Dei som aldri kan seie nei

LÅGE STILLINGAR: Dei må heile tida vere disponibel om arbeidsgjevar skulle trenge ekstravakter.

Med slaveliknande kontraktar må deltidstilsette i pleiesektoren alltid vere disponibel for arbeidsgjevaren.

Våren 2013 blei det gjennomført feltarbeid i to norske kommunale sjukeheimsavdelingar om hygiene. I den samanheng oppdaga me tilfeldig at åtte ufaglærte pleiarar hadde stillingar tilsvarande 11,27 prosent til 23 prosent. Seks av pleiarane hadde mindre enn 14 prosent stilling. Stillingstilbodet til ufaglærte i dei to avdelingane er det same i januar 2016.

Me har lenge vore klar over at deltid er utbreidd i sjukeheimar, men det var overraskande at stillingsprosentane var så låge.

Pleiarane som hadde 100 prosent stilling var gjerne gift eller sambuande med ein partnar som hadde relativt god inntekt. For eksempel ein sjukepleiar med inntekt på om lag 450 000 kroner kunne ha ein ektefelle som tente om lag ein million. Det vil sei ei samla årsinntekt på om lag 1 500 000. Ein ufaglært pleiarar med lav stillingsprosent, var vanlegvis gift eller sambuande med ein partnar som også hadde relativt låg utdanning og låg inntekt.

For eksempel ein ufaglært pleiar med 13,5 prosent stilling pluss ekstravakter tente om lag 200.000 kroner i året. Ho var gift med ein som tente 240 000 kroner i året. Totalinntekta var med andre ord om lag 440 000 kroner. Ei ufaglært einsleg mor som hadde rundt 12 prosent stilling, pluss ekstravakter, tente 240 000 kroner i året. Mest alle pleiarane i dei to sjukeheimsavdelingane hadde barn, så norske barn veks opp i familiar med svært ulike økonomiske vilkår.

Vere disponibel

Medan pleiarane med relativt høge stillingsprosentar kunne vere organiserte i fleire former for fritidsaktivitetar, deltok vanlegvis ikkje pleiarar med låge stillingsprosentar i sosiale fritidsaktivitetar. Det var rett og slett umogeleg fordi dei heile tida måtte vere disponibel om arbeidsgjevar skulle trenge ekstravakter.

Det var kamp om ekstravaktene. Det var ikkje berre dei ufaglærte som ville ha ekstravakter. Både ufaglærte og faglærte pleiarar fortalde at det var vanskeleg å få full stilling i avdelinga dei arbeidde i, så dei tok gjerne ekstravakter over alt i institusjonen. Enkelte kombinerte arbeid i sjukeheimen med arbeid i andre kommunale institusjonar. Enkelte av pleiarane hadde blitt alvorleg sjuke, og meinte det hadde samband med stresset med å skaffe seg levelege inntekter.

Pleiarar som ikkje er nøgde med arbeidsvilkåra kan slutte i sjukeheimen og søke seg til for eksempel butikk. Slikt arbeid kan vere eit reelt alternativ for dei som ikkje har utdanning, men også innan varehandel er det vanskeleg å få 100 prosent stilling. Alternativt kan pleiarar kombinere deltidsstilling i sjukeheim med arbeid i butikk. Men det kan vere ein vanskeleg kombinasjon fordi dei som har deltidsstilling i varehandel kan få vite på fredag kva ein får arbeide veka etter.

Butikkar er vanlegvis private bedrifter, medan sjukeheimane me viser til er offentlege institusjonar. På begge arbeidsplassar ser det ut til at arbeidet er organisert slik at arbeidsgjevar ikkje berre eig tida den tilsette faktisk er på arbeid, men også kontrollerer fritida. Det fordi det kan vere vanskeleg å delta i forpliktande friviljug arbeid, sosiale fritidsaktivitetar eller politisk arbeid når ein manglar kontroll over inntekt og arbeidstid, og kjemper om ekstravakter.

Låge stillingsprosentar

Seks av dei åtte ovanfor nemnde ufaglærte pleiarane med låg stillingsprosent hadde vakse opp utanfor Noreg og ikkje hatt norsk som hovudmål. Det kan vere at det er klokt å ta ufaglærte inn i stillingar i sjukeheimar sidan kontakt med arbeidslivet kan fungere som effektiv språkopplæring, gi innblikk i norsk kultur, norsk helsestell og fremje integrering. Men då må ein syte for at ufaglærte er mest mogeleg på arbeid. Låge stillingsprosentar fremjar verken språkopplæring eller integrering.

Det er flott at det finst små stillingsprosentar i ulike bedrifter der studentar kan få ei attåtnæring og kjennskap til arbeidslivet. Det er ikkje denne kategorien arbeidstakarar me skriv om. Vårt fokus er ufaglærte som ikkje er under utdanning.

Generelt finst det få stillingar i moderne samfunn for ufaglærte, arbeidsføre borgarar. Dersom Noreg vil unngå å få ein underklasse som fell utanfor det siviliserte samfunnet fordi dei ikkje får arbeid eller fordi dei får tilbod om stillingsprosentar og løner dei ikkje kan leve av, kunne kanskje staten betale tilskot til bedrifter for å opprette 100 prosent stillingar for ufaglærte, som eit supplement til faglært arbeidskraft. På det viset kunne ufaglærte bli integrert i det siviliserte samfunnet samstundes som dei fekk fagleg erfaring på bilverkstader, butikkar, parkvesen, hotell, restaurantar, vedlikehald av offentlege og private bygg og anlegg, transport, barnehagar, skulefritidsordningar, pleiearbeid og så vidare.

Skeptiske til å ta utdanning

I sjukeheimar er bemanninga ofte så låg og arbeidspresset så høgt at friske, sterke pleiarar tykkjer at det er for krevjande å arbeide 100 prosent stilling. Arbeidstilhøva ville endra seg om norma for fagtilsette blei 100 prosent stilling. I tillegg kunne det kanskje vere ei stilling for ein ufaglært pleiar i 100 prosent stilling ved kvar avdeling, i staden for mange ufaglærte i låge stillingar som har ekstravakter ved diverse avdelingar?

I Noreg har det i mange år vore lite søking til utdanningar innan helse- og sosialfag på vidaregåande nivå. Norske politikarar ønskjer å snu denne trenden. Dersom snuoperasjonen skal lukkast må ein syte for at ufaglærte som arbeider i slike institusjonar opplever at pleie og omsorgsarbeid er noko attraktivt å utdanne seg til med omsyn til bemannings- og lønnspolitikk.

Dei åtte ufaglærte pleiarane som er omtalt i dette innlegget var i alderen 28 til 63 år og hadde ikkje utdanning, sjølv om dei fleste hadde arbeidd ved sjukeheimen i fire til ni år. Fleire av dei var skeptiske til å ta helsefagutdanning, fordi dei hadde erfart at heller ikkje pleiarar som hadde fagbrev hadde ein stillingsprosent og ei løn dei kunne leve av.

Det ville truleg ikkje ha vore vanskeleg å auke søkinga til pleieutdanningar på vidaregåande nivå dersom ein erstatta deltidsnormene i pleiesektoren med fulltidsnormer og oppheva slaveliknande kontraktar, der både fag- og ufaglærte alltid må vere disponibel for arbeidsgjevar for å oppnå levelege inntekter.

Alle må ha mat, drikke og husrom. I tillegg bør alle norske borgarar ha tilgang til telefon og internett, sidan samfunnet i stor grad er basert på at innbyggjarane brukar slike verktøy.

Sjølv om ein lever nøkternt, er det grenser for kor lite ein kan klare seg med i Noreg, og alle bør vel ha ei løn dei kan leve av dersom me ønskjer å halde oppe eit sivilisert samfunn?

(Innspillet er tidligere publisert i Bergens Tidende 18. januar)