fbpx Til beste for pasienten Hopp til hovedinnhold

Til beste for pasienten

Prest som holder en salmebok i hendene
Behova for ei samtaleteneste vil ikkje gå bort, men kanskje det er på tide å sjå på andre måtar å organisere den på. Foto: Colourbox

At representantar frå eit enkelt trussamfunn er tilsett på landets sjukehus er eit kyrkjeleg privilegium, eit ingen andre trussamfunn har, skriv Eskild Husttvedt.

Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens holdning.

Sjukehusprest Magne Stendal ved Oslo universitetssjukehus stil seg skeptisk til å tilsetje ikkje-religiøse i prestetenesta i eit innlegg i sjukepleien 14. april. Eg slit litt med å følgje argumentasjonen hans. Det kan verke som om det viktigaste ikkje er kva teneste sjukehuset skal kunne tilby sine pasientar, men at sjukehuset har ein presteteneste og at den då skal bestå av prestar.

Semantikken verkar å vere viktigare enn pasientane sine faktiske behov.

Han spør retorisk om ein samtalepartner som «i utgangspunktet har definert seg på armlengdes avstand til religion, krympe premissane og rommet for samtalen?». Ved å stille dette retoriske spørsmålet påstår ein difor at ein samtale med meg som ateist og komande sjukepleiar vil per definisjon vere mindre verdt enn ein samtale med ein anna sjukepleiar men som har ei gudstru.

Eg har ingen tru på at det er sånn.

At representantar frå eit enkelt trussamfunn er tilsett på landets sjukehus er eit kyrkjeleg privilegium, eit ingen andre trussamfunn har. Men sjukehusa våre er for alle. Eg synst difor at det er overraskande kor mange negative reaksjonar det har vore på det gode initiativet frå prestetenesta på St. Olavs Hospital. Dei negative reaksjonane på at ein har ikkje-religiøse samtalepartnarar tilsett ved sjukehuset syner kanskje òg nettopp kvifor ein treng dette tilbodet.

Likevel er det ein blindveg å fokusere på prestetenesta, det er ikkje namnet på tilbodet som er det vesentlege. Det vesentlege er kva pasientane har behov for og kva sjukehuset kan tilby. I ei tid kor fleire og fleire definerer seg som ikkje-truande er det ikkje sikkert at ein
prest automatisk vil vere den naturlege samtalepartneren i eksistensielle spørsmål, særleg for menneske som allereie har avvist religiøse forklaringsmodellar. Prestar har ikkje einerett til å handtere denne typen spørsmål - til dømes gjer sjukepleiarar det dagleg i sitt kliniske arbeid og har det definert som ein av sine ansvarsområde.

Eksistensielle behov utan ei religiøs tru er eit område det truleg er stort behov for forsking på. I mine eigne søk har eg funnet få artiklar som omhandlar ateistar sine behov, men ein av dei få eg har funnet understrekar respekt for ateistar si ikkje-tru som eit vesentleg område.

Det er ikkje sikkert at ein pasient vil kjenne si ikkje-tru særleg respektert når den einaste tilgjengelege samtalepartneren er ein person som har via heile sitt profesjonelle liv til ein enkelt religion.

Det at Stendal slit veldig med at ein ikkje-religiøs kan vere ein del av «prestetenesta» syner kanskje at tenesta som den er no er utdatert og utan høve til å følgje den tydelege samfunnsutviklinga mot mindre gudstru. Då er det på tide å tenkje nytt. Behova for ei samtaleteneste vil
ikkje gå bort, men kanskje det er på tide å sjå på andre måtar å organisere den på, kor pasienten er i fokus og ikkje profesjonen.

LES OGSÅ:

Sjelesørger uten gudstro

Prestetjeneste i et flerkulturelt samfunn

Sykehusprest er en profesjon


Referansar
1. Botvar P. K. Endringer i nordmenns religiøse liv. Religion i dagens Norge. Red. av Botvar
P. K., Schmidt U. Universitetsforlaget, 2010, s. 11–24.
2. Smith-Stoner M. End-of-Life Preferences for Atheists. Journal of Palliative Medicine. 2007.
10 (4): s. 923–928.

 

Eksistensielle behov utan ei religiøs tru er eit område det truleg er stort behov for forsking på.

Les også:
OSLO 1972: Streik blir den ventede sykepleier-reaksjon på statsminister Trygve Brattclis tilbud til Sykepleieraksjonen 1972. Han vil ikke imøtekomme sykepleiernes krav om tre lønnsklassers opprykk, men vil bl. a. foreslå skattepolitiske tiltak. Her aksjonskomiteen f.v. Anne-Lise Bergenheim, Bjørg Wendelborg, Aud Vinje, Christine Thorstensen, Eva Heyerdahl og Anne-Marie Grøygaard, som holder uravsteming pr. telefon til landets sykehus. det er ventet at de ikke vil godta dette. Foto: Vidar Knai / NTB / Scanpi

Sykepleiens historiske arkiv

Sykepleien har dekket sykepleiernes hverdag helt siden 1912.

Finn ditt gullkorn blant 90 000 sider.