved hjelp av ulike hygieneteoriar. Etter 1960 har sjukepleiefaget også argumentert for kroppsvask ved hjelp av behovsteori. Den franske filosofen Michel Foucault argumenterte for at samankoplinga mellom ulike teoriar og kroppslege praksiser har vore brukt som disiplineringsverktøy i moderne industrisamfunn. Med denne argumentasjonen som bakteppe, er det gjennomført analyser av tilhøvet mellom kroppsvask i sjukepleia og hygiene- og behovsteori. Studien er basert på norske lærebøker i sjukepleie frå 1877-1911, 1967 og 2004, på Eilert Sundt sin studie Om renligheds- stellet i Norge frå 1869 og på observasjonar og intervju av pleietrengjande og pleiarar i ein norsk sjukeheim i 2002 og 2006. Studien viser at normer for lukt, utsjånad og kroppsleg samkvem på den eine sida, og utnytting av pleiarane si tid på den andre sida, ser ut for å vera viktigare ved kroppsvask i sjukepleia enn omtanken for hygiene og pleietrengjande sine behov. Dette tyder ikkje at praksisane treng vera mangelfulle eller dårlige, men studien utfordrar argumentasjonen for at undervising og praksis i sjukepleia skal vere kunnskaps-/ evidensbasert, og den understøttar Foucault sin argumentasjon for at samankoplinga av teoriar og kroppslege praksiser kan ha vore brukt som disiplineringsverktøy. Kroppsvask i sjukepleie er finansiert av Helse og Rehabilitering, gjennom Nasjonalforeningen for folkehelsen.
Disputas: 19. desember 2008, Institutt for samfunnsmedisinske fag, Seksjon for sykepleievitenskap, Universitetet i Bergen
0 Kommentarer