fbpx Ambulanseteneste under press Hopp til hovedinnhold

Ambulanseteneste under press

Sjukehus på hjul? Eller transportteneste til og frå sjukehus? spør Gunhild Rolandsen (bildet) og Ruth Lindgaard.

Samhandlingsreforma skal sørge for at pasienten får rett behandling på rett stad til rett tid. Dette fører til høgare kompetansebehov i kommunehelsetenesta, – og det same vil gjelde for ambulansetenesta.

 

Styret i Helse Midt-Norge vedtok i mai 2011 at alle ambulanseområder som ikkje allereie på det tidspunktet var drive i offentleg regi skulle overtakast av det regionale helseforetaket. Eit av dei viktigaste motiva for vedtaket var ønsket om at ambulansetenesta skal vere ein integrert del av spesialisthelsetenesta. Fra 2012 vart det etablert eit eige helseforetak, Ambulanse Midt-Norge, som no driftar ambulansetenesta i Møre og Romsdal, Sør Trøndelag og Nord Trøndelag.

 

Dei prehospitale tenestene er viktige. Fleire og fleire behandlingsoppgåver blir starta umiddelbart i ambulansane. Obeservasjon er vesentlig for å kunne gi pasienten den riktige behandlinga undervegs. Kunnskap om heile mennesket er viktig for å gjere gode obervasjonar og å velge riktige  tiltak for pasienten. Samhandlingsreforma skal sørge for at pasienten får rett behandling på rett stad til rett tid. Dette fører til høgare kompetansebehov i kommunehelsetenesta, - og det same vil  gjelde for ambulansetenesta. Med den funksjonsfordeling som vil kome mellom sjukehusa i Helse Møre og Romsdal, vil det også bli meir behov for transport mellom sjukehusa.

Det er derfor med undring vi ser at helseforetaket Ambulanse Midt-Norge skal drive ei spesialsithelseteneste ved hjelp av arbeidarar utan høgskoleutdanning, eller med minimal høgskoleutdanning. Ved utlysing av ledige stillingar lyser dei konsekvent ut for ambulansearbeidarar. Ambulansearbeidarane har utdanning frå vidaregåande skole, med 2 år teoretisk opplæring og 2 år læretid.

Det har mange gongar vore hevda av toppleiinga i Helse Midt-Norge at amulansetenesta vil vere sjukehus på hjul i framtida. Skal dette bli ein realitet må høgskolekompetanse både nyttast i større grad enn i dag, og verdsettast i denne tenesta.

Vi veit at det i denne tenesta i dag er tilsett både ambulansearbeidarar og sjukepleiarar med og utan ambulanseutdanning.

 

NSF Møre og Romsdal blir kontakta av medlemar som blir tilbydd løn som ufaglært for å gå inn som vikarar i denne tenesta. I tillegg har dei fått tilbod om «kompetansetillegg» på 10 000 kroner på grunn av at dei er sjukepleiarar.

Sidan Ambulanse Midt-Norge har rekruttert inn sjukepleiarar i vikariat, og kursa dei opp med dei fag som er nødvendig for å kunne arbeide i ambulanse, så ser det ut som at ambulanseforetaket meiner at kompetansen i sjukepleieyrket er ein god basiskunnskap ha med seg inn i ambulansetenesta.

Korleis kan det då forsvarast at Ambulanse Midt-Norge,  som ei spesialisthelseteneste, ikkje vil løne folk etter den kompetansen dei har,  når  det er kompetanse som tenesta  gjer seg nytte av?

For å sei det på godt norsk: «Dette heng ikkje på greip». Her må nokon ta grep og sjå kva dette gjer med arbeidsmiljøet, og ikkje minst med framtidig rekruttering av høgskolepersonell til denne tenesta.

I Norge er det slik at Bacheler i sjukepleie er «grunnutdanninga» ein må ha for å arbeide på svært mange stadar i Helse-Norge. I tillegg krevst det vidareutdanningar for å arbeide som sjukepleiar i intensiv – operasjon og anestesiavdelingar, på luftambulansen og mange fleire spesialiserte arbeidsplassar .

Det er no under oppstart ei bachelerutdanning i ambulansefag på Høgskolen i Oslo og Akershus. Fleire stadar har dei paramedicutdanning på eitt år, noko som blir rekna som vidareutdanning for ambulansearbeidarane.

 

I Stortingsmelding nr. 13.(2011-2013) Utdanning for velferd – Samspill i praksis, så er det eit uttrykt ønskje frå Stortinget at det skal vere «breie» grunnutdanningar,og at spissinga skal kome i vidareutdanningane.

«For å møte befolkningens og tjenestenes behov i årene fremover må grunnutdanningene for kjerneområdene i helse—og velferdstjenetstene være brede, med en solid velferdsfaglig grunnplattform og innslag av tverrprofesjonell læring» (…) «Sykepleierutdanningen kan tjene som eksempel. Den teoretiske delen av utdanningen er for en stor del sammensatt av grunnleggende medisinske, naturvitenskapelige og samfunnsfaglige emner, men kontekstualisert inn mot sykepleie som profesjon. Sykepleierne arbeider i mange funksjoner i helse og velferdstjenestene og med en rekke ulike pasient og brukergrupper, og mulighetene for spesialisering er mange og varierte». (2 sitat frå stortingsmelding nr. 13)

For oss er det underleg at ambulansetenesta som er så viktig i kritiske situasjonar av eit menneskes liv, i utgangspunktet kun skal bemannast med personell utan krav til høgskoleutdanning. Ved den ovanfor nemde funksjonsfordeling mellom sjukehusa er dette ei teneste som vil få fleire og fleire oppgåver i framtida. Internt i helseforetaka og i kommunehelsetenesta også, vert det stilt større og større krav til høg kompetanse. Skal ambulansane oppnå å bli sjukehus på hjul bør bemmanninga endrast til  ein ambulansearbeidar og ein sjukepleiar med spesialisering i ambulanse fag . Dette som eit minimum, og gjerne også med spesialutdanning i for eksempel intensiv eller anestesi.

Dersom vi ser til Sverige, så har dei der ein spesialitet i sjukepleien som kallast for Ambulancesjuksjøterska. Slik spesialitet burde vi hatt også i Norge.

 

Gunhild Rolandsen er fylkesleiar Norsk Sykepleierforbund Møre og Romsdal

Ruth Lindgaard er sjukepleiar i ambulanse, under vidareutdanning i eit masterløp

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse