fbpx Eit lite motstykke til pessimismen Hopp til hovedinnhold

Eit lite motstykke til pessimismen

Visst kan dagar med dykk vere krevjande, men dei er også fulle av gleder, skriv Anne Grethe Løset.

«Det er så godt å vere her. Du er eit herleg menneske. Du skulle hatt premie», seier du medan du ser på meg og smiler. For ein augneblink sidan hadde du kome andpusten inn i stova, kledd i dunjakke og lue. I handa bar du ei korg med diverse eigendelar: Strikketøy, tannkost, eit par sko, eit album.. Du tenkte det var på tide å kome seg heim. Om du kanskje kunne haike med meg?

Du er heime no

Det må verke nokså absurd å oppleve å vere på jobb eller i besøk, og brått bli fortalt at staden du er på, er heimen din. Eg fortel det likevel: «Du flytta hit då mannen din blei sjuk.»

Eg ser du tenkjer, og ventar litt før eg held fram: «Han låg på sjukeheimen. Du besøkte han kvar dag.» Du tenkjer meir, ser med eitt trist ut og spør om han ikkje er meir. «Nei, han er er ikkje meir. Derfor er du her. Så slepp du vere åleine.»
Får deg til å setje deg i kjøkkenkroken, og ta uteklea av. «Du kan halde meg med selskap medan eg smører kveldsmat», seier eg. Medan eg tek fram brød og pålegg, nynnar eg ein song du kan. Snart syng du med. Du slappar av.

Bunnlaust fortvila

Visst kan det vere slitsamt å gjenta i det uendelege at det er her du bur no. Visst er det vondt å sjå nokon bunnlaust fortvila. Det er lett å kjenne seg hjelpelaus når nokon er så tissetrengt at heile kroppen ristar, og vi ikkje greier å få vedkommande på toalettet. Det kan vere vanskeleg å svare venleg når kvart ord blir snudd til noko negativt.

Viktig å bli sett og lytta til

Visst kan dagar med dykk vere krevjande, men dei er også fulle av gleder: Å sjå eit bittert andlet endra seg til eit stort smil når vi danser walz til levande trekkspelmusikk. Å sjå apati sleppe taket og høyre orda: «Det finst ikkje betre medisin enn frisk luft.» Når vi tek oppvasken saman, og du gløymer at du eigentleg skulle heim. Når ho som ikkje greier å snakke forståeleleg, syng med, klart og tydeleg, når vi avsluttar dagen med «Fager kveldssol». Når han som er redd for å liggje i senga si, likevel blir trygg nok til å sove der når vi sit inne hos han. Når eg brukar eit av dei gode uttrykka du har lært meg, og du ler hjarteleg. Når du kan setje ord på kor viktig det er å bli sett og lytta til, og seier: «Det er så mykje eg ikkje forstår, men når du vinkar til meg, eller du sit her med meg, då blir eg heilt god att.»

Vinne hovudpremien

«Du skulle hatt premie», seier du. Det er som å vinne hovudpremien når du seier: «Det er så godt å vere her.»

Det er som å vinne hovudpremien når du seier: «Det er så godt å vere her.»

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse