fbpx – Kva tyder ordet «jordmor»? Hopp til hovedinnhold

– Kva tyder ordet «jordmor»?

Bildet viser en jordmor anno 1976 med et nyfødt barn i armene på Ullevål sykehus

– Jordmoryrket er den eldste kvinneprofesjonen vi veit om, og dei aller fleste hevdar at ordet jordmor kjem av at fødselen i gammal tid skjedde på jordgolv. Men saka er ikkje så opplagd, skriv professoren.

På kvinnedagen 8. mars 2020 uttalte statsråd Abid Raja at regjeringa har avgjort at alle statlege yrke skal ha kjønnsnøytrale titlar. Til Aftenposten sa han da om jordmornamnet:

«Vi har fått kartlagt hvor jordmorbegrepet faktisk kommer fra. Det stammer fra en tid da barnet ble tatt imot på et jordgulv. Så tok man det fra jord og ga det til mor, altså 'jordmor'."

Nesten alle dei oppslagsverka vi har hevdar noko som liknar på det statsråden er inne på her, nemleg at ordet jordmor kjem av at fødselen i gammal tid skjedde på jordgolv. Men koplinga statsråden gjer med staden for fødselen (jordgolv) og at ei løfting av barnet frå jorda til mora skulle gi jordmor, er knapt tenkjeleg. Det er nok så at funksjonen å løfte barnet opp etter fødselen har vore vist til (sjå nedanfor om italiensk og tysk), men da meiner ein at det primært var for å gi barnet til faren som i gammal tid skulle avgjera om barnet skulle knesetjast og få leva, eller setjast ut for å døy.

Det er ulike teoriar

Her skal eg greie ut om dei ulike teoriane vi har, om kvar «jordmorbegrepet faktisk kommer fra», som statsråden sa. Saka er nemleg ikkje så opplagd som han såg ut til å meine. Og når oppslagsverka våre er så samstemde i at ordet kjem frå tida med fødsel på jordgolv, er nok grunnen den at dei meir er avskrift av kvarandre enn at forfattarane kvar for seg har utgreidd spørsmålet nøyare – og så kome til same resultat.

Orda for den som bistår ved fødselen, er ulike frå språk til språk.

Orda for den som bistår ved fødselen er ulike frå språk til språk, og dei tar utgangspunkt i fleire av dei funksjonane eller handlingane som fødselshjelparen har eller utfører:

Latin: obstetrix, av obstare = stå framfor, om kvinna som står framfor den fødande; norrønt: nærkona, om kvinna som er nærverande ved fødselen; italiensk: ostetrica (jf. lat.), også levatrice av lat. levare = heve; om kvinna som løftar opp barnet etter fødselen; spansk: comadre/comadrona = med-mor; fransk: sage femme = klok kvinne; tysk: Hebamme, frå heben, jf. mellomlågtysk hevemôder, om kvinna som løftar opp barnet etter fødselen; engelsk: midwife = med-kvinne; nederlandsk: vroedvrouw = klok kvinne; svensk: barnmorska, frå mellomlågtysk bademôdersche, om den som badar det nyfødde barnet; islandsk og færøysk: ljósmó∂ir; dansk: jordemoder; norsk: jordmor, i dialektane finn vi òg ljosmor, nærkone, stråmor, linnmor.

Jordgolv er ikkje einaste forklaring

Fleire tilhøve har såleis vore med på å gi namn på fødselshjelparen i dei ulike språka. Det er ei klok kvinne (fransk, nederlandsk), som er med (spansk, engelsk) eller nærverande (norrønt), som står framfor den fødande (latin), som løftar barnet opp (italiensk, tysk), som badar barnet (svensk). Alt dette er lett å skjøna som grunnlag for ord for fødselshjelparen.

Jord eller lys har ikkje noko direkte med fødselen å gjera.

Men verken jordmor eller ljosmor fell naturleg inn i dette. Jord eller lys har ikkje noko direkte med fødselen å gjera.

Det vi da må prøve å koma fram til er ei forklaring på ordet jordmor som etter innhald og i språklig-historisk samanhang står til truande. Enda dei norske standardverka i dag stort sett seier det same om opphavet til ordet jordmor, er det likevel ikkje slik at forklaringa med jordgolv har vore den einaste. Fire ulike forklaringar har frå 1800-talet og framover vore framme.

Jordmor = gjordmor

Frå ågjorde v., dvs. «omgjorde». Fødselshjelparen «om-gjorder» den fødande anten ved å binde noko rundt midja hennar, eller ved å halde rundt henne bakfrå. På 1800- og tidleg 1900-tal blei «jordmor» ofte skrive «gjordmor», m.a. gjorde Hamsum det.

Men hadde dette vore riktig, skulle vi vente å finne tidlege døme på skrivemåten med «gj» frå før lyd-samanfallet gj- og j- var skjedd. Vi finn berre døme med «j», og følgjeleg kan ordet vanskeleg ha noko med «omgjording» å gjera.

Jordgolv-forklaringa

Denne forklaringa har til no vore å finne i alle standardverka, nemleg at fødselen var på jordgolv i eldre tid. Det første danske belegget vi har på ordet jordemor er frå så seint som 1535. Mange fødslar på 1400- og 1500-talet skjedde slett ikkje på jordgolv. At jordmora da skulle bli kalla slik på grunn av dei meir kummerlege tilhøva i tidlegare tider, er det ingen grunn til å tru.

Ein variant av jord-teorien er at det ikkje er jordgolvet i seg sjølv som er viktig.

Ein variant av jord-teorien er at det ikkje er jordgolvet i seg sjølv som er viktig, men ei kraft som dei meinte kom frå jorda. Vi er da over til neste forklaring: Jordånd/Moder Jord-forklaringa.

Jordånd/Moder Jord-forklaringa

Denne forklaringa gir ein klart betre grunn til at ein fødsel skulle gå føre seg på eit jordgolv enn at ein ikkje hadde anna. Sjølve jorda blei assosiert med mektige krefter. Er altså jord- i jordmor å forstå som noko anna enn «mold»?

Vår første professor i etnologi, Nils Lid, tok rett etter krigen dette momentet heilt ut og meinte at ordet jordmor er «a transfer from a female earth genius dwelling in the houseground». Lid legg særleg vekt på ordet for jordmor i samisk, madderakka, som òg er namnet på ei jordgudinne under samehytta: «Maddarakka is originally also a variant of the widely known Great Mother. The earth-mother, jord-moder, for midwife, must be explained as a transference from a spirit named like that», skriv Lid i 1946. I et føredrag same året i Det Norske Videnskaps-Akademi sa han: «Ein må tolka hjelpekona jordmor som ei overføring frå eit vette med same namnet, som er tenkt å vera hjelpeånd for barnet».

Med tanke på jordmoras viktige funksjon og sosiale status i mange samfunn er dette ei forklaring som må seiast å vera meir truverdig enn jordgolvforklaringa aleine.

Jordmor = jodmor

Denne forklaringa har å gjera med ordet for nyfødd barn i norrønt: jó∂. Med dette ordet kan både jordmor og ljosmor forklarast ut frå det same opphavet, nemleg eit tenkt jo∂amódir/ jo∂smódir. Som følgje av at ordet jó∂ for nyfødd barn gjekk av bruk, blei ordet for fødselshjelparen utvikla i to retningar: éi gav jordmor som resultat (med tilknyting for folk til ordet jord), den andre gav ljosmor (med assosiasjon til ordet lys/ljos).

Det tiltalande med denne forklaringa er at ho både er språkleg og sakleg forståeleg. Vi slepp å argumentere med fødslar på jordgolv, heller ikkje treng vi å appellere til Moder Jord-symbolikk. At ei jordmor har med eit foster/nyfødd barn (jó∂) å gjera, er som det skal vera, og språkleg er utviklinga ikkje usannsynleg. Folkelege omlagingar, såkalla folkeetymologiar, når tydinga av eit ord(element) – her jó∂ – ikkje lenger blir forstått, fins det mange døme på. At ordet jordmor først dukkar opp i denne forma så seint som på 1500-tallet, passar òg godt inn i denne forklaringa.

I dag er det fortenstfullt at éi av dei større ordbøkene har tatt inn forklaring 4 (jordmor) som ein mogleg etymologi. Det er nettordboka NAOB.no frå det Norske Akademi for Språk og Litteratur. Men, kanskje for å vera på den sikre sida, nemner også denne ordboka først jordgolvteorien. Eg meiner nok den fortener å pensjonerast no.

Bør heite jordmor

Kva bør så ei(n) jordmor heite frå no av etter det regjeringa har vedtatt om kjønnsnøytrale nemningar? Eg meiner svaret på det bør vera nett det same som Den norske jordmorforening svarte den gongen den første mannlege jordmorstudenten tok til med utdanninga si.

Det er flott om fleire menn vil utdanne seg til yrket, men dei bør ha det same yrkesnamnet.

Jordmorforeininga stod den gongen beinhardt på at namnet ikkje skulle endrast. Det skulle framleis vera jordmor. Slik bør det vera no òg for den eldste kvinneleg yrkesnemninga vi har. Det er flott om fleire menn vil utdanne seg til yrket, men dei bør ha det same yrkesnamnet. Dersom det er viktig, kan dei gjerne setja «mannleg» framfor: mannleg jordmor.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse