Vidareutdanningsstudentar - ein ressurs i førebyggjande helsearbeid
Ungdom får ikkje betre psykisk helse sjølv om fagfolk veit ein
del om førekomsten av psykiske lidingar. Nå skal klienten i større
grad enn tidlegare ta ansvar for eige liv. Brukarmedverking
forutset kompetanse og ressursar. Kven skal byggja opp denne
kompetansen hos dei unge, og korleis skal fagfolk gå fram?
I møte med elevar har VIP vore eit nyttig verktøy. Prosjektet
er utarbeidd etter initiativ frå Brukerrådet ved Blakstad Sykehus
(1,2,3). Våren 2003 vart VIP, i samarbeid med prosjektleiinga
sentralt, prøvd ut på ni klassar i ein vidaregåande skule i
Sunnfjord.
Førebyggjande helsearbeid i vidaregåande skule
Stortingsmeldinga "Resept for et sunnere Norge" framheva at
psykisk helse blant barn og unge er ei stor utfordring (4). Målet
er å få til ein samla innsats for å styrke både den psykiske helsa
og det førebyggjande arbeidet.
Fleire instansar har fokusert på ungdom og psykiske problem. I
grunnskulen er helsesøster ein viktig fyrstekontakt, men
skulehelseteneste manglar ofte heilt i vidaregåande skule, eller
den er svært lite utbygt (4). Det er andre instansar som fangar opp
elevar som søkjer hjelp, som til dømes eigne helsestasjonar for
ungdom og pedagogisk, psykologisk teneste (PPT).
Det er vanskeleg å sjå resultat av førebyggjande arbeid, fordi
det tek tid å endre haldningar. Vi meinar at VIP si styrke er at
elevane over tid arbeidar aktivt med temaet, og at vaksne personar
frå ulike instansar saman gjev sine bidrag. Samarbeidspartnarar er
særleg helsesyster, PPT, rektor og lærarar ved vidaregåande skule,
samt andre hjelpeinstansar for ungdom. Prosjektet forutset eit
breitt tverrfagleg samarbeid mellom skule og helsepersonell både i
første- og andrelinetenesta, og er difor i tråd med
Opptrappingsplanen si målsetting om auka tverrfagleg innsats (5).
Vidareutdanning i psykisk helsearbeid
Vidareutdanning i psykisk helsearbeid gir 60 studiepoeng (20
vekttal), og er ei erstatning for fagspesifikke utdanningar i
psykiatrisk sjukepleie, psykiatrisk sosialt arbeid og psykomotorisk
fysioterapi. Psykisk helsearbeid er eit nytt fag som fokuserar på
ulike teoriar og behandlingstilnærmingar sett i eit tverrfagleg
perspektiv.
Målet er å utvikle studenten sin kompetanse i å etablere
relasjonar med menneske som har psykososiale problem eller psykiske
lidingar (6,7).
Pedagogisk utviklingsarbeid
Som offentleg instans er høgskolen forplikta til å vurdere om
aktiviteten i studiet er tilpassa behovet for kunnskap i
lokalmiljøet. Studentar i vidareutdanning har mykje kunnskap som
kan nyttas i utadretta verksemd. Gjennom rammeplanen for
vidareutdanninga i psykisk helsearbeid har styresmaktene
signalisert at utdanninga skal fokusere meir på førebyggjing og
behandling, enn den tradisjonelle medisinske oppfølgjinga av
pasientar i sjukehus (6).
Hausten 2002 starta planlegginga av å tilpasse det pedagogiske
opplegget for våre studentar i psykisk helsearbeid til VIP.
Det er vanleg at helsefagstudentar arbeidar med konstruerte
problemstillingar i skriftlege oppgåver. Oppgåveskrivinga vart tona
ned på grunn av førebuinga og gjennomføringa av prosjektet.
Studentane var ansvarlege for informasjon og veiledning om psykisk
helse til lærarar og elevar i vidaregåande skule. På denne måten
fekk prosjektet eit stort innslag av praksis. To studentar fekk
saman ansvaret for kvar si klasse med om lag 12 elevar. Denne
arbeidsforma påverkar læringa hos studentane.
Val av skule
Direktøren for utdanning i Sogn og Fjordane stilte seg positiv.
Høgskulen peika ut ein vidaregåande skule som aktuell
samarbeidspartnar, og skulen sa ja. Det er ein rein yrkesfagleg
skule med seks ulike studieretningar, og 390 elevar frå Ytre Sogn
og Sunnfjord. Nokre av tilboda er fylkesdekkjande, så skulen har
elevar som til dels bur langt frå heimstaden. Skulen har 120
tilsette, inkludert miljøkoordinator og sivilarbeidar.
Spesialisthelsetenesta og førebyggjing
Psykiatrien blir kritisert for å arbeide for lite med
førebyggjing, og trongen for førebyggjing blant barn og unge blir
framheva (4,5,8). Erfaring syner at ressursane i
spesialisthelsetenesta ofte går til kurativt arbeid.
Økonomi
Prosjektet påførte ikkje høgskolen særleg auka kostnader,
utover utgifter til materiell og førelesar frå Blakstad. Den
vidaregåande skulen søkte Fylkeslegen om midlar til kjøp av om lag
100 elevhefter, materiale som skulen kan nytte kvart år.
Tverrfagleg samarbeid
I rammeplanen for vidareutdanning i psykisk helsearbeid ynskjer
styresmaktene at utdanninga skal bidra til auka tverrfagleg
samarbeid, til beste for brukarane (6). Blant studentane er det
elleve sjukepleiarar, fem sosionomar og ein barnevernspedagog. Dei
fordelte seg sjølve i grupper på to og to, ut frå ulik fagleg
bakgrunn og erfaring med psykiatri og undervisning.
Den første dagen alle dei involverte i prosjektet møttes, var
det undervisning. I tillegg til studentar, helsesyster, psykolog og
pedagog ved PPT, var kontaktlæraren ved den vidaregåande skulen til
stades.
Faglærarane ved høgskulen tok ansvaret for å lage eit skriv med
informasjon om VIP til elevane sine føresette. Dette vart
distribuert til alle elevar ved skulen. Studentane sitt
prosjektarbeid gjekk over 10 veker, men tida som vart avsett til
dette på timeplanen var ikkje meir enn det som har vore vanleg ved
andre former for prosjektarbeid.
Lærarkurs
Tre erfarne studentar meldte seg til lærarkurset, fyrste delen
av prosjektet. Det var to sjukepleiarar og ein sosionom med lang
erfaring frå rusbehandling, psykiatri og arbeid i vidaregåande
skule. Lærarkurset var for alle lærarane. Prosjektet sitt mål og
innhald vart presentert. Det vart peika på grenser mellom læraren
sitt ansvar, og andre instansar sitt ansvar overfor ungdom med
ulike problem. Studentane i vidareutdanninga hadde kartlagd
instansane elevane kunne vende seg til om dei hadde trong for
hjelp. Eit ark med desse opplysningane vart delt ut til alle
lærarane, PPT, helsesyster og rektor. Ei gruppe studentar og
faglærarane ved høgskulen var til stades samt ei gruppe på 60-65
lærarar. Lokalavisa "Firda" laga reportasje (9).
Vi fekk inn 53 evalueringsskjema frå lærargruppa. 75 prosent
meinte at undervisninga hadde vore nyttig/bra og ni kryssa av for
svært nyttig. To meinte at ho haddevore lite nyttig, og to kryssa
av for veit ikkje. Ingen kryssa av på ikkje nyttig. Dei opne
kommentarane var for det meste positive, men det kom fram eit
ynskje om meir tid til fordjuping og dialog.
Deltakarar og involverte lærarar
Den vidaregåande skulen ynskte at lærarane ved dei ulike
seksjonane skulle vera frivillig med i prosjektet. Ni klassar melde
si interesse; seks i grunnkurs, tre ved seksjon for hotell- og
næringsmiddel og tre ved seksjon for helse- og sosialfag. I tillegg
ville ei VK1-klasse (barne- og ungdomsarbeidar og helseservice) og
ei VK2-klasse (helsesekretær) være med.
To veker etter det fyrste lærarkurset, møtte lærarane ved
skulen dei aktuelle studentane og faglærar ved høgskulen.
Studentane hadde hovudansvaret for møtet. Målet var å avklara
nærare korleis timane med elevane skulle leggjast opp. Det kom fram
ulike haldningar hjå lærarane, både til sjølve temaet og til
prosjektet. Fleire var usikre på si eiga rolle overfor elevar med
psykiske problem, og ynskte meir kunnskap. Lærarane hadde ulik
motivasjon, og ulik kjennskap til elevheftet og lærarveileiinga.
Det vart presisert at ein skulle legge vekt på normale reaksjonar
på vanlege hendingar i livet, og minne elevane om at dei ikkje
skulle utlevera seg i timane. Studentane fekk informasjon om
særlege forhold som kunne ha betydning for det pedagogiske
opplegget. VIP-konseptet i denne fasen legg meir vekt på
undervisning til lærarane, medan vårt prosjekt fokuserte meir på
sjølve elevopplegget.
Møte mellom studentar og elevar
Elevane hadde to møter med VIP, først saman med lærarane og
etterpå saman med våre studentar. Lærarane nytta mellom tre og seks
timar til arbeidet med temaet og heftet. Etter dette vart elevane
oppfordra til å lage anonyme spørsmål, som vart samla i ein lukka
boks som studentane på vidareutdanninga fekk.
På ei veke vart det gjennomført ni klassebesøk der studentane
hadde ansvaret for to timar i kvar klasse. Forutan klassestyrar var
anten helsesyster eller representant for PPT til stades. Dei skulle
vere observatørar, og merksame på om einskilde elevar trong meir
oppfølging etter timane. Innhaldet i timane varierte, men alle
studentane hadde med ein kort presentasjon av VIP, og ein lengre
del om normalitet og normale reaksjonar på hendingar i livet. Kor
mykje informasjon og undervisning dei hadde om psykiske lidingar
varierte. Nokre klassar hadde laga spørsmål, andre ikkje.
Studentane sine opplegg varierte i høve til kor mykje dei la
vekt på formidling, dialog og gruppearbeid. Alle elevane fekk
utdelt arket med "Tilbod til ungdom som treng nokon å snakke med i
Førde kommune".
Elevane sine vurderingar
Ved slutten av prosjektet skulle elevane vurdere VIP. Sjølv om
alle fekk det same skjemaet, kan dei ha vurdert "ulike prosjekt"
fordi utforming og gjennomføring var ulik frå klasse til klasse.
Eit uvanleg tema og nye "lærarar" kan gje både positive og negative
utslag. Ein annan sak er at elevane kan gi "gruppesvar". Skjema
skulle fyllast ut anonymt og individuelt, men likevel kan samtalar
og utveksling av meiningar prega evalueringa. Elevane skulle
vurdera ulike sider ved innhald og gjennomføring, og vi fekk inn 72
utfylte skjema. Tal utfylte skjema frå kvar klasse varierte frå tre
til tolv. Skjemaet inneheld åtte påstandar som skulle vurderast på
ein skala frå ein til fem, der ein var heilt ueinig og fem var
heilt einig. I tillegg var det rom for andre kommentarar. Dei
fleste elevane var tilfredse med bruken av tid (snittkarakter 3,7).
Dei jobba med VIP i tre veker. For enkelte vart det kan hende for
mykje, men styrken ligg i at stoffet fekk "synke inn". Temaet
dominerte ikkje i desse vekene, men var innom i ulike fag, som
norsk og samfunnsfag. Eit alternativ hadde vore heile temadagar. Vi
trur likevel at slik det vart organisert, vart VIP ein naturleg del
av skuledagen, og ikkje noko som krevde at andre tema måtte vike
plassen i stor grad.
Det som vert vurdert som mest verdifullt er besøk av personar
utanfrå med kunnskap om psykisk helse (snittkarakter 4,5). Kan
hende blir temaet opplevd som vanskeleg og for privat i møte med
den vanlege klasselæraren? Lærarane var nokså ulikt engasjert, og
her kan mange forhold spela inn; relasjonen mellom den enkelte
eleven og læraren, sosiale forhold i klassa og felles erfaringar i
gruppa. Likevel ville mange at læraren skulle ta del i
gjennomføringa av VIP (snittkarakter 4,0). Kan hende var det trygt?
Kan hende fekk elevane og læraren noko felles her?
Vurderinga av innhaldet og nytten av elevheftet varierar.
Påstanden "Eg hadde stor nytte av å gjennomgå elevheftet", var dei
fleste enig i (snittkarakter 3,4). Her finn vi samstundes ein
variasjon; 14 av 72 er ikkje samde, eller berre delvis samde. Kan
hende hadde vi fått andre resultat om prosjektet hadde vore
gjennomført på allmennfagleg studieretning?
Enkelte lærarar hadde også meiningar om elevheftet: Teksten var
for massiv og skrifta for liten, og heftet inneheld mange dystre og
skremmande figurar. Dette kunne virke uheldig for enkelte elevar.
Tilegna kunnskap vart vurdert som relevant, og dei fleste var samde
om at "emna er aktuelle for ungdom på min alder" (snittkarakter
4,1). At kunnskapen er nyttig i kvardagen, var derimot færre samde
i (snittkarakter 3,7). Arket med oversikt over ulike instansar som
kan gi hjelp, vart godt motteke (snittkarakter 4,3).
Det kan synes som om VIP har fått elevane til å sjå på psykiske
problem og lidingar som meir vanleg enn det dei gjorde før
(snittkarakter 3,7). Likevel var to elevar heilt uenig i dette. Her
kan kunnskap og personlege erfaringar i familie eller nærmiljø
spele inn.
Elevane kunne i tillegg svara på opne spørsmål: Kva har vore
bra eller mindre bra med klassebesøk av VIP-studentar?
Alle elevane som har svart her, uttrykkjer at studentbesøket
var positivt. Om dette er eit utslag av at "forandring fryder",
eller om elevane i større grad identifiserer seg med studentane er
usikkert. Den faglege legitimiteten til studentane ser ut til å
vera god.
Ein del elevar kommenterer det faglege innhaldet. Dei har
forstått meir, fått informasjon og lært meir. Eit relativt avgrensa
prosjekt kan ikkje vera like grunding på alle delemne. Dersom VIP
har starta ein prosess, fått nokre til å bli nysgjerrig og skapt
interesse for å gå vidare, er det bra.
Fleire elevar kommenterer at timane inneheldt for mykje
monolog, og for lite diskusjon. Vi finn også elevar som framhevar
positivt at dei vart tekne på alvor, fekk levere inn spørsmål og
delta i diskusjonen. Det kan sjå ut som elevane sette mest pris på
ei blanding av fagleg kunnskapsformidling og dialog.
Studenterfaringar
Våren 2003 inviterte Fylkesmannen sin helseavdeling alle
vidaregåande skular og deira verts-kommunar til kurs om VIP.
Skuleåret 2003/2004 har elleve av 14 aktuelle vidaregåande skular i
fylket gjennomført prosjektet som eit resultat av høgskulen sitt
pilotprosjekt. Organiseringa har fått lokale tilpassingar ut frå
rammer som økonomi og tilgang til fagpersonar, men det faglege
innhaldet er likevel det same. VIP sitt materiell får god omtale.
Fylkesmannen sin helseavdeling har drive reklame for prosjektet og
støtta økonomisk.
VIP stilte krav til samarbeid, og munnlege utsagn tyder på at
det var nyttig for å utvikle vidare det faglege nettverket rundt
den vidaregåande skulen. Studentane var med på å dra i gong eit
prosjekt som har fått svært store ringverknader, og dei har i
høgste grad grunn til å vera stolte.
Litteratur
1. Tvedt AG. Vip-prosjektet. Forebyggende arbeid rettet mot
ungdom i videregående skole i Asker og Bærum. Tidskr Suicidologi
2001;3:20-21.
2. Hernæs N. Ikke akkurat "Gjøkeredet". Tidskr Sykepl
2002;5:34-35.
3. Engdahl B. Psykiske problemer deler man ikke med andre.
Tidskr Sinnets Helse 2002;5:10-13.
4. Det kongelige Helsedepartement. Resept for et sunnere
Norge.Folkehelsepolitikken. St.meld. 2002/2003;16.
5. Sosial- og helsedepartementet (SHD). Opptrappingsplan for
psykisk helse 1999-2006. 1999; Rundskriv 1-4.
6. Kirke- og Utdannings- og Forskningsdepartementet. Rammeplan
og forskrift for videreutdanning i psykisk helsearbeid. 1998.
7. Almvik A og Borge L Tusenkunstnerne Muligheter og mangfold i
psykisk helsearbeid. Bergen: Fagbokforlaget, 2000.
8. Sosial- og helsedepartementet (SHD). Faktarapport om årsaker
til psykiske plager og lidelser, 2000.
9. Lokalavisa Firda 2003;17/2.
VIP-prosjektet
Del 1: Lærarkurs (2 t) for alle lærarar ved den
aktuelle vidaregåande skule med fokus på
kunnskapsformidling om psykisk helse, normale reaksjonar på
livshendingar og omfang av
psykiske lidingar hos ungdom.
Del 2: Lærarkurs (2 t) i mindre grupper med fokus på meir detaljerte avtaler om innhald og metode for arbeidet med temaet i klassane, samt undervisning til lærarane etter behov. Faglærar (klassestyrar) har ansvar for eit undervisningsopplegg på minst 3 timar med utgangspunkt i eit elevhefte. Aktuelle tema er normale reaksjonar på vanlege hendingar i livet, og ulike eksempel der ungdom sine problem utviklar seg til større psykiske problem som depresjon, mani, spiseforstyrringar, tvang, angst og psykose. Det er og utarbeida eit veiledningshefte for lærarane.
Del 3: Undervisning og samtale med elevar i kvar
klasse (2 t) med undervisning, veiledning
og informasjon om: normale reaksjonar på til dømes tap, krise
og sorg og
psykiske lidingar og problem.
Del 4: Evaluering av del 1, 2 og 3 utfrå eigne skjema for kvar del.
0 Kommentarer