fbpx Samtalepartnar og presteteneste på sjukehus Hopp til hovedinnhold

Samtale­partnar og presteteneste på sjukehus

Vil ikkje ein samtalepartnar som i utgangspunktet har definert seg på armlengdes avstand til religion, krympe premissane og rommet for samtalen? spør sykehusprest ved OUS.

Hausten 2015 tilsette St. Olavs Hospital ein sjukepleiar som vikar i ei sjukehusprestestilling. Til stillinga følgjer deltaking i vaktordning for prestetenesta. Stillinga vart ikkje oppretta som eit supplement til den eksisterande staben, men var i første omgang eit vikariat for ein av dei faste sjukehusprestane som har permisjon. Leiar for prestetenesta ved sjukehuset understrekar at det i dette tilfellet ikkje var sjukepleiekompetansen som hadde betydning ved tilsetjinga, men kompetansen innanfor rådgivingsvitskap. I tillegg var det ei forutsetning at søkjaren «ikke har noen religiøs tro». Dette skal vere uttrykk for ønsket om å gi eit tilbod til pasientar og pårørande som treng samtale om åndelege/eksistensielle spørsmål, men «som ikke ønsker å snakke med en prest», opplyser den same leiaren. Den aktuelle vikaren har fått den uvanlege yrkestittelen «samtalepartnar» og skal vere eit vitnemål om at prestetenesta og sjukehuset «tar den livssynsmessige pluralismen i samfunnet på alvor» og er i stand til å tilby og stå i «en samtaletjeneste uten en religiøs horisont.» (Sørensen, Ø.T. på sykepleien.no 17. mars. Prestetjeneste i et flerkulturelt samfunn).

Tilsetjinga har utløyst fleire reaksjonar. Til desse vil eg føye nokre refleksjonar og spørsmål.

Eit trugsmål mot pasientens ikkje-religiøse dagsorden?

Tilknyting til eit trussamfunn kan stundom rydde grunn for eit ønske hos pasient eller pårørande om direkte kontakt med ein representant for det aktuelle samfunnet under sjukehusopphaldet. Ønsket kan omfatte både samtale og seremoni på pasientens eller pårørandes konfesjonelle heimebane. Naturlegvis skal eit slikt ønske formidlast når nokon av personalet – eventuelt presten – blir merksam på dette. I denne formidlingsoppgåva er prestetenesta ikkje noko unnatak.

Når det derimot i motivasjonen for den aktuelle tilsetjinga ved St. Olavs Hospital heiter at poenget er å tilby «en samtaletjeneste uten en religiøs horisont», er det nærliggjande å spørje om utgangspunktet då er ei førestilling om at samtale med prest automatisk inneber ein samtale under ein religiøs horisont og at presten ikkje er ein habil samtalepartnar når symptom på religiøse innslag blir påstått å vere kjemisk borte frå pasientens lepper og sinn? Ligg det her ei bestemt oppfatning til grunn om kva ein kan og ikkje kan dele med og utfordre sjukehusprestar på, men utan at ei slik trongsynt førehandsoppfatning der og då blir testa og eventuelt stadfesta? Er det her innslag av ei fordomsfull innstilling til presterolla, og som den lokale prestetenesta ved St. Olav i dette tilfellet sjølv medverkar til å forsterke ved å tilsette ein alternativ samtalepartnar?

At presten sin konfesjonelle ståstad er ei hindring for å opptre som ein adekvat samtalepartnar der temaet hos konfidenten går utanfor den i strikte forstand religiøse radaren, reknar eg i det lengste med at knapt nokon kollega verken i sjukehus eller kyrkjelyd vil kjenne seg igjen i og innestå for. I møte med ulike forsøk på å halde ved like denne karikaturteikninga er det all grunn til å understreke dette. Å takke nei til presten som samtalepartnar er naturlegvis fullt legitimt. Men det førekjem meg å vere ytterst uheldig at det er ei presteteneste som i dette tilfellet står i bresjen for eit tiltak som lett vil byggje opp under inntrykket av at prestar treng såkalla ikkje-religiøse «stand in» for å sikre ei religonsfri sone rundt klienten og dermed ivaretaking av denne sin autonomi. Burde ikkje ressursane med fordel heller brukast til å krympe og om mogleg avlive ei slik (for)førande førestilling ved at informasjonen om prestetenesta er oppklarande på dette punktet og ved å vise kva dei ordinerte prestane faktisk er gode for som samtalepartnarar – også i ikkje-religiøse tema?

Etter mange tenesteår på sjukehus er det mi erfaring at kompetansen i rolla som samtalepartnar og støtteperson for menneske i livskrise jamt over ikkje er meir velutvikla hos utøvarar med ein erklært ikkje-religiøs ståstad enn hos dei utøvarane som vedstår seg og er opne om si trusmessige forankring. Likeins har eg til gode å registrere at rådgivingsvitskap har vist seg å vere meir relevant enn sjelesorg og pastoralklinisk bakgrunn i denne funksjonen, noko ein kan få inntrykk av gjennom tilsettinga ved St. Olav. Heller ikkje er eg kjent med at verksame prestar i kraft av sin evangelisk-lutherske trusbakgrunn har dispensasjon frå krava om å lytte til og spegle den andre, vise empati, toleranse og respekt og leggje for dagen den opne og imøtekommande innstillinga som dei sjølve helst ville bli møtt med i ein vanskeleg livssituasjon. Snarare tvert imot. Eg er rimeleg sikker på at også eit rikeleg utval av agnostikarar og ateistar kan underskrive på dette etter å ha nytta seg av tilbodet om kontakt med sjukehusprest.

I deI tilfella ein prest viser seg å vere ueigna som samtalepartnar, noko som saktens kan førekomme, er såleis årsaka neppe å finne i prestens trusfundament. Då er det heller grunn til å søkje forklaringa i presten som person og spørje i kva grad trusbakgrunnen, utdanninga og arbeidet med seg sjølv har hatt nokon effekt i så måte. Like gjerne kan det vise seg at konfidenten for sin del har eigne røynsler som der og då gjer tanken på samtale med ein prest nokså uaktuell. Poenget er at det heile blir urimeleg stereotypt når det er trua og religionen som blir brukt som eit generelt alibi for å erstatte presten i samtale om ikkje-konfesjonsprega spørsmål, som til dømes livssituasjonen og ulike kjensler knytta til denne. Tru er såleis verken eit vilkår eller ei hindring for å bruke tilbodet om prest som samtalepartnar på sjukehus. Den bodskapen bør det ikkje hefte nokon tvil ved.

Neglisjering av religion i møte med sjukdom og død?

«Religion er kultur, familiebakgrunn og samhold. Og tro. Men behov for stabilitet, tradisjon, seremonier og tilhørighet er allmennmenneskelige utenfor troen på noe transcendent. Å være kulturkristent medlem i folkekirken er et gyldig religiøst ståsted når religion handler mer om hvem du er enn hva du tror. Eller om du tror på «riktig» vis.» skriv journalist Oda Rygh i Dagbladet 30. mars 2016 under overskrifta Ateist på kirkebenken.

Mange lever med ein kamuflert trus- og tvilsproblematikk og ei forlegen, anonym barnetru. Denne problematikken og denne trua har også tilhald i pasient- og pårørandeposisjonen. Vil ikkje då ein samtalepartnar som i utgangspunktet har definert seg på armlengdes avstand til religion, krympe premissane og rommet for samtalen? Kvar blir det her av ambisjonen om å sjå og ta på alvor heile mennesket i den gitte livssituasjonen? Står ein ikkje i fare for programmessig å neglisjere og tabuisere den frå før nokså ordfattige – men ofte kjenslerike – bagasjen med tvil og tru, og som ikkje minst i møte med sjukdom og død kallar på gehør og respons?

Presteteneste, men langt ifrå prest!

I mange av oppdraga som sjukehuspresten inngår i er samtalen så avgjort eit sentralt medium. Difor er rolla som samtalepartnar noko av kjernen i denne tenesta. Men når denne rolla uttrykkjeleg blir avgrensa mot tema som sorterer under tru og religion, samstundes som utøvaren organisatorisk og i følgje id-kortet sitt opptrer på vegner av prestetenesta, blir paradokset etter mitt skjønn openlyst og i største laget. Her lar arbeidsgivar stillingsinnehavaren sigle under eit flagg som både utøvaren og sjukehuset veit det ikkje er tenestemessig dekning for. Byr ikkje dette på eit betydeleg kommunikasjonsmessig problem? Det er i alle fall ikkje særleg ryddig og respektfullt i møte med brukarane når det viser seg at denne samtalepartnaren inngår i vaktordninga for prestetenesta, men verken kan yte sjelesorg eller gi nattverd hos til dømes ein pasient som har bedt om prest i ein angstprega fase ein sein kveldstime. Kva om det dukka opp ein ikkje-medisinar der det var uttrykkjeleg spurt etter ein lege? Kva om ein fysiokjemikar med skolering i rådgiving melde seg til teneste, men der behovet var ein psykolog?

Tenestekategori og tilsetjingsvilkår

At eit helseføretak har tilsettingsrett i stillingane sine – også dei som er omfatta av prestetenesta – er det liten tvil om. Spørsmålet er om eit enkelt føretak dermed kan sette til sides elementære og hevdvunne kriteriar for bestemte stillingsgrupper og erstatte desse med andre og til dels motsette kriteriar, samstundes som ein presenterer stillinga under den gitte profesjonen. Særleg kjem denne endevendinga av kompetansekrava til syne når – som i dette tilfellet – teologi som grunnutdanning blir bytta ut med ei pleieutdanning på mastergradsnivå, og når sjelesorg som spesialisering blir avløyst av sekulær rådgiving.

Minst like tydeleg blir sjongleringa med sentrale kriteriar når det kjem for ein dag at teologi og sjelesorg i denne samanheng i realiteten blir sett på som eit drawback, medan ein såkalla ikkje-religiøs horisont blir eit vilkår, og bakgrunn i rådgivingsvitskap blir tillagt å vere ein avgjerande faktor for tilsettinga. Ein slik omgang med tilsettingskriteriar ville neppe vere mogleg innanfor ei anna tenestegruppe i spesialisthelsetenesta. Korleis kan det då ha seg at den finn stad innanfor rammene av den etablerte sjukehusprestetenesta og med den lokale leiaren som ein ivrig forsvarar?

Mange lever med ein kamuflert trus- og tvilsproblematikk og ei forlegen, anonym barnetru. Denne problematikken og denne trua har også tilhald i pasient- og pårørandeposisjonen.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse