Omskjering av kvinner i eit norsk helseperspektiv
SAMMENDRAG: Artikkelen set søkelys på temaet kvinneleg omskjering i ein norsk samanheng. Målet er å gje forståing for og kunnskap om noko av bakgrunnen for at denne skikken finns, utan med det å forsvare den. Sjukepleiarar treng ein reiskap som gjer dei i stand til å yte god sjukepleie til kvinner som har vore utsett for omskjering, og den reiskapen er kunnskap.
Utfordringane veks, og temaet kvinnelig omskjering er
aktualisert gjennom auka migrasjon til Noreg frå land med slik
praksis. Tilfanget på kunnskap er avgrensa, for ikkje å seie
fråverande i pensum på sjukepleiarhøgskulen. Det finns litteratur
om emnet, men lite som er retta mot sjukepleiaren si rolle.
I Veileder for helsepersonell i Norge om kvinnelig omskjering
heiter det:
«En del helsearbeidere kan fortelle at de blir overveldet av
sine egne følelser når de ser underlivet til en omskåret kvinne,
eller når de skal snakke med flyktninger og innvandrere om
omskjæring. Dette er ikke noe godt utgangspunkt for profesjonelt
arbeid. Poenget er ikke at helsepersonell skal være ufølsomme, men
at de i pasientkontakten ikke skal bli så overveldet av egne
reaksjoner at de ikke makter å sette pasienten i sentrum. Målet må
være å utvikle profesjonalitet gjennom økt kunnskap og
sensitivitet...
...Faktisk kunnskap om kvinnelig omskjæring viser seg å fungere
godt for å bearbeide egne reaksjoner» (1, s. 59).
Alle pasientar har rett til og krav på heilskapleg og god
sjukepleie. Kvinnelege pasientar som er omskorne har ei spesiell
bakgrunnshistorie, og utan å kjenne noko av denne historien blir
det vanskeleg å møte pasienten med det Kari Martinsen kallar
«hjertelag og faglighet» og å få til at «menneskelighet, hjertelag
og faglighet skal virke sammen» (2, s. 41).
Som sjukepleiar er det viktig og nødvendig å ha kunnskap om
sjukdomar og komplikasjonar som kan oppstå på grunn av kvinneleg
omskjering. Men det er òg viktig å vite noko om årsaka til at
omskjering blir utført. Utan å ha det i botnen vert det vanskeleg å
yte god sjukepleie, for haldningane og reaksjonane våre vert
avslørt av korleis vi handlar. Å kjenne til nokre av årsakane, kan
gjere oss betre i stand til å bearbeide eigne reaksjonar, og såleis
bli profesjonelle i møtet med kvinnene det gjeld.
Artikkelen fokuserar på vaksne, kvinnelege pasientar med eller
utan komplikasjonar som er relatert til omskjering. Eg ser for meg
at pasienten er ei kvinne på rundt 50 år, som kjem frå eit land i
Afrika sør for Sahara. Ho har budd så lenge i Noreg at daglegdags
kommunikasjon på norsk går greit. Kvinna er blitt omskoren som barn
- infibulert. Det tyder at ho delvis eller fullstendig har fått
fjerna ytre genitalia, og at ho er gjensydd slik at vaginalopninga
er forsnevra.
Ho har budd så lenge i Noreg at ho kjenner til norsk lov og
norsk samfunn si haldning til omskjering, ho har sett avisdebattane
og oppslaga om jenter som gjer opprør mot skadelege tradisjonar, og
ho opplever kontrasten mellom at det ho var stolt av i Afrika
stigmatiserer henne i Noreg. Ho er pasient på sjukehus, og
situasjonen hennar gjer at ho treng hjelp til stell og personleg
hygiene.
Kvinneleg omskjering - eit aktuelt tema
Det er vanskelig å talfeste kor mange omskorne kvinner som bur
i Noreg. Likevel veit vi at denne gruppa er så stor at det er
rimeleg å tru at dei fleste sjukepleiarar i norske sjukehus kjem i
kontakt med nokre av dei. Verdens helseorganisasjon (Who) har
fleire satsingsområde som gjeld kvinner si helse. Eit av dei er å
utrydde nye tilfelle av kvinneleg omskjering, og hjelpe til for å
rehabilitere kvinner som alt er omskorne (3).
Ikkje minst dei aukande oppslaga i media dei siste to åra, gjer
temaet aktuelt. Unge kvinner har stått fram og fortalt sine
historier, og aviser og andre media har vinkla dette på sin måte.
Sjukepleiarar treng meir kunnskap om kvinneleg omskjering,
fordi dette er ei av dei nye utfordringane i det norske samfunnen.
Helsesyster og jordmor har den direkte kontakten, og møter kvinner
og barn i samanhengar der omskjering står i fokus. Men
sjukepleiarar som arbeider med akutt og kritisk sjuke i ein
sjukehuspost, vil òg møte kvinnelege pasientar som har særskild
trong for hjelp på grunn av at dei er omskorne. Det kan vera
komplikasjonar som er direkte knytte til omskjering, eller kvinnene
kan vere innlagte av heilt andre grunnar, men treng vår hjelp til
stell og personleg hygiene.
Eg meiner at temaet og problemstillinga er relevante både i eit
sjukepleie- og i eit samfunnsperspektiv. I Sykepleierens
yrkesetiske retningslinjer står det:
«Grunnlaget for all sykepleie skal være respekten for det
enkelte menneskets liv og iboende verdighet. Sykepleie skal baseres
på barmhjertighet, omsorg og respekt for grunnleggende
menneskerettigheter. Sykepleieren ivaretar den enkelte pasients
integritet, herunder retten til en helhetlig omsorg, retten til å
være medbesluttende og retten til ikke å bli krenket.»(4)
Lov av 2. juli 1999 nr. 62 om pasientrettar gjev alle som er
busett i Noreg rett til nødvendig helsehjelp frå kommunehelse- og
spesialisthelsetenesta. Kvinner og jenter som er omskorne har difor
rett til nødvendig helsehjelp etter vanlege reglar. Lov av 2. juli
1999 nr. 64 om helsepersonell regulerer helsepersonell si
yrkesutøving. Helsepersonell kan møte kvinnelege pasientar som har
blitt omskorne. Den helsemessige oppfølginga står då i fokus.(5)
Omgrep og ordbruk
Det blir brukt ulike omgrep for å beskrive kvinneleg
omskjering: «Female Genital Mutilation» (FGM) er omgrepet vi ofte
møter i engelsk språk, og er òg det omgrepet som Who brukar.
«Kjønnslemlesting» er eit anna uttrykk, som samstundes uttrykker
overgrepet i det å bli omskoren. Kvinnelig omskjæring kalles òg
kjønnslemlestelse for å skilje det frå fjerning av forhud på gutar
og menn, som gjøres av religiøse, hygieniske eller tradisjonelle
grunnar (3, s. 278).
Statens veileder for helsepersonell i Norge om kvinnelig
omskjering brukar uttrykket «kvinneleg omskjering», og difor brukar
eg dette uttrykket her. Der det fell naturleg og ordet «kvinne» alt
er med i setningen, brukar eg berre «omskjering».
Kva er kvinneleg omskjering?
Det er fleire typar kvinneleg omskjering, og uttrykka har vore
mange og varierande. For å prøve å rydde opp i dette har Who
foreslått gruppering i fire ulike typar:
Type 1. Fjerning av forhud på klitoris, med eller uten delvis
eller fullstendig fjerning av klitoris.
Type 2. Fjerning av forhud og klitoris, pluss delvis eller
fullstendig fjerning av labia minora (dei små kjønnsleppene).
Type 3. Delvis eller fullstendig fjerning av ytre genitalia, og
gjensying slik at vaginalopninga blir forsnevra.
Type 4. Alle andre former, inklusiv prikking og stikking i
klitoris, strekking av klitoris og/eller kjønnslepper,
kauterisering ved brenning av klitoris og omliggande vev, innføring
av etsande stoff i vagina for å minske volumen, samt ein del andre
inngrep og skader.
I annan litteratur vert type ein kalla sunnaomskjering, type to
klitoridektomi og type tre infibulasjon (6).
Kor stort er omfanget i Noreg?
Vi veit ikkje sikkert kor stort omfanget er i Noreg. Det vi må
sjå på, er kor mange kvinner med bakgrunn frå land som praktiserer
kvinneleg omskjering som bur i Noreg. Per 1. januar 1999 budde det
9941 kvinner med afrikansk bakgrunn i Noreg. Av disse kom 4982 frå
land som praktiserar kvinneleg omskjering ( Statistisk sentralbyrå:
aktuell befolkningsstatistikk nr.2/2000, og Who: Female Genital
Mutilation: Information Kit. Geneva,1996 i Veileder for
helsepersonell 5-2000).
Etter 1. januar 1999 har denne gruppa auka, og ifølgje
Utlendingsdirektoratet har det i løpet av 1999 kome 2000
asylsøkjarar til Noreg frå land der kvinneleg omskjering er vanleg,
men dette er tal som omfattar begge kjønn og alle aldrar.
Den kvinnelege pasienten eg tenkjer meg har vore utsett for
type tre omskjering, infibulasjon. Vaginalopninga er forsnevra, og
det er berre liten passasje for urin og menstruasjonsblod. Den
største afrikanske gruppa i Noreg er frå Somalia. I Somalia blir
kvinneleg omskjering praktisert hjå 98 prosent, og fire av fem
tilfelle er type 3, infibulasjon (1, tabell s. 13).
Sjølv om vi ikkje har nøyaktige tal, veit vi likevel nok til å
seie at dette er ei gruppe av ein viss storleik. Det er rimeleg å
tru at sjukepleiarar i norske sjukehus kjem i kontakt med nokre av
kvinnene det gjeld.
Helseskader av kvinneleg omskjering
Helseskader av kvinneleg omskjering kan vera mange, og kan
gripa inn i livet på det fysiske, psykiske, åndeleg og sosiale
plan. Statens helsetilsyn slår fast at «kvinnelig omskjæring er en
helsefarlig skikk, med alvorlig sykelighet og dødelighet til følge»
(1, s. 43). Det er likevel liten kunnskap om omfanget av
helseskadene, og kva ein skal inkludera i omgrepet «helseskader».
Her vil eg ta for meg det som kan vera fysiske konsekvensar
knytt til kvinneleg omskjering. Det finns ikkje mykje kunnskap om
dette, men likevel er det ein del sjukdomar som kan skuldast
inngrepet, sjølv om dette er sjukdomar og plager som òg kan vera
kjende tilstandar for mange kvinner som ikkje er omskorne.
Ved infibulasjon kan det dreia seg om:
Fistel mellom endetarm og skjede, eller med felles opning
mellom skjede, urinblære og endetarm.
Nevrinom, dersom dorsal nerve på klitoris er overskoren. Dette
kan gje permanente smerter i heile genitalområdet.
Urinvegsinfeksjonar og dysmennorrhoe, som kan henge saman med
infibulasjon. Dette kan oppstå reint mekanisk fordi opninga er så
lita at både urin og menstruasjonsblod har vanskar med å passere.
Infertilitet, fordi det kan vere umogeleg å gjennomføre samleie
på ein måte som er optimal for befruktning. Infibulasjon kan
dessutan disponere for oppadstigande infeksjonar som fører til
tette eggleiarar.
Seksuelle problem, som problem med å gjennomføre samleie,
dyspareuni (smerter ved samleie) og vaginisme (smertefull krampe i
skjeden).
Smerter i perineum som følgje av arrvev eller nerveskade.
Cyster som oppstår fordi granulert vev har mista sine
utførselsgangar.
Keloid (fortjukkelse av vev) (1).
Kunnskap
I boka «Kultursensitivitet - Om å finne likhetene i
forskjellene» refererer Ragnhild Magelssen til undersøkingar som er
gjort. Ho er sosialantropolog og sjukepleiar, og arbeider til
dagleg ved Senter for internasjonal helse. Undersøkingane ho viser
til i boka fortel at både helsearbeidarar og pasientar med
innvandrarbakgrunn strevar i møtene med kvarandre, og møtene blir
ofte referert til som kulturkollisjonar av begge partar (7).
Magelsen seier: «Det er min påstand at kompetanseheving med
hensyn til kulturforskjeller kan være et middel til å oppnå større
kultursensivitet.» Ho seier at det er viktig å ha kunnskap om
korleis eit liv som medlem av ei etnisk minoritetsgruppe kan verke
inn på helsa, og om ulike tema som kropp, helse, sjukdom,
behandling og omsorg når vi samtalar med pasientar med ein annan
kulturell bakgrunn enn vår eigen.
Eg har valt å fokusere på ein kvinneleg pasient som har vorte
omskoren som barn. I Veileder for helsepersonell nr 5-2000 heiter
det: «Innvandrere som kommer til Norge, og som omskjæring av
kvinner er aktuelt for, kan oppleve det svært støtende at bare ett
trekk ved deres kultur blir gjenstand for stor oppmerksomhet, mens
det er liten eller ingen interesse for, eller kunnskap om, andre
viktige kulturtrekk. Mange av de som kommer hit, har en
livssituasjon som er uoversiktlig og vanskelig, med mange
påtrengende og viktige problemer. Ensidig interesse fra norsk side
for et område som også for dem kan være pinefullt, og neglisjering
av deres andre viktige problemer, kan gjøre stor skade. Vi vil
derfor anbefale at helsepersonell som kommer i befatning med
kvinnelig omskjæring også setter seg inn i generelle forhold som er
relevante for dem som kommer hit, og i kulturbakgrunn og
livssituasjon til dem de møter.»
Magelssen drøftar dette, og seier at mediefokuseringa på
kvinneleg omskjering har vore med på å gje merksemd på den måten
som sitatet fortel om. Ho seier vidare at det likevel er viktig å
gripe fatt i temaet, fordi «mange norske sykepleiere representerer
et større eller mindre kunnskapshull» (7, s. 216). Ho refererer
vidare til at norsk lov forbyr omskjering av kvinner, og at ein må
informere om dette. Minst like viktig som denne informasjonen er
likevel dialogen. «Vi oppfatter skikken med kvinnelig omskjæring
som lemlestelse og som et overgrep mot kvinners reproduktive helse.
Når slike sterke reaksjoner vekkes, er det ekstra viktig å sikre at
tiltakene holder mål, både faglig og etisk. I arbeidet for å fremme
kvinners reproduktive helse må vi ha klart for oss at det ikke er
ulovlig for en kvinne å komme hit til landet som omskåret. Hun skal
behandles med respekt og omsorg og få et fullverdig tilbud om
behandling og rehabilitering.»
Kulturforståing
Kva er kultur? Vi ser ofte på kultur som normer og verdiar som
eit samfunn har felles. Korleis dette som er felles har oppstått,
kjem ikkje alltid klart fram, og ein veit det ikkje alltid heller.
Men i eit samfunn har nokre større autoritet enn andre, og kan
definere kva som skal vera normene. Kultur kan sjåast på som eit
nett av meiningar som menneska sjølve har vevd. Men det er langt
frå alle som tek del i denne vevinga. Dei fleste blir fanga i
veven, seier antropolog Bob Scholte.(1)
Det er ikkje rett å sjå på Afrika som eit einsarta kontinent.
Afrika har òg store skilnader. Men i mange afrikanske kulturar har
dei eldre stor makt og nyter stor respekt. Ei lita jente som blir
omskoren, har ikkje mykje ho skulle ha sagt. Men kulturen endrar
seg, same korleis vi definerer den. Hevdvunne oppfatningar vert
utfordra, og endringar veks fram.
«I vår dialog med mennesker som praktiserer denne skikken, er
det viktig å vite at omskjæring av kvinner har vært praktisert i
tusenvis av år og er dypt innvevd i det sosiale liv og i kvinners
identitetsopplevelse. I vår dialog må vi prøve å forstå og leve oss
inn i hva en skikk betyr både kognitivt, affektivt og praktisk for
de berørte. Å prøve å sette seg inn i det emiske perspektivet
(tilværelsen slik samfunnsmedlemmene selv erfarer og beskriver det)
er en måte å vise respekt på, uten at det forplikter oss til å
akseptere praksisen.» (7)
Safia Yusef Abdi kom frå Somalia til Noreg i 1992. Ho fortel at
då ho reiste frå Somalia, var ho stolt over å vere omskoren.
«Mother is proud that her daughter has been purified. The daughter
is also proud, the whole family is proud. When the last bandage is
removed, you receive a pretty new dress to wear. You get so many
notable things! From the whole family! You can't run, you have to
go slow so the wound doesn't rupture. Maybe they'll butcher a cow
and invite the whole family... it's a very good experience. If you
haven't had that experience, you're not really a part of the
family».(8)
Magelssen skriv at i samfunn som praktiserer kvinneleg
omskjering vert dette sett på som eit reint kvinnespørsmål, mens vi
oppfattar det slik at praksisen vert halden oppe avdi menn vil ha
full kontroll over kvinner sin seksualitet, at den skjer på menn
sine premissar og at skikken er strengt patriarkalsk. Ho seier at
det er ei myte at menn er imot at skikken blir avskaffa, og at
denne myta stikk djupt. Vidare seier ho: «I samfunn der skikken
praktiseres gir menn som har sex med omskårne kvinner ofte uttrykk
for at det er smertefullt og alt annet enn behagelig for dem, og at
de synes det er forferdelig å skulle forårsake smerte hos sin
partner.» (7, s. 217)
Menn fortel òg at dei har personlege opplevingar og haldningar
som ikkje passar inn i det stereotype bilde som framstiller mannen
som ein motstandar av å avskaffe skikken. Menn viser stor variasjon
i haldningar, og nokre føler seg fanga i konfliktar mellom eigne
opplevingar og andre sine forventningar til kva dei skal meine.(9)
Kva handlar kvinneleg omskjering om?
Kvinneleg omskjering handlar om å sikre jentene retten til
medlemsskap i eit livsviktig kollektiv som består av slekta og
lokalsamfunnet. Dette kollektivet ser til at du blir teken vare på
emosjonelt og økonomisk innafor dei rammene som fellesskapet har
bestemt. Utanfor desse rammene har du ingen garantiar (6). Slik
blir omskjering inngangsbilletten til det sosiale nettverket som
jenta og resten av familien tilhøyrer.
Det som skal kontrollerast, er fyrst og framst kvinner sin
seksualitet og fertilitet. Slik er det slekta som har
eigedomsretten til kvinna sin reproduksjon, og ikkje kvinna sjølv.
Omskjering blir ein reiskap som er med på å bestemme kvinnene sin
status i samfunnet. Kvinneleg omskjering er ofte gjennomført som
eit overgangsrituale frå barn til vaksen, og er ein del av ei
opplæringsperiode som inneheld ulike rituale. Det finns mange
grunngjevingar for skikken med kvinneleg omskjering. Det kan vere å
sikre femininitet, at jenta er jomfru når ho giftar seg og å hindre
promiskuitet.
Det leggjes meir vekt på kvinner sin evne til reproduksjon og
deira rolle som mor enn hennar seksualitet: «Infibulasjon er
således, i en liten landsby i Nord-Sudan hvor antropologen Janice
Boddy gjorde feltarbeid, en symbolsk handling som skal fremheve
kvinners reproduktive potensiale - men på bekostning av hennes
seksualitet. Ved at kvinnene insisterer på at deres døtre skal
infibuleres, fremhever de kvinnens rolle som mor for sønner og ikke
hennes rolle som elskerinne for sin mann. Det er slik hun blir en
respektert bestemor som blir lyttet til, slik hun vil bli husket i
generasjoner etter sin død» (6).
Det blir ofte hevda at kvinneleg omskjering har med religion å
gjera, og då spesielt at dette er ein muslimsk skikk. Men ingen
religion krev kvinneleg omskjering i sine skrifter, og skikken blir
praktisert av både muslimar, kristne, jødar og i tradisjonelle
afrikanske religionar. Kvinneleg omskjering er oftare bunde til
geografiske område enn til religion (1). Det er viktig at vi heller
ikkje blir historielause om eigen kultur. Det kan vere nyttig for
oss å ha i minne at vestleg tradisjon òg har tolka det slik at
kvinnelege kjønnsorgan har stor innverknad på sjukdom generelt.
Uttrykket «hysteri» kjem av «hyster» som tyder livmor, og fram til
fyrste verdskrig vart det utført klitoridektomi (fjerning av
klitoris) på kvinner som var meir seksuelt aktive enn det som vart
sett på som akseptabelt (1).
Sjukepleiaren si rolle
Når sjukepleiaren møter ei kvinne som er omskoren, møter ho ei
kvinne med ein kropp som på viktige område skil seg mykje frå det
ho er kjent med. Vestleg kultur som fokuserar på kropp og
seksualitet, vil gjere at dette møtet set i gang mange tankar og
kjensler. Det blir eit møte med ein pasient som har ein kropp ho
ikkje «kjenner», og det ukjende gjer oss utrygge. Å vera utrygg er
ikkje noko godt utgangspunkt i møte med pasienten.
Dersom vi skaffar oss kunnskap blir vi tryggare, og dermed i
stand til å yte god sjukepleie. Hvis kjenslene overveldar oss,
klarar vi ikkje å vere profesjonelle. Veilederen for helsepersonell
understrekar at faktisk kunnskap fungerar bra for å gjennomarbeide
eigne reaksjonar. Difor ser eg på å tileigne seg kunnskap som ein
avgjerande metode for å yte omsorg, slik Kari Martinsen omtalar
det.
Kari Martinsen
Kari Martinsen seier at omsorg er eit relasjonelt omgrep som
krev eit nært og ope forhold mellom to menneske, og at det omfattar
utføring av konkrete, situasjonsbetinga handlingar basert på ei
forståing av kva som er til beste for den andre. Då må eg som
sjukepleiar finne ut kva som skal til for at eg kan ha eit nært og
ope forhold til pasienten min.
Fyrst og framst må eg vere trygg, og trygg på kva eg skal gjere
reint praktisk. Det kan vera å hjelpe kvinna i ein stellesituasjon,
det kan vere at eg skal legge inn eit kateter, eller det kan vere i
ein situasjon der eg skal undervise eller informere. For å vera
trygg i møte med denne spesielle pasienten, må eg som i alle
pasientsituasjonar ha kunnskap om kva eg skal gjere. Men her må eg
òg ha andre kunnskapar som kunnskapar om bakgrunn, tenkjemåte, om
det som er annleis. Martinsen seier at «menneskelighet, hjertelag
og faglighet skal virke sammen». Ho forklarar dette med at dersom
sjukepleiaren manglar hjertelag, blir sjukepleiehandlinga redusert
til teknikk, og dersom berre «menneskeligheten» er til stades, blir
omsorga sentimental (2). Eg trur ikkje at vi klarer å møte denne
spesielle pasienten med hjertelag og «menneskelighet» uten at den
faglege delen er knytt til meirkunnskap, fordi omsorga vår elles
blir forstyrra av eigne overveldande kjensler.
Omsorga vi gjev avslørar haldningane våre. Ei haldning kan
definerast som ei relativt varig organisering av tankar, kjensler
og måtar å opptre på kring eit fenomen, eit spørsmål eller ei
etnisk gruppe. Ei haldning består av tre komponentar; tankar,
kjensler og handling (10). Dersom eg møtar pasienten med haldningar
om at kvinneleg omskjering er barbari, overgrep og forkasteleg,
tyder det at eg møtar pasienten med signal som liknar dei dei
norske avisoverskriftane gjev. Då har eg ikkje sett heilskapen, då
vil eg ikkje kunne yte omsorg, og kvinna vil gjerne vegre seg mot
omsorga eg prøver å gje.
Haldningar som viser at vi ser heile pasienten - ikkje berre
den delen av henne som er stigmatisert i Noreg - og som viser at vi
prøver å forstå, må ikkje berre gjelde den enkelte sjukepleiar. Ein
må tilstrebe at dei gjennomsyrer heile avdelinga. Det tyder at
kunnskap og forståing må vere tema på avdelinga, og at personalet
må få høve til å ta opp det vi er utrygge på. For å få til dette,
må haldninga vera ope slik at personalet veit at det er klima for å
ta opp og kjenne på eigne reaksjonar. Det må òg finnast litteratur
tilgjengeleg der heile personalet kan hente kunnskap.
Dersom eg i pasienten ser ei kvinne som har vore utsett for det
eg kallar overgrep, og ikkje meir, så ser eg ikkje heile mennesket.
For samstundes som eg ser ei kvinne som har vore utsett for
overgrep, som har fått rokka ved si seksuelle og reproduktive evne,
må eg òg sjå ei kvinne som har vore ein del av eit samfunn der det
å bli omskoren er å bli innvigd i eit samlag av kvinner, og at
dette blei gjort i kjærleik, gjerne av ei mor eller ei bestemor. Eg
må prøve å sjå den «veven» som pasienten er ein del av, og dersom
eg klarer å sjå den, trur eg at eg vil bli i stand til å gje betre
omsorg til pasienten.
Virginia Henderson
Virginia Henderson snakkar om at det er vår jobb som
sjukepleiarar å sikre oss at pasienten har nok krefter, kunnskap og
vilje til å ta eigne reelle val. Vår oppgåve som representant for
norsk helsevesen er òg å sikre at pasienten forstår oss og kva vi
kan hjelpe henne med dersom ho ynskjer det.
Om vi tenkjer oss at pasienten er på kirurgisk avdeling med
komplikasjonar som legen meiner skuldast at kvinna er infibulert,
så blir det vår oppgåve å formidle at for at ho skal bli frisk frå
plagene sine så bør ho deinfibuleras, og at dette er noko
sjukehuset kan hjelpe henne med.
Det er viktig å understreke at det er pasienten sjølv som rår
over eigen kropp, og ikkje minst gjeld dette for personar som har
vore utsette for overgrep. Men det er òg viktig at pasienten får
tilbod om hjelp, sjølv om det kan vera smertefullt å ta imot denne
hjelpa. Av frykt for å virka påtrengande er helsepersonell lite
aktive når det gjel å tilby kvinner rehabilitering etter omskjering
(1, s. 24).
Som sjukepleiar blir det min jobb å sikre at pasienten har
forstått kva hjelp sjukehuset kan tilby henne. Pasienten er den som
kjenner si historie, i sitt bilete, ut frå dei kunnskapar og
røynsler ho har. Men det kan hende at eg har meir kunnskap enn
henne når det gjeld kva helsemessige konsekvensar kvinneleg
omskjering kan føra til, og dette må eg formidla til henne. Dersom
hennar røynsler er at den sjukdomen og dei plagene ho strir med er
vanlege for alle kvinner, så er det ikkje sikkert at ho er klar
over at dette kan endrast. Fyrst når eg er sikker på at ho har
forstått kva eg formidlar, kan eg vere sikker på at ho er klar over
konsekvensen av det valet ho vil ta, enten ho vil ha hjelp til
deinfibulering på eit eller anna nivå, eller at ho takkar nei til
det. Eg må vere sikker på at ho har kunnskapane som skal til for å
ta eigne reelle val. I denne samanhengen er det slik eg tolkar det
Virginia Henderson seier om at pasienten skal bli så sjølvstendig
og uavhengig som mogeleg.
For at vi som sjukepleiarar skal kunne formidle kunnskap, må vi
sjølve ha forstått ikkje berre reint teknisk korleis ei
deinfibulering foregår, men òg kva dette set i gong av prosessar
for kvinna det gjeld.
Vår pasient har fått utført inngrepet som lukka henne då ho var
barn, og har difor gjerne få minne om korleis det er ikkje å vere
omskoren. Dersom vi kan sørge for at ho får snakka med andre som
har fått utført deinfibulering, kan det vere til stor hjelp. Vi må
prøve å opprette slik kontakt dersom pasienten ynskjer det. Statens
helsetilsyn har arbeidd med dette, og der kan vi hente hjelp til
korleis vi skal gå fram. Oslo Kommune har òg eigne program som
gjeld kvinneleg omskjering. Dei har knytt til seg fagfolk av
kvinner som sjølve har vokse opp i tradisjonen med kvinneleg
omskjering, som i dag engasjerer seg for at skikken skal opphøyre
og for at omskorne kvinner skal få hjelp (11). Dersom pasienten
ynskjer å treffe ei som har vore i same situasjon som ho sjølv er
no, og som har tatt eit standpunkt for å betre helsa, vil kvinna få
ei å snakke med som både har gjennomgått inngrepet ho har fått
tilbod om og samstundes ei medsyster med røter i same tradisjon.
Dette blir eit møte mellom to likeverdige kvinner som gjer større
sjanse for at pasienten kan få den kunnskapen ho treng for å gjera
eit reelt val.
Om kvinna har ein mannleg partnar, må eg fortelje henne at han
kan trekkast inn dersom ho ynskjer det. Eg har alt sagt noko om
menn sine haldningar til omskjering, og at dei langt frå er
stereotype. I ein konkret situasjon er det likevel viktig å hugse
på at det er kvinna sitt val om mannen skal trekkast inn eller
ikkje. Mitt ansvar er å signalisere at det frå vår side er rom for
han òg. Eg må vera varsam for å unngå å overføra på kvinna mitt
eige syn på åpenheit og seksualitet. Det er viktig å føle seg fram
for å finne ut om seksualitet og omskjering er eit tema eller ikkje
for dei det gjeld. Ei anna sak er at dette er eit tema som kan vera
vanskeleg å diskutere for oss òg. Vi har heller ingjen tradisjon
for å vera opne på feltet seksualitet. Så det krev at vi sjølve har
tenkt gjennom vårt forhold til seksualitet. Utan det klarar vi
ikkje å vera opne i samtalen.
Kultur og tradisjon
Chiku Ali, kvinneaktivist og kulturarbeidar i Bergen kommune,
fortel levande om dette med samhald og tilhøyre i eit intervju.
Chiku vaks opp på landsbygda i Tanzania, og tilhøyrer den etniske
gruppa Nyaturu. Ho opplevde sjølve omskjeringa som eit overgrep, og
ho fortel om korleis ho blei tatt med, såg barberbladet og skreik.
Samstundes fortel ho om kor stolt ho var etterpå over å ha blitt
omskoren. Bestemora lærte Chiku at det å vere omskoren er det å
vere verkeleg kvinne, først då kunne ho gifte seg og få mange barn.
Det å ikkje vere omskoren ville ha vanæra forfedrane hennar.
Å gjere opprør mot denne skikken set såleis mykje på spel. Det
er ikkje berre skikken ein gjer opprør mot, men mot dei ein er glad
i og mot heile miljøet og kulturen ein tilhøyrer (12).
I all kultur og tradisjon er det viktig å innordne seg
fellesskapet. I vestleg kultur kan vi kanhende seie at familieband
har blitt lausare enn dei tradisjonelt har vore, men i store deler
av Afrika er dette annleis. Kollektivet er trygt, familiesamhaldet
er viktig. Garantiane for eit trygt liv ligg i fellesskapet. Når
omskjering blir det som sikrar jenter og kvinner retten til
fellesskapet i slekta og lokalsamfunnet, så må vi forstå at dette
handlar om meir enn lemlesting av kvinnelege kjønnsorgan. Den
kvinnelege evna til reproduksjon er ikkje privat, kontrollen over
den tilhøyrer heile slekta.
Dersom ei mor veit at dottera hennar ikkje vil få ei leveleg
framtid utan å bli ein del av det fellesskapet ved å vera omskoren,
så kan vi forstå at valet er uunngåeleg. Eg trur at vi må prøve å
fatte dette.
Paradoksalt nok har det blitt hevda at kvinneleg omskjering er
helsefremjande. For oss er dette vanskeleg å fatte, men forklaringa
kan vere at dei som praktiserar kvinneleg omskjering ikkje er klar
over dei skadelege helsekonsekvensane. Plagene vert sett på som ein
del av det å være kvinne. Så sjølv om det tek opp til 20 minutt å
late vatnet, så er dette noko som mange kvinner opplever. Først når
nokre kvinner ikkje er omskorne, og det vert snakka ope om
seksualitet og kvinneplagar, så kan samanhengen mellom omskjering
og plagsame tilstandar bli synlege.
Som sjukepleiar er det mi plikt å formidle kunnskapen om kva
plager som kan skuldast kvinneleg omskjering, og eg må formidle den
slik at eg er sikker på at pasienten forstår det eg vil formidle.
Livssituasjonen til dei som har flytta til Noreg kan vera prega
av utryggleik og isolasjon. Det er slett ikkje sikkert at
omskjering er det dei er mest opptatt av i møte med oss som
helsepersonell. Det er vår oppgåve å finne ut av kva for behov
pasienten opplev at ho har. For at vi skal få god kontakt med
pasienten, slik at vi kan få gitt henne den hjelpa ho treng og har
krav på, må vi skape trygge rammer. Vi må gje informasjon som
fungerer som guiding av pasienten gjennom det nye miljøet (13).
Dersom dette er pasienten sitt første møte med eit norsk sjukehus,
er det mykje som er nytt, og nye kodar for samhandel skal løysast.
I samtale med pasienten må vi òg tenkje over at skikkar som
pasienten kanskje ville tatt avstand frå i heimlandet vert forsvart
eller får stor tyding når ho er langt heimefrå, og difor blir ein
del av hennar fellesskap med røtene og kulturen sin (7).
Dersom vi ser på norsk-amerikanarar i USA, ser vi noko av det
same. Få er så «norske» og så opptekne av til dømes nasjonaldrakter
og 17. mai som dei.
Vi må spørre oss om korleis vi skal handle for å nå fram til
kvinnene vi vil ha i tale, og korleis vi skal klare å forstå.
Avisoverskrifter av den storleik vi har sett dei siste par åra,
med påfølgjande tabloidiserte fjernsynsprogram, er ikkje ei god
tilnærming. Debatten har i stor grad sett skiljeliner mellom «dei»
og «oss». Stigmatiseringa aukar, og det er dette eg oppfattar at
Ragnhild Magelssen seier noko om når ho skriv at det er for
einsidig fokus på kvinneleg omskjering. Eg trur det er vanskeleg
for oss å forstå fullt ut kva dette handlar om. Men vi må prøve å
ta til oss «eit glimt, ei dogg, eit fjom, slik fuglane ber med seg
vassdropar frå lauget og vinden eit korn av salt».(14, s.149).
Konklusjon
Kvinneleg omskjering er i dag eit ope tema i alle afrikanske
land som praktiserar skikken, og i vestlege land som tek imot
flyktningar og innvandrarar frå desse landa. I Noreg finns mellom
anna somaliske kvinnegrupper som arbeider for betring av kvinner si
helse. Kvinnefronten har engasjert seg i arbeidet for å avskaffe
praksisen både i Noreg og internasjonalt, og i å støtte kvinner som
alt er omskorne (1).
Vestleg kvinnerørsle har engasjert seg i dette temaet i over 20
år. Dei forsto tidleg at eit initiativ til endring ikkje kunne
takast på vegne av andre, men at dette var eit arbeid som
afrikanske kvinner sjølve måtte gå i spissen for (15).
Rachel N. Manongi er lege ved Kilimanjaro Christian Medical
Center i Moshi, Tanzania. Ho tok doktorgraden ved Universitetet i
Bergen i 1998 på kvinneleg omskjering i Nord-Tanzania. Manongi
seier at argumenta for å halde fram med kvinneleg omskjering i
landsbyen Kahe ved Kilimanjaro for det fyrste var å styrke banda
til forfedrane, for det andre å bli sosialt akseptert og for det
tredje å unngå sjukdom. Ho seier vidare at arbeidet mot kvinneleg
omskjering må ta utgangspunkt i dette (16). Slik må
bakgrunnskunnskap danne grunnlag for forståing og endringar.
Det vi kan gjere både som sjukepleiarar og som
samfunnsengasjerte menneske, er å arbeide saman med afrikanske
kvinner. Dei har sine kunnskapar, og det er deira liv dette gjeld.
Dette må vi knyte saman med vår kunnskap om kvinnehelse.
Eg håpar at artikkelen viser at med meir kunnskap og større
forståing for kva kvinneleg omskjering er, kan vi som sjukepleiarar
vere i stand til å yte den omsorg som alle pasientar treng og har
krav på. Vår pasient har vore utsett for det både vi og Who
definerar som overgrep og brot på menneskerettar, men ho har vore
utsett for det under tilhøve der det var uråd å gjera det annleis
den gongen det skjedde. No er ho her. Ho treng vår hjelp, ho treng
respekt og omsorg og ho treng at vi ser henne som den kvinna ho er,
som vårt medmenneske.
Litteratur:
1. Veileder for helsepersonell i Noreg om kvinnelig omskjering.
5 - 2000 IK 2723. Oslo: Statens Helsetilsyn, 2000.
2. Mekki TE, Tollefsen S. På terskelen - introduksjon til
sykepleie som fag og yrke. Oslo: Akribe forlag, 2000.
3. Norges offentlige utredninger. Utviklingsspørsmål. Kvinners
helse i Noreg. NOU 1999: 13. Statens forvaltningstjeneste, Seksjon
statens trykning, 1999.
4. Sykepleiernes yrkesetiske retningslinjer. Oslo: Norsk
Sykepleierforbund, 2001.
5. Handlingsplan mot kjønnslemlestelse. Oslo: Barne og
familiedepartementet, 2000.
6. Mjaaland T. Kvinner Sammen 1- 2001, FOKUS, Forum For Kvinner
og Utviklingsspørsmål.
7. Magelssen R. Kultursensitivitet - om å finne likhetene i
forskjellene. Oslo: Akribe forlag, 2002.
8. Borey V. Female circumcision in Norway. artikkel mai 2002.
9. Rye S. Menns holdninger til omskjering. Kvinner Sammen 1998,
FOKUS; Forum For Kvinner og Utviklingsspørsmål.
10. Bunkholdt V. Psykologi. Oslo: Tano A/S, 1996.
11. Oslo kommune, prosjekt mot omskjering: www.okprosjekt.no
12. Søyland A. 2001.
13. Kristoffersen NJ. Generell sykepleie I og II Oslo:
Universitetsforlaget, 1997.
14. Hauge OH. Dikt i samling. Oslo, Det Norske Samlaget. 1985.
15. Strøm, Agnete 2001:
16. Manongi RN. The Power of Pain: Female Circumcision in
Northern Tanzania, Master of Philosophy in Health Promotion.
Bergen: University of Bergen, 1998.
0 Kommentarer