fbpx Kvifor gjennomfører norske styresmakter nasjonal eksamen i sjukepleie? Hopp til hovedinnhold

Kvifor gjennomfører norske styresmakter nasjonal eksamen i sjukepleie?

Bildet er et nærbilde av artikkelforfatter Jeanne Boge

I lys av styresmaktene sine føringar om evidensbaserte praksisar er det underleg at det vert gjennomført ein nasjonal eksamen som ikkje er basert på evident viten.

Den fyrste nasjonale eksamen i naturvitskaplege fag i norsk sjukepleie blei gjennomført i 2015. Denne forma for nasjonal eksamen har sidan blitt kontinuert, trass i høg strykprosent. Slik var det i 2023 også.

Det ville vore forståeleg at norske styresmakter ynskte å gjennomføre nasjonale eksamenar i naturvitskaplege fag, dersom forsking viste at kunnskap om naturvitskaplege fag er avgjerande for kor dyktige sjukepleiarstudentane er når dei er ferdig utdanna, men så vidt eg veit, finst det ikkje studiar som viser slike samband. I lys av styresmaktene sine føringar om evidensbaserte praksisar er det underleg at det vert gjennomført ein nasjonal eksamen som ikkje er basert på evident viten.

Sjukepleieutdanningar i storbyar rekrutterer dei studentane som gjer det best på nasjonale prøvar

Dei fleste sjukepleiarstudentar ynskjer å ta utdanninga i store byar som Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø. Men det er berre dei med dei høgste karaktersnitta som får studieplass i ein av dei norske storbyane. Studentar med høge karakterar ved inntak har betre føresetnader for å gjere det bra på nasjonale prøvar i naturvitskaplege fag, enn studentar med lågare karaktersnitt.

Dei med lågare karakterar studerer gjerne i mindre byar og tettstader, og dei gjer det gjennomgåande dårlegare på nasjonale prøvar. Men intensjonane med nasjonale prøvar var vel ikkje å vise sambandet mellom opptakskarakterar og karakterar på nasjonale prøvar i naturvitskaplege fag, men å sikre Noreg dyktige sjukepleiarar.

Den nasjonale prøven er frikopla frå praksis

For å sikre Noreg praktisk dyktige sjukepleiarar finn 50 prosent av sjukepleieutdanninga stad i praksis. Nasjonal prøve i naturvitskaplege fag har gjerne blitt gjennomført det fyrste semesteret i sjukepleieutdanninga. Så tidleg i utdanninga har sjukepleiarstudentar vanlegvis ikkje hatt rettleia praksis med tilhøyrande møter med sjuke og pleietrengjande. Den nasjonale prøven i natutvitskaplege fag er med andre ord frikopla frå den praktiske delen av sjukepleiarutdanninga.

Alternativ nasjonal eksamen som tek utgangspunkt i hovudfaget

På bakgrunn av den store vektlegginga av praksis i sjukepleieutdanningar skulle ein forvente at ein nasjonal eksamen i sjukepleie handla om korleis sjukepleiarar brukte naturvitskaplege, humanistiske og samfunnsvitskaplege støttefag i møte med sjuke og pleietrengjande.

Ein slik nasjonal eksamen kunne hatt form som eit eller fleire case som studentane gjennomførte som ein avsluttande eksamen etter at dei var ferdige med både den teoretiske og den praktiske undervisinga i ein treårig norsk bachelor i sjukepleie. På det viset ville ein få ein eksamen som tok utgangspunkt i hovudfaget, som er sjukepleie.

Bortkasta med nasjonal eksamen i sjukepleie

Spørsmålet er om nasjonal eksamen er ein garanti for at Noreg får dyktige sjukepleiarar. Eg trur ikkje det. Norske sjukepleiarstudentar er ei heterogen sosial gruppe som har det til felles at dei har kjempa for å koma inn på ei bachelorutdanning som har hatt relativt høge karaktersnitt. Undervegs i studiet er det mange teoretiske arbeidskrav og eksamenar i hovudfaget sjukepleie og i dei naturvitskaplege, humanistiske og samfunnsvitskaplege støttefaga.

I den praktiske delen av studiet er det tett oppfølging, omfattande evaluering av praktiske ferdigheitar og vurdering av skikketheit. Det er vel inga anna helsefagleg utdanning i Norge som er så detaljert regulert av staten. I tillegg til den detaljerte statlege reguleringa er det ein nasjonal eksamen i naturvitskaplege fag.

Men det finst vel ingen evidens for at karakterane på ein nasjonal eksamen i naturvitskaplege støttefag, eller karakteren i andre fag i sjukepleieutdanninga, vil ha noko å seie for korleis dei som har ein bachelor i sjukepleie, agerer som sjukepleiarar i det norske helsevesenet. Kvifor vil norske styresmakter likevel gjennomføre nasjonal eksamen i bachelor sjukepleie?

Debattinnlegger blei fyrst publisert i Khrono.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse