fbpx Vidareutdanningsstudentar - ein ressurs i førebyggjande helsearbeid Hopp til hovedinnhold

Vidareutdanningsstudentar - ein ressurs i førebyggjande helsearbeid

Våren 2003 vart VIP-prosjektet for første gong prøvd ut på ni klassar i ein vidaregåande skule i Sunnfjord. Studentane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling helsefag tok del i det første samarbeidsprosjektet med vidaregåande skule i fylket.
Det spesielle ved pilotprosjektet var at studentar ved vidareutdanning i psykisk helsearbeid var ansvarlege for deler av prosjektet. Frå eit trygt tilvere i klasserommet vart dei utfordra til å undervisa og rettleia lærarar. I tillegg skulle dei møta ungdommar i aldersgruppa 17 - 19 år. Artikkelen gjer greie for erfaringane frå pilotprosjektet. Seinare har 11 av 14 aktuelle vidaregåande skular i fylket gjennomført VIP-prosjektet.

Ungdom får ikkje betre psykisk helse sjølv om fagfolk veit ein del om førekomsten av psykiske lidingar. Nå skal klienten i større grad enn tidlegare ta ansvar for eige liv. Brukarmedverking forutset kompetanse og ressursar. Kven skal byggja opp denne kompetansen hos dei unge, og korleis skal fagfolk gå fram?

I møte med elevar har VIP vore eit nyttig verktøy. Prosjektet er utarbeidd etter initiativ frå Brukerrådet ved Blakstad Sykehus (1,2,3). Våren 2003 vart VIP, i samarbeid med prosjektleiinga sentralt, prøvd ut på ni klassar i ein vidaregåande skule i Sunnfjord.

Førebyggjande helsearbeid i vidaregåande skule
Stortingsmeldinga "Resept for et sunnere Norge" framheva at psykisk helse blant barn og unge er ei stor utfordring (4). Målet er å få til ein samla innsats for å styrke både den psykiske helsa og det førebyggjande arbeidet.

Fleire instansar har fokusert på ungdom og psykiske problem. I grunnskulen er helsesøster ein viktig fyrstekontakt, men skulehelseteneste manglar ofte heilt i vidaregåande skule, eller den er svært lite utbygt (4). Det er andre instansar som fangar opp elevar som søkjer hjelp, som til dømes eigne helsestasjonar for ungdom og pedagogisk, psykologisk teneste (PPT).

Det er vanskeleg å sjå resultat av førebyggjande arbeid, fordi det tek tid å endre haldningar. Vi meinar at VIP si styrke er at elevane over tid arbeidar aktivt med temaet, og at vaksne personar frå ulike instansar saman gjev sine bidrag. Samarbeidspartnarar er særleg helsesyster, PPT, rektor og lærarar ved vidaregåande skule, samt andre hjelpeinstansar for ungdom. Prosjektet forutset eit breitt tverrfagleg samarbeid mellom skule og helsepersonell både i første- og andrelinetenesta, og er difor i tråd med Opptrappingsplanen si målsetting om auka tverrfagleg innsats (5).

Vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Vidareutdanning i psykisk helsearbeid gir 60 studiepoeng (20 vekttal), og er ei erstatning for fagspesifikke utdanningar i psykiatrisk sjukepleie, psykiatrisk sosialt arbeid og psykomotorisk fysioterapi. Psykisk helsearbeid er eit nytt fag som fokuserar på ulike teoriar og behandlingstilnærmingar sett i eit tverrfagleg perspektiv.
Målet er å utvikle studenten sin kompetanse i å etablere relasjonar med menneske som har psykososiale problem eller psykiske lidingar (6,7).

Pedagogisk utviklingsarbeid
Som offentleg instans er høgskolen forplikta til å vurdere om aktiviteten i studiet er tilpassa behovet for kunnskap i lokalmiljøet. Studentar i vidareutdanning har mykje kunnskap som kan nyttas i utadretta verksemd. Gjennom rammeplanen for vidareutdanninga i psykisk helsearbeid har styresmaktene signalisert at utdanninga skal fokusere meir på førebyggjing og behandling, enn den tradisjonelle medisinske oppfølgjinga av pasientar i sjukehus (6).

Hausten 2002 starta planlegginga av å tilpasse det pedagogiske opplegget for våre studentar i psykisk helsearbeid til VIP.

Det er vanleg at helsefagstudentar arbeidar med konstruerte problemstillingar i skriftlege oppgåver. Oppgåveskrivinga vart tona ned på grunn av førebuinga og gjennomføringa av prosjektet. Studentane var ansvarlege for informasjon og veiledning om psykisk helse til lærarar og elevar i vidaregåande skule. På denne måten fekk prosjektet eit stort innslag av praksis. To studentar fekk saman ansvaret for kvar si klasse med om lag 12 elevar. Denne arbeidsforma påverkar læringa hos studentane.

Val av skule
Direktøren for utdanning i Sogn og Fjordane stilte seg positiv. Høgskulen peika ut ein vidaregåande skule som aktuell samarbeidspartnar, og skulen sa ja. Det er ein rein yrkesfagleg skule med seks ulike studieretningar, og 390 elevar frå Ytre Sogn og Sunnfjord. Nokre av tilboda er fylkesdekkjande, så skulen har elevar som til dels bur langt frå heimstaden. Skulen har 120 tilsette, inkludert miljøkoordinator og sivilarbeidar.

Spesialisthelsetenesta og førebyggjing
Psykiatrien blir kritisert for å arbeide for lite med førebyggjing, og trongen for førebyggjing blant barn og unge blir framheva (4,5,8). Erfaring syner at ressursane i spesialisthelsetenesta ofte går til kurativt arbeid.

Økonomi
Prosjektet påførte ikkje høgskolen særleg auka kostnader, utover utgifter til materiell og førelesar frå Blakstad. Den vidaregåande skulen søkte Fylkeslegen om midlar til kjøp av om lag 100 elevhefter, materiale som skulen kan nytte kvart år.

Tverrfagleg samarbeid
I rammeplanen for vidareutdanning i psykisk helsearbeid ynskjer styresmaktene at utdanninga skal bidra til auka tverrfagleg samarbeid, til beste for brukarane (6). Blant studentane er det elleve sjukepleiarar, fem sosionomar og ein barnevernspedagog. Dei fordelte seg sjølve i grupper på to og to, ut frå ulik fagleg bakgrunn og erfaring med psykiatri og undervisning.

Den første dagen alle dei involverte i prosjektet møttes, var det undervisning. I tillegg til studentar, helsesyster, psykolog og pedagog ved PPT, var kontaktlæraren ved den vidaregåande skulen til stades.

Faglærarane ved høgskulen tok ansvaret for å lage eit skriv med informasjon om VIP til elevane sine føresette. Dette vart distribuert til alle elevar ved skulen. Studentane sitt prosjektarbeid gjekk over 10 veker, men tida som vart avsett til dette på timeplanen var ikkje meir enn det som har vore vanleg ved andre former for prosjektarbeid.

Lærarkurs
Tre erfarne studentar meldte seg til lærarkurset, fyrste delen av prosjektet. Det var to sjukepleiarar og ein sosionom med lang erfaring frå rusbehandling, psykiatri og arbeid i vidaregåande skule. Lærarkurset var for alle lærarane. Prosjektet sitt mål og innhald vart presentert. Det vart peika på grenser mellom læraren sitt ansvar, og andre instansar sitt ansvar overfor ungdom med ulike problem. Studentane i vidareutdanninga hadde kartlagd instansane elevane kunne vende seg til om dei hadde trong for hjelp. Eit ark med desse opplysningane vart delt ut til alle lærarane, PPT, helsesyster og rektor. Ei gruppe studentar og faglærarane ved høgskulen var til stades samt ei gruppe på 60-65 lærarar. Lokalavisa "Firda" laga reportasje (9).

Vi fekk inn 53 evalueringsskjema frå lærargruppa. 75 prosent meinte at undervisninga hadde vore nyttig/bra og ni kryssa av for svært nyttig. To meinte at ho haddevore lite nyttig, og to kryssa av for veit ikkje. Ingen kryssa av på ikkje nyttig. Dei opne kommentarane var for det meste positive, men det kom fram eit ynskje om meir tid til fordjuping og dialog.

Deltakarar og involverte lærarar
Den vidaregåande skulen ynskte at lærarane ved dei ulike seksjonane skulle vera frivillig med i prosjektet. Ni klassar melde si interesse; seks i grunnkurs, tre ved seksjon for hotell- og næringsmiddel og tre ved seksjon for helse- og sosialfag. I tillegg ville ei VK1-klasse (barne- og ungdomsarbeidar og helseservice) og ei VK2-klasse (helsesekretær) være med.

To veker etter det fyrste lærarkurset, møtte lærarane ved skulen dei aktuelle studentane og faglærar ved høgskulen. Studentane hadde hovudansvaret for møtet. Målet var å avklara nærare korleis timane med elevane skulle leggjast opp. Det kom fram ulike haldningar hjå lærarane, både til sjølve temaet og til prosjektet. Fleire var usikre på si eiga rolle overfor elevar med psykiske problem, og ynskte meir kunnskap. Lærarane hadde ulik motivasjon, og ulik kjennskap til elevheftet og lærarveileiinga. Det vart presisert at ein skulle legge vekt på normale reaksjonar på vanlege hendingar i livet, og minne elevane om at dei ikkje skulle utlevera seg i timane. Studentane fekk informasjon om særlege forhold som kunne ha betydning for det pedagogiske opplegget. VIP-konseptet i denne fasen legg meir vekt på undervisning til lærarane, medan vårt prosjekt fokuserte meir på sjølve elevopplegget.

Møte mellom studentar og elevar
Elevane hadde to møter med VIP, først saman med lærarane og etterpå saman med våre studentar. Lærarane nytta mellom tre og seks timar til arbeidet med temaet og heftet. Etter dette vart elevane oppfordra til å lage anonyme spørsmål, som vart samla i ein lukka boks som studentane på vidareutdanninga fekk.

På ei veke vart det gjennomført ni klassebesøk der studentane hadde ansvaret for to timar i kvar klasse. Forutan klassestyrar var anten helsesyster eller representant for PPT til stades. Dei skulle vere observatørar, og merksame på om einskilde elevar trong meir oppfølging etter timane. Innhaldet i timane varierte, men alle studentane hadde med ein kort presentasjon av VIP, og ein lengre del om normalitet og normale reaksjonar på hendingar i livet. Kor mykje informasjon og undervisning dei hadde om psykiske lidingar varierte. Nokre klassar hadde laga spørsmål, andre ikkje.

Studentane sine opplegg varierte i høve til kor mykje dei la vekt på formidling, dialog og gruppearbeid. Alle elevane fekk utdelt arket med "Tilbod til ungdom som treng nokon å snakke med i Førde kommune".

Elevane sine vurderingar
Ved slutten av prosjektet skulle elevane vurdere VIP. Sjølv om alle fekk det same skjemaet, kan dei ha vurdert "ulike prosjekt" fordi utforming og gjennomføring var ulik frå klasse til klasse. Eit uvanleg tema og nye "lærarar" kan gje både positive og negative utslag. Ein annan sak er at elevane kan gi "gruppesvar". Skjema skulle fyllast ut anonymt og individuelt, men likevel kan samtalar og utveksling av meiningar prega evalueringa. Elevane skulle vurdera ulike sider ved innhald og gjennomføring, og vi fekk inn 72 utfylte skjema. Tal utfylte skjema frå kvar klasse varierte frå tre til tolv. Skjemaet inneheld åtte påstandar som skulle vurderast på ein skala frå ein til fem, der ein var heilt ueinig og fem var heilt einig. I tillegg var det rom for andre kommentarar. Dei fleste elevane var tilfredse med bruken av tid (snittkarakter 3,7). Dei jobba med VIP i tre veker. For enkelte vart det kan hende for mykje, men styrken ligg i at stoffet fekk "synke inn". Temaet dominerte ikkje i desse vekene, men var innom i ulike fag, som norsk og samfunnsfag. Eit alternativ hadde vore heile temadagar. Vi trur likevel at slik det vart organisert, vart VIP ein naturleg del av skuledagen, og ikkje noko som krevde at andre tema måtte vike plassen i stor grad.

Det som vert vurdert som mest verdifullt er besøk av personar utanfrå med kunnskap om psykisk helse (snittkarakter 4,5). Kan hende blir temaet opplevd som vanskeleg og for privat i møte med den vanlege klasselæraren? Lærarane var nokså ulikt engasjert, og her kan mange forhold spela inn; relasjonen mellom den enkelte eleven og læraren, sosiale forhold i klassa og felles erfaringar i gruppa. Likevel ville mange at læraren skulle ta del i gjennomføringa av VIP (snittkarakter 4,0). Kan hende var det trygt? Kan hende fekk elevane og læraren noko felles her?

Vurderinga av innhaldet og nytten av elevheftet varierar. Påstanden "Eg hadde stor nytte av å gjennomgå elevheftet", var dei fleste enig i (snittkarakter 3,4). Her finn vi samstundes ein variasjon; 14 av 72 er ikkje samde, eller berre delvis samde. Kan hende hadde vi fått andre resultat om prosjektet hadde vore gjennomført på allmennfagleg studieretning?

Enkelte lærarar hadde også meiningar om elevheftet: Teksten var for massiv og skrifta for liten, og heftet inneheld mange dystre og skremmande figurar. Dette kunne virke uheldig for enkelte elevar. Tilegna kunnskap vart vurdert som relevant, og dei fleste var samde om at "emna er aktuelle for ungdom på min alder" (snittkarakter 4,1). At kunnskapen er nyttig i kvardagen, var derimot færre samde i (snittkarakter 3,7). Arket med oversikt over ulike instansar som kan gi hjelp, vart godt motteke (snittkarakter 4,3).

Det kan synes som om VIP har fått elevane til å sjå på psykiske problem og lidingar som meir vanleg enn det dei gjorde før (snittkarakter 3,7). Likevel var to elevar heilt uenig i dette. Her kan kunnskap og personlege erfaringar i familie eller nærmiljø spele inn.

Elevane kunne i tillegg svara på opne spørsmål: Kva har vore bra eller mindre bra med klassebesøk av VIP-studentar?

Alle elevane som har svart her, uttrykkjer at studentbesøket var positivt. Om dette er eit utslag av at "forandring fryder", eller om elevane i større grad identifiserer seg med studentane er usikkert. Den faglege legitimiteten til studentane ser ut til å vera god.

Ein del elevar kommenterer det faglege innhaldet. Dei har forstått meir, fått informasjon og lært meir. Eit relativt avgrensa prosjekt kan ikkje vera like grunding på alle delemne. Dersom VIP har starta ein prosess, fått nokre til å bli nysgjerrig og skapt interesse for å gå vidare, er det bra.

Fleire elevar kommenterer at timane inneheldt for mykje monolog, og for lite diskusjon. Vi finn også elevar som framhevar positivt at dei vart tekne på alvor, fekk levere inn spørsmål og delta i diskusjonen. Det kan sjå ut som elevane sette mest pris på ei blanding av fagleg kunnskapsformidling og dialog.

Studenterfaringar
Våren 2003 inviterte Fylkesmannen sin helseavdeling alle vidaregåande skular og deira verts-kommunar til kurs om VIP. Skuleåret 2003/2004 har elleve av 14 aktuelle vidaregåande skular i fylket gjennomført prosjektet som eit resultat av høgskulen sitt pilotprosjekt. Organiseringa har fått lokale tilpassingar ut frå rammer som økonomi og tilgang til fagpersonar, men det faglege innhaldet er likevel det same. VIP sitt materiell får god omtale. Fylkesmannen sin helseavdeling har drive reklame for prosjektet og støtta økonomisk.

VIP stilte krav til samarbeid, og munnlege utsagn tyder på at det var nyttig for å utvikle vidare det faglege nettverket rundt den vidaregåande skulen. Studentane var med på å dra i gong eit prosjekt som har fått svært store ringverknader, og dei har i høgste grad grunn til å vera stolte.

Litteratur
1. Tvedt AG. Vip-prosjektet. Forebyggende arbeid rettet mot ungdom i videregående skole i Asker og Bærum. Tidskr Suicidologi 2001;3:20-21.
2. Hernæs N. Ikke akkurat "Gjøkeredet". Tidskr Sykepl 2002;5:34-35.
3. Engdahl B. Psykiske problemer deler man ikke med andre. Tidskr Sinnets Helse 2002;5:10-13.
4. Det kongelige Helsedepartement. Resept for et sunnere Norge.Folkehelsepolitikken. St.meld. 2002/2003;16.
5. Sosial- og helsedepartementet (SHD). Opptrappingsplan for psykisk helse 1999-2006. 1999; Rundskriv 1-4.
6. Kirke- og Utdannings- og Forskningsdepartementet. Rammeplan og forskrift for videreutdanning i psykisk helsearbeid. 1998.
7. Almvik A og Borge L Tusenkunstnerne Muligheter og mangfold i psykisk helsearbeid. Bergen: Fagbokforlaget, 2000.
8. Sosial- og helsedepartementet (SHD). Faktarapport om årsaker til psykiske plager og lidelser, 2000.
9. Lokalavisa Firda 2003;17/2.

VIP-prosjektet

Del 1: Lærarkurs (2 t) for alle lærarar ved den aktuelle vidaregåande skule med fokus på
kunnskapsformidling om psykisk helse, normale reaksjonar på livshendingar og omfang av
psykiske lidingar hos ungdom.

Del 2: Lærarkurs (2 t) i mindre grupper med fokus på meir detaljerte avtaler om innhald og metode for arbeidet med temaet i klassane, samt undervisning til lærarane etter behov. Faglærar (klassestyrar) har ansvar for eit undervisningsopplegg på minst 3 timar med utgangspunkt i eit elevhefte. Aktuelle tema er normale reaksjonar på vanlege hendingar i livet, og ulike eksempel der ungdom sine problem utviklar seg til større psykiske problem som depresjon, mani, spiseforstyrringar, tvang, angst og psykose. Det er og utarbeida eit veiledningshefte for lærarane.

Del 3: Undervisning og samtale med elevar i kvar klasse (2 t) med undervisning, veiledning
og informasjon om: normale reaksjonar på til dømes tap, krise og sorg og
psykiske lidingar og problem.

Del 4: Evaluering av del 1, 2 og 3 utfrå eigne skjema for kvar del.

 

 

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse