fbpx - Studentane blei hørt på landsmøtet! Hopp til hovedinnhold

- Studentane blei hørt på landsmøtet!

Bildet viser en student på talerstolen under landsmøtet.

Studentane har nok ein gang vist at dei kan vere med på å påverke og endre NSF sin politikk, skriv Stephanie Bahl.

NSF Student er særs nøgd med vel overstått landsmøte. Vi er veldig stolte over våre studentdelegater.

Studentane har delteken aktivt i debattane, og fleire av studentdelegatane var på talarstolen og fremma NSF Student sin politikk.

Fikk gjennomslag

Våre kjernesaker på landsmøtet var denne gangen opptakskrav, kvalitet i praksis og rekruttering av menn. Alle desse fikk stort fokus og er delar av innsatsområda til NSF dei neste fire åra.  

Fleire delegatar fremma eit forslag om nytt kulepunkt til NSFs prinsipprogram, med ønske om at NSF skal arbeide for kjønnsnøytrale yrkestitlar for sjukepleiarar. NSF Student støtter dette vedtaket, og meiner det er eit viktig middel for rekruttering av fleire menn til yrket.

Fleire er einige

Det er gledelig å sjå at fleire er einige med oss. NSF Student har ikkje vedtatt politikk på akkurat dette, men ynskjer å bidra til rekruttering av menn til sjukepleie. Vi meiner at ein ny diskusjon på kjønnsnøytrale yrkestitlar vil kunne bidra til auka rekruttering av menn til yrket.

Karakterkrav

Vi er spesielt nøgde med at NSF stiller seg bak kravet vårt om at opptakskrava i bachelorutdanninga må skjerpast til karakterkrav 3 i norsk, engelsk og matte. Dette er noko NSF Student har jobba for lenge, vi er og glad for at HiOA skal innføre karakterkrav 3 i norsk frå neste opptak.

Tatt med i arbeidet

Vi skulle gjerne sett at både miljø og veileiarkompetanse vart eit innsatsområde, men vi er nøgde med at det er tatt med inn i arbeidet til NSF dei neste fire åra.

Vi skulle ynskje at det var meir presis politikk på veileiarkompetanse og overgangsordningar. Vi skulle ynskje vi fekk inn punkta vårt frå studentpolitisk plattform. Vi vil forsete å arbeide med punkta aktivt i vårt arbeid.

Meir miljø

Klima, miljø og helse er eit av innsatsområda til NSF student. Vi har klare forventingar om at det nye forbundsstyret følgjer opp resolusjonen om miljø. NSF Student stiller seg bak folkets klimamarsj som er 28 november, og forventar at NSF gjer det same. 

Viktig å inkludere studentar

Nok ein gang må vi få skryte av studentdelegatane. Til tross for at mange har hektiske tider med praksis, eksamen og innleveringar, har dei gjort ein formidabel jobb på landsmøtet. Dei har vore aktive, engasjerte og dei har lært mykje.

Vi kunne sjå at fleire tidlegare NSF Student-representantar var representert på landsmøtet. Det viser at engasjementet vaknar til liv i studietida, og at det er viktig å inkludere studentar inn i delegasjonane.

Vi er ekspertar

Vi er stolte over å vere del av ein organisasjon som inkludera studentar så godt, og som lar oss vere aktive på alle nivå av organisasjonen. Vi er som det vart sakt under landsmøtet, ekspertar på sjukepleiarutdanninga.

Vi er stolte over det vi har oppnådd på landsmøtet, og over at vi blir høyrt når det gjelder utdanningssakene. Vi er glade for at det nye forbundstyret representerer folk som kan utdanning og forsking. Vi ser fram til vidare godt samarbeid i fylkesstyra og i forbundsstyret.

Les også: Vil fjerne yrkestitlene helsesøster og jordmor

Vil kreve 3 i matte, norsk og engelsk

Vi er stolte over å vere del av ein organisasjon som inkludera studentar så godt.
Stephanie Bahl

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse