Patient-reported outcomes in women after myocardial infarction a longitudinal study of quality of life, sense of coherence and perceived positive effects
Korleis opplever kvinner med koronar hjertesjukdom sin livskvalitet og korleis mestrar de kvardagen etter infarktet?
Bakgrunn: Koronar hjertesjukdom er framleis den vanlegaste dødsårsaka blant både kvinner (22 prosent) og menn (21 prosent). Imidlertid har andelen som overlever auka betydeleg grunna både betre behandlingsmetodar og forebygging. Det er derfor mange som i dag skal leve med sin hjertesjukdom. Få studiar er gjort på kvinners opplevingar etter hjerteinfarkt.
Hensikt: Hensikten med studien var å kartlegge korleis kvinner opplever sin livskvalitet og mestrar kvardagen etter infarktet, samt å sjå på om eigenrapportert helse og livskvalitet kan predikere nye sjukdomshendingar og død.
Metode: I alt 145 kvinner svarte på spørreskjema om livskvalitet, fysiske og psykiske helseplager, mestringskapasitet og mogelege positive konsekvensar av gjennomgått hjerteinfarkt. Svara blei samanlikna med kvinner på samme alder frå normalbefolkninga. Kvinnene blei så fulgt opp i ti år.
Resultat: Kvinner med hjerteinfarkt har lågare fysisk funksjon, men opplever å ha like god livskvalitet relatert til psykiske og sosiale aspekt. Dei rapporterer engstelse og nedstemtheit, men ikkje i større grad enn andre kvinner på samme alder. Grad av mestringskapasitet, subjektive symptom og objektive sjukdomsmål bidreg til å forklare grad av eigenrapportert livskvalitet. Eit overraskande funn var at 65 prosent av kvinnene også såg noko positivt ved å ha gjennomgått hjerteinfarkt. Dette innebar at dei sette meir pris på livet, fekk helsehjelp, endra livsstil og tok meir vare på seg sjølv og andre. Saman med allerede kjende risikofaktorar, som redusert nyre- og hjertefunksjon, var eigenvurdert helse og psykiske sider ved livskvaliteten med på å predikere fatale hendingar. Å bu åleine var ein faktor som tydeleg auka risikoen for både tidlegare død og nye sjukdomshendingar.
Konklusjon: Studien viste at salutogene og patogene prosessar foregår paralelt, og ei framtidig utfordring vil vere i større grad å bringe inn ressursfokuset. Pasientrapporterte data hadde prognostisk verdi ved å predikere nye hjertehendingar og død. Pasientperspektivet bør i større grad blir innlemma i både klinisk praksis og i framtidig forskning.
0 Kommentarer