Hopp til hovedinnhold

Vi står støtt i dagens utdanningsmodell for jordmødre

Bilde av Lill Sverresdatter Larsen og Sara Fugledal Wiik

Forslaget om ein femårig integrert profesjonsmaster vert presentert som ei løysing på ein overfylt studieplan. Men å svekke dagens modell er å svekke jordmors plass som kunnskapsprodusent. Det har vi ikkje råd til.

Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens holdning og meninger.

Alle som ønskjer å bli jordmor, ønskjer vi varmt velkomne inn i eit av verdas viktigaste og vakraste fag. Samstundes er ikkje kvar som helst utdanningsmodell god nok.

I ei tid der både fagmiljø, politikarar og utdanningsinstitusjonar diskuterer ei mogleg einheitleg profesjonsutdanning for jordmødre, er det viktig å halde fast ved det som vi har kjempa fram og fått til. Og det er dagens modell: bachelor i sjukepleie etterfølgd av mastergrad i jordmorfag.

Det er eingjennomarbeidd, kunnskapsbasert og internasjonalt respektert utdanningsmodell. Det er slik vi har bygd ei av verdas tryggaste fødselsomsorgstenester – og slik vi skal møte framtida.

Ein modell andre land ser til

Noreg utdannar jordmødre med to autorisasjonar: sjukepleiar og jordmor. Utdanninga oppfyller alle krav i EUs yrkeskvalifikasjonsdirektiv, som fastset dei to offisielle utdanningsvegane Europa godkjenner for jordmødre. Den norske modellen følgjer «utdanningsvei 2», som krev sjukepleieutdanning i botn, og som fullt ut tilfredsstiller direktivets krav til kompetanse og klinisk praksis. 

Det er altså ikkje internasjonale krav som pressar fram endring. Det er heller slik at vår modell blir sett på som ei fagleg sterk ordning som gir robuste og sjølvstendige klinikarar.

Vi møter ein stadig meir kompleks fødepopulasjon

Dagens jordmødrer møter kvinner med meir komplekse helseutfordringar enn før: høgare alder, kroniske sjukdommar og meir samansett svangerskapsoppfølging. Dette krev ei brei klinisk plattform – ei plattform som sjukepleieutdanninga gir.

Å fjerne denne breidda for så å prøve å «kopiere den inn» i ein integrert utdanning er både fagleg risikabelt og helsepolitisk kortsiktig. Når sekunda tel i akutte situasjonar, er det sjukepleiekompetansen – vurderingsevna, akutthandteringa, klinisk blikk – som gjer jordmora trygg og handlingssterk. Det er avgjerande for liv og helse, og det er ikkje noko ein får på snarvegar.

Generalistkompetanse = beredskap

Helseberedskap er ikkje eit abstrakt ord. Pandemiar, kriser og ustabile tider har vist oss at helsetenesta treng fagpersonar med generalistkompetanse. Sjukepleieutdanninga gir jordmødre ein breidde som gjer dei robuste og fleksible når tenesta må omstille seg. I ei urolig verd er det uansvarleg å svekke denne beredskapen.

Mastergraden har løfta både faget og statusen

Masterutdanninga i jordmorfag kom fordi jordmødrene sjølve kjempa for ho, og resultata er tydelege. Utdanninga har bidrege til betre kvalitet i tenestene og ein sterkare fagleg identitet i profesjonen. Ho har òg ført til høgare løn og status, meir forskingsaktivitet og eit aukande tal jordmødre som tek doktorgrad og går inn i professorstillingar.

At jordmødre forskar på eige fag, er heilt avgjerande. Ingen kjenner svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga betre enn dei som står i den.

Å svekke mastermodellen er å svekke jordmors plass som kunnskapsprodusent. Det har vi ikkje råd til.

Ei femårig profesjonsutdanning er ei utvatning av faget

Forslaget om ein femårig integrert profesjonsmaster vert presentert som ei løysing på ein overfylt studieplan. Men mykje tyder på at dette ikkje har brei forankring i fagmiljøa som utdannar jordmødre i dag. Våre medlemmar varslar stor uenighet internt. 

Og viktigast:

Ein direkteutdanning vil ikkje gi meir tid. Den vil berre fjerne tre år med praksiserfaring og breiddekompetanse frå sjukepleia. Dette vil gjere jordmorstudentane mindre erfarne, mindre trygge og mindre robust utstyrt for ein hektisk og uforutsigbar klinisk kvardag.

Det er ikkje ei styrking av faget. Det er ei utvatning.

Det vi faktisk treng, er fleire jordmødre

Her kan alle i fagmiljøet vere einige: Noreg treng fleire jordmødre. Men dette løyser vi ikkje ved å endre utdanningsmodellen – det løyser vi ved å opprette fleire studieplassar, satse på desentraliserte utdanningar, styrke praksiskapasiteten, støtte utdanningsinstitusjonane betre og gjere alt vi kan for å behalde dei vi har.

Å rokke ved eit utdanningsløp som fungerer godt, vil berre skape uro, forsinking og uønska konsekvensar – utan å gi oss ein einaste jordmor meir. Vi har ti søkarar per studieplass. 2000 søkarar på 200 plassar i fjor. Det er altså ikkje mangel på folk som vil ta dette utanningsløpet å bli jordmor, men mangel på studieplassar.

La oss ta vare på det som fungerer

Noreg har ei jordmorutdanning som er grundig, effektiv og internasjonalt respektert. Den gir oss robuste, sjølvstendige og kompetente jordmødre – noko både kvinner og barn i Noreg har behov for, både i dag og i framtida.

Å endre denne utdanninga er ikkje å styrke faget. Det er å svekke det.

Vi står støtt i vårt standpunkt:

Bachelor i sjukepleie pluss master i jordmorfag er den beste og tryggaste måten å utdanne jordmødre på.

Og til alle som drøymer om å bli jordmor: Du er varmt velkomen. Og du skal få den utdanninga som gjer deg best mogleg rusta – både for kvinna du skal hjelpe, og for fagets framtid.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse

Quiz

Annonse
Annonse