fbpx Språk og smykke Hopp til hovedinnhold

Språk og smykke

Illustrasjon av helsepersonell som kommuniserer

Eg gjesta mitt første landsmøte i Norsk Sjukepleiarforbund i 1989. Sidan den gongen har sjukepleiarane fasinert meg. Eller, det er helst sjukepleiaryrket som fasinerer, skriver Anders Folkestad.

På den eine sida finst det knapt ein fagorganisasjon som er meir sentralstyrt enn NSF. Direktiva frå hovud­kvarteret når raskt ut til det minste pauserom. Og sjuke­pleiarar finst i kvar by og bygd – heldigvis.

På den andre sida er det neppe ei yrkesgruppe som diskuterer seg sjølv meir intenst – oftast med seg sjølv. Eg hugsar at eg i helsingstalen til landsmøtet i 1989 kommenterte: Der det er to sjukepleiarar samla – høyrer du minst tre, kanskje fire meiningar, om same sak. Delegatane lo, og var visst sjølv­ironisk einige.

Kamp for kvalitet

Frå skrivepulten min ser eg bort på NSF sitt historieverk.  «100 år i kamp for kvalitet i sykepleietjensten», er overskrifta til ­forordet. Og i sanning – det har vore ein ærerik kamp mot og med mange.

Så kikkar eg på talrike nettoppslag i Sykepleien. Det er lett å sjå at kampen, i alle fall debatten, om kvalitet rasar vidare.­ Det kryr av meiningar om sjukepleiarar og sjukepleiefaget, eller­ «tenesta» som det visst heiter.

Språk er makt. Språk er identitet, også for ei yrkesgruppe.

Litteraturkritikar og sjukepleiarstudent Cathrine Krøger har med skarp penn kritisert det ho meiner er eit utflytande­ teorispråk i sjukepleiarutdanninga. Ho fornærma mange med å hevde at utdanningsspråket skaper avstand til praksis.

«Sykepleiersk»

Redaktøren i Sykepleien skriv i nr 11, 2016 om «sykepleiersk», om fagspråket som manglar, og som endar opp i bableprosa i journalar og andre stader. Leitinga etter fagspråket, etter fagidentiteten, vil ta lang tid, trur han.

«Engel eller idiot», er ei slåande overskrift. Skribenten, ein samvitsfull sjukepleiar, finn seg sjølv bak begge karakteristikkane. Ei anna overskrift er «Av og til helbrede, ofte lindre, men alltid trøste». Og her kan også sjukepleiarane finne trøyst: debattane er «et sunnhetstegn for sykepleieprofesjonen», skriv leiaren i Rådet for sjukepleieetikk. Sikkert eit klokt standpunkt, men det illustrerer samstundes ein debatt som lett blir så mangfaldig og ufokusert at den faglege profilen blir utydeleg. I så fall kan ein svekke det evige målet: Status og fagleg respekt.

Då ligg det ei tydelegare melding i overskrifta «Dropp parfyme, sykepleiere». For øvrig godt supplert med «Ringen min får du aldri». Ei historie om smykke, smitte og sjukepleie.

Få saker er så hyppig klikka, ser det ut til, som dei som blir fanga opp under praksisnære vignettar. Dei handlar om «meg» og min situasjon.

Trass i meir enn 100 år i kamp for faget, trur eg den overeksponerte jakta på eigen identitet kan bli ein hemsko nettopp for status og respekt.

Språk er makt. Språk er identitet, også for ei yrkesgruppe.

Hjelp fra ein fagsterk sjukepleiar

For det er vel ikkje i så mange fagblad ein finn overskrifter­ som «sykepleie – hva det er og hva det ikke er». Etter 100 års kamp skulle ein kanskje tru at dette nærma seg avklaring, ­eller? «Det er enkeltindividene sykepleien skal hjelpe, assistere, behandle eller yte omsorg til», blir det presisert.

Javel, men eg vil heller ha hjelp frå ein fagsterk sjukepleiar­ enn frå «sykepleien». Og heldigvis er det nettopp det vi som pasientar oftast får: Sjukepleiaren som har kunnskap og ­erfaring å dele, som talar tydeleg, der legen verken har tid ­eller talent.  

Så lenge slike sjukepleiarar dominerer, er det mindre viktig om eg blir kalla sjuk, eller om eg er ein person med symptom eller diagnose, som visst nok er ein del av dagens teorisjanger.

Køyr debatt, og jakt på identiteten! Men ikkje gløym kvardagssjukepleiaren! Det er i den daglege praksisen at status og respekt blir skapt.

LES OGSÅ:

Sykepleiersk for viderekomne

NSF er optimistiske med tanke på fremtiden

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse