fbpx Ein cowboy rir Hopp til hovedinnhold

Ein cowboy rir

Sigbjørn hadde henta fram cowboyhatten. Den store budsjettdagen var komen.

 

Finansministeren skulle legge fram statsbudsjettet. Den politiske spenninga skulle utløysast. Kor mykje pengar er til disposisjon? Og korleis skal dei brukast i 2011?

 

I vekevis hadde rett nok den eine statsråden etter den andre tatt dagen på førehand, og lekka sine godsaker. Ganske sikkert etter løyve frå statsministeren. Meiningsmålingane hadde jo ikkje vore særleg positive for regjeringspartia den siste tida, så små dosar budsjettmedisin kunne kanskje skape litt meir velvilje blant folk flest.

Men no skulle Sigbjørn seie sitt. Vise fram heile fasiten. Og denne skulle leverast frå Stortingets talarstol, med start presis klokka ti.

Samstundes bygde spenninga seg opp. Spekulasjonane gjekk på morgonsendingane i radio og tv, og avisene hadde pressa sitronen for dei siste lekkasjar. Stortingets vandrehall fylltest opp av journalistar, organisasjonsfolk og kommentatorar. Både NRK, Tv2 og andre rigga seg til, og gjorde klar for direktesendingar. Reknemeistarane i opposisjonen og i organisasjonane hadde kalkulatorane klare, og mediefolka hadde spissa blyantane.

Unio var der sjølvsagt. Klar til å kommentere. Rett nok utan å ha full oversikt. Men at det ville bli knapt og for stramt i kommunesektoren var nærast bankers. Det var knapt nok nødvendig å lese budsjettet for å slå det fast. Og at det ville bli for svakt på samhandlingsreforma kunne vi rekne med. Likeeins var det temmeleg sikkert at forsking ville bli budsjett-tapar, tenkte eg.

I vandrehallen var det fleire Unio-folk. Mellom dei var Lisbeth Normann, sjukepleiarsjefen. Ho smilte, rett nok litt usikkert. Ikkje så verst for sjukehusa, var hennar første reaksjon.

Dei var der: KS-direktørar, folk frå NHO og LO og mange andre. Dei fleste hadde både krav og kritikk i bagasjen. Kanskje med eit unnatak for LO, som oftast omtalar eit Ap-budsjett i vennlege ordelag.

I salen blei budsjettproposisjonen levert i høgtidelege ordelag. Journalistane sin første reaksjon var nokså samstemt: Det var eit litt kjedeleg budsjett, helst grått. Kvar var overraskingane? Dei store satsingane? Kvar var dei store konfliktane, som journalistane gjerne jaktar på.

Men regjeringa har fleirtalet. Konflikt og støy blir dermed ein omveg til endeleg vedtak seinare på hausten. Formelt er det berre eit framlegg. Men i praksis er det nok knapt med rom for endringar i Sigbjørns Johnsens pengeplan. Han er henta inn for å stramme til. Cowboyantrekket illustrerer det heile: Litt nostalgi, men også mykje alvor. Han seier ikkje «pengane eller livet», men det er ikkje langt unna.

Dagen starta kaotisk. Men som vanleg var den også prega både av ritual og realitet. Budsjettet handlar om folk sin kvardag. Det handlar også om medlemmene sin arbeidskvardag. Det er grenser for kva ein kan makte – til og med for seigmenn og seigdamer.

Landet rundt vil mange merke at pengane ikkje strekker til. At tenestene blir færre og dårlegare enn dei burde vere. Og like problematisk – ofte vil det vere dei tilsette som må ta jobben med å fortelje folk at pengane ikkje rekk langt nok. Kanskje skulle dei krevje både cowboyhatt og meir til som arbeidsantrekk? Folket må jo forstå alvoret. Og at dette er til folkets beste. Vi sparer.

Vi sparer til kva, spør kritikarane? Til dårlegare tider, seier Sigbjørn. Ja, i så måte illustrerer det at budsjettet ikkje berre handlar om kvardagen, men like mykje om framtida. Hadde vi ikkje no sjansen til å bu oss ekstra godt på ei framtid som må skapast, først og fremst gjennom kunnskap og kompetanse? Legge til rette for eit folkehelseløft? Realisere månelandinga? Sjølvsagt er det tryggare her og no med eit greitt driftsbudsjett, og å stole på at oljefondet står seg. Men kor sikkert er no det? 80 prosent av nasjonalformuen er folks arbeid og kompetanse. Det er vel ei sikrare investering? Kanskje talar cowboyhatten tydelegare enn cowboyen er klar over. Cowboyen rir. Men rir han mot solnedgangen?

 

 

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse