fbpx Vera. Sjukepleiar Hopp til hovedinnhold

Vera. Sjukepleiar

Her kan du høre dette innlegget som podkast:

Musikk: «Quentin» av  Strong Suit, lisensiert under  CC BY-SA 4.0.

Eg låser sykkelen og tek av hjelmen. Har blitt meir nøyen med hjelm nå som vinteren er på veg. Kvar dag er litt kaldare. Graset ber kvit frost om morgonane, vegane kan vera glatte. Eg har ikkje piggar på sykkeldekka. Vil ikkje detta. Vil ikkje slå hovudet, få hjerneristing eller hjernebløding. Vil ikkje ende opp på ein intensivpost, eller på nevrokirurgisk avdeling, ikkje som pasient, så eg tek på hjelmen kvar morgon, sjølv om det får meg til å sjå teit ut med det store pannebandet under.

Eg låser meg inn. Skrur av alarmen. Låser opp vaktrommet, som også er mitt kontor. Vårt kontor. Eg heng av meg ytterkleda og tenker på då eg som lita drøymde om å bli popstjerne, psykolog eller forfattar. Det måtte bli ein av dei tre.

På kjøkenbenken står det tomme pizzaesker etter fagkvelden me arrangerte for dei frivillige kvelden før. Me lærte meir om tortur, og om korleis me kan finne spor av det. Ulike typar arr og merke, etter ulike typar slag med ulike instrument. Korleis me kan snakke om temaet med våre pasientar.

Me spør dei som kjem for fyrste gong, om dei har vore utsette for vald eller anna misbruk. Om dei synest det er i orden å snakke om. Dei fleste svarar ja. Nokre deler også grufulle opplevingar.

Eg set på kaffi og ryddar bort pizzaeskene. Fyller oppvaskmaskina, set den på. Ryddar på plass nokre stolar, tømmer bosset. Å rydde er ofte også ei oppgåve sjukepleiarar gjer. Å vera sjukepleiar er meir enn å ha eit klinisk blikk. Ein må også ha praktisk sans.

På laboratoriet finn eg tre konvoluttar i kjøleskapet. Tre posar fulle av prøveglas med blod. Eg tek dei med til pulten min. Går tilbake og hentar kaffi, låner også med meg radioen frå venterommet.

Å sjå over blodprøvane krev ikkje mykje konsentrasjon. Eg kan høyre morgonnytt medan eg sjekkar dei. På radioen seier dei at 85 000 born har døydd av svolt i Jemen dei siste tre åra grunna borgarkrigen. Eg ser for meg tevebileta av dei utsvelta borna.

Der skulle eg ha vore. I Jemen. Hjelpt dei ungane. Gitt dei mat og medisin. Kanskje også omsorg. Men eg veit ikkje om eg tør. Eg trur ikkje eg tør å reise dit. Det er for utrygt med all bombinga. Eg er her. I Noreg. I Oslo.

Eg kan også gjere nytte for meg her på Helsesenter for papirløse migranter. Å jobbe her kjennest ofte litt som å vera i felt. Berre at alt her er trygt og lett. For meg. Ikkje for pasientane våre.

Eg slår opp pasientar i journalsystemet på datamaskina. Må finne nummer eg kan skrive opp på blodprøvane. Laboratoria på Oslo universitetssykehus vil ha personnummer på alle prøvar. Våre pasientar har ikkje det, så eg lagar hjelpenummer basert på nummer frå vår journal. Når eg er ferdig, ringer eg etter bod som kan levere prøvane for meg.

Eg er aleine på helsesenteret. Sjefen min er på møte på Stortinget. Han vil be politikarane ta ansvar for våre pasientar. Alle har rett på grunnleggande helsehjelp etter FN sine menneskerettar. Artikkel 12 i Den internasjonale konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettigheter seier: «Konvensjonspartene anerkjenner retten for enhver til å ha den høyest oppnåelige helsestandard både i fysisk og psykisk henseende.» Slik er det ikkje for alle i Jemen.

Slik er det ikkje for alle i Noreg heller.

I forskrift om rett til helse- og omsorgstjenester til personer uten fast opphold i riket står det at «alle som oppholder seg i riket, har rett til øyeblikkelig hjelp». Vidare står det at «helsehjelp som er helt nødvendig og ikke kan vente uten fare for nært forestående død, varig sterkt nedsatt funksjonstilstand, alvorlig skade eller sterke smerter. Dersom vedkommende er psykisk ustabil og utgjør en nærliggende og alvorlig fare for eget eller andres liv eller helse, har vedkommende uansett rett til psykisk helsevern».

Menneskerettane er rausare enn den norske forskrifta.

Faduma kjem. Ho har henta posten. Kjem inntulla i boblejakke og sjal. – God morgon, seier ho med lys stemme og legg ein bunke brev frå seg. – Det var mange brev i dag, seier ho og heng frå seg vinterkleda.

Faduma er helsefagarbeidar. Ho er mi, og heile helsesenteret, si høgre hand. Ho ryddar, ordnar, vaskar, steriliserer, skriv lister, kokar kaffi, pratar, opnar døra, tolkar, smiler, passar på både oss tilsette, frivillige og pasientar, gir råd. Er varm og nær.

– Går det bra med deg? spør ho. – Ja, takk, svarar eg. Så spør eg henne. – Ja, bra! Svarar ho fort, før ho forsvinn til sitt kontor med alle konvoluttane. Det kjem til å bli mange folk og mykje lyd her i løpet av dagen. Det er tysdag. Opningsdag. På tysdagar har me ope for pasientar på kveldstid.

Her er ennå stille, og det er rom for konsentrasjon. Eg er laga slik at eg tenker best når det er stille rundt meg.

Nå vil eg lese meg opp på ein av våre faste pasientar. Ei kvinne som kjem ofte. Ho har samansette problemstillingar, og eg kjenner at eg må bli betre kjent med ho. Som person. Som pasient. I historikk. I klinikk. Eg må lese heile journalen for å forstå kva som er gamalt, og kva som er nytt. Kva som er pågåande, og kva som er avslutta.

Eg skrollar ned til starten av journalen. Det fyrste notatet er frå 2009. I snart ti år har ho levd her i landet, på sida av samfunnet, sidan ho ikkje har fått asyl. Ho flykta frå eit krigsherja land. Eit av borna hennar har gyldig opphald i Noreg. Det andre vart truleg drepen i heimlandet. Og ho har ikkje noko land ho høyrer heime i.

Hennar heim handlar ikkje om statsborgarskap. Det handlar om kvar son hennar er. Eg les om magesmerter, depresjon og høgt blodtrykk. Ho bur på sofaen hos sonen, og det er krevjande. Ho trur at svigerdottera synest ho er i vegen. Dessutan må sonen forsørge henne. Halde henne med mat.

Men etter dei fekk born, går det betre. Bestemora fungerer som barnevakt og dagmamma. Det er godt for sjølvkjensla at ho innimellom kan vera til nytte. For ho har inga inntekt. Ho har ikkje personnummer, ho får ikkje ta lovleg lønna arbeid og betala skatt. Ho har ikkje rett på trygd eller pensjon, eller fastlege.

Ho blir sliten av å passa born, og ho får ikkje kvile ordentleg, der ho søv i stova til sonen. Ho har ingen stad å trekke seg tilbake for seg sjølv. Dessutan får ho ryggsmerter av sofaen ho søv på.

Eg tek notat i boka mi, lagar eit punkt for kvar problemstilling. Ryggsmertene er pågåande. Gjentakande. Eg kan jo sette ho opp til fysioterapeut. Men me kan truleg ikkje tilby meir enn éin enkelttime, det er stor etterspurnad etter dei få timane.

Men om ho kunne lært nokre styrkeøvingar for ryggen, kunne det kanskje blitt betre? Det ho treng, er vel ei ordentleg seng. Eit rom, ein stad i ein leilegheit. Det kunne ho ha betala for sjølv om ho berre kunne tatt seg ein betala jobb.

Magesmerter, depresjon og høgt blodtrykk. Eg leitar etter førre blodtrykksmåling. Det er berre eit par månadar sidan sist ho sjekka det. Det ser ut til å ligge stabilt med god medisinering. Og magesmertene ser ut til å vera grundig undersøkt og utreia.

Ho tek syrenøytraliserande tablettar. Men kanskje ho treng kostråd? I eit notat står det at svigerdottera ikkje likar at ho tek seg til rette på kjøkenet. Vil me kunne nå gjennom med kostråd då? Det står også at ho gjekk til psykolog for nokre år sidan. Men treng ho å bli tilbydd det igjen?

Eg skriv på lista mi at eg må diskutere henne med Sonja, sosionom og koordinator for psykisk helse her på helsesenteret.

Det er ikkje lenge sidan eg overtok stillinga. Ho eg vikarierer for, har reist bort for å jobbe eit år i Kenya. Me byter på å vera koordinerande sjukepleiar. Jobben går ut på å fylgje opp relevant somatikk. Ringe opp personar med positive prøvesvar. Be dei kome for å få antibiotikatablettar, få D-vitamin eller kome til kontroll for det eine eller andre.

Fylgje opp oppgåvene dei frivillige legane og sjukepleiarane har starta på. Sette personar på liste til tannlegebehandling. Sette opp gravide kvinner til jordmor, eller tipse fertile kvinner om tilbodet me har med gratis prevensjon. Gjere det me kan for å halde hjula i gang, halde i trådar, passe på at alle blir nok passa på.

Ringe til pasientar. Nokre svarar ikkje. Kanskje ein person som treng kontroll for sin hiv, har blitt sendt ut av landet. Eller sit på Trandum. Eller er redd for kven som er i den andre enden av telefonen og let vera å svara.

Eg skulle ikkje bli sjukepleiar. Mamma var det, og eg lika ikkje lukta på sjukeheimen ho jobba på. Det lukta institusjon. Det var før eg starta å sakne eldre folk i livet mitt.

Eg finn ein ny journal, ein ny pasient eg vil lese meg opp på. Ei vaksen kvinne frå Aust-Afrika. Ho har budd i Oslo i sju år, utan gyldig opphald. Det står at ho flykta frå militærteneste i heimlandet.

Ho har reist frå born. Har ikkje sett dei på over åtte år. Dei kan ha vore ungdomar då ho reiste bort. Dei kan vera vaksne nå. Kvinna har diabetes. Insulintrengande.

Viss ikkje ho hadde fått medisin frå oss, ville ho då fått hjelp i det offentlege systemet? Kva er «helt nødvendig» og «ikke kan vente uten fare for nært forestående død»? Eller «alvorlig skade»? Når døyr ein eigentleg av for høgt blodsukker? Og kor alvorleg skal ein alvorleg skade vera?

Sonja kjem. Ho kan regelverket, systemet, kjenner organisasjonane, institusjonane, prosessane, alt som går føre seg utanfor våre veggar.

Ho har med seg engasjementet over alt. Før ho får av seg jakka, fortel ho om ei kvinne ho er veldig uroleg for. Fortel at ho låg vaken på natta og grubla. Eg kjenner eit lite stikk av dårleg samvit, for at eg ikkje har mista nattesøvnen for nokon av pasientane ennå. Er eg for profesjonell?

– Kva skal me gjere med henne? spør Sonja. Kvinna ho snakkar om, er gravid. Ho er gravid etter å ha vore saman med ein norsk mann. Ein norsk statsborgar. Ho vart lurt hit til kontinentet. Vart lova jobb. Men han som lova henne arbeid, sa ikkje at jobben var å selje sex.

Ho var villig til å vitne i ei rettssak mot mannen som fungerte som hallik, men saka vart lagt bort, og nå tør ho ikkje å reise heim til landet ho kjem frå. Ho er redd for å møte han ho flykta frå. Mannen som har trua både ho og familien hennar i heimlandet.

Ho møtte ein norsk mann. Han var snill i starten. Men vart valdeleg når han vart full. Nå kan ho ikkje lenger leve med han. Men ho har ingen annan stad å bu.

Sonja er redd kvinna nå må selje sex igjen. Det er ikkje rart Sonja fryktar det. Korleis kan ho elles få seg jobb, utan gyldig opphald? Utan personnummer? Utan skattekort? Korleis skal ho elles kunne flytte frå han som drikk og slår?

Eg spør om Sonja har snakka med jordmor og kvinna. – Ikkje ennå, svarar Sonja. Kvinna kom hit fyrst i går. Men ho har satt henne opp til jordmorkontroll om ei veke. Sonja heng frå seg ytterkleda, set seg, søkk ned i stolen. – Eg må kalle henne inn igjen og kartlegge nettverket, seier ho og er mentalt ein annan stad. Ho er inni ein konsultasjon. – Kanskje ho har ei veninne ho kan bu hos. Ho kan ikkje bu på gata med ein baby.

Så kjem Frode. Han er dagleg leiar her. Han er også sjukepleiar. Eg let han henge av seg før eg spør korleis det har gått.

Han brukar lang tid. Skiftar frå støvlar til innesko. Eg er utolmodig. Brukar ventetida til å forsyne meg sjølv, Sonja og han med kaffi. Faduma har sett inn reine koppar.

– Så? spør eg. Han ser over avtalelista for i dag. I kveld er det han som har ansvarsvakta. Det byter me på, eg og han. Han set seg i sofaen.

– KrF møtte ikkje, seier han. – Kva?! seier eg. – Var det ikkje dei som inviterte? – Jo, svarar han. Dei melde avbod før helga. – Så? spør eg. – Me får håpe dei tek med seg dette inn i regjeringsforhandlingane, seier han.

Vårt langtidsmål er at helsesenteret skal stenga. At det ikkje skal vera bruk for oss lenger. At alle her i landet, med eller utan personnummer, skal ha lik rett til grunnleggande helsetenester. Kanskje til og med som oss å få «den høyest oppnåelige helsestandard».

Frode forsvinn inn på sitt kontor, og eg finn bunken med epikrisar og prøvesvar som Nils har sett over. Nils er den einaste lønna legen her. Men han er berre lønna ein halv dag i veka, og han jobbar i alle fall to dagar.

Han er frivillig også, som så mange av dei andre. Som alle dei andre legane. Sjukepleiarane. Bioingeniørane, fysioterapeutane. Jordmødrene og psykologane, tannlegane og miljøarbeidarane.

Me har stor breidde i frivillige. Det er mange som gir av seg sjølv og si tid og jobbar gratis for oss. Ein gong i månaden, eller oftare.

Det er så fint å vera del av eit tverrfagleg lag. Det er givande å ha all denne kompetansen på vårt vesle helsesenter. Over 150 frivillige, som samarbeider om å gjere liva til våre pasientar litt betre. Våre frivillige møter, ser, behandlar personar som er van med å bli oversett og tilsidesett elles i samfunnet.

Nils har sett på gule post-it-lappar på skriva eg ser gjennom, på ting han vil eg skal fylje opp. «Innkall til D-vitamin», står det på eit prøvesvar. «Vis dette til infeksjonslegen», står det på eit anna. «Er dette kjent frå før?» står det på eit lab-ark med eit positivt hepatitt B-resultat. Eg ringer nokre fleire pasientar før det faste koordinatormøtet.

På møtet går me fyrst gjennom nokre av pasientane som me deler uro for. Eller som treng både jordmor og tannlege, sosionom og sjukepleiar. Me snakkar om ein mann utan tenner, som er underernært. Ei kvinne Sonja opplever som mogleg suicidal, som har tapt anken i UNE.

Frode fortel at han har blitt kontakta av ein kollega på Bymisjonssenteret, om ein mann utan gyldig opphald som har kreft og ikkje får behandling. Når vil kreftcellene gi «nært forestående død, varig sterkt nedsatt funksjonstilstand, alvorlig skade eller sterke smerter»? Vil det bli billigare og lettare å behandle vedkomande då?

Etter møtet gjer me oss klare til kveldsopninga. Frode fordeler frivillige legar og sjukepleiarar og psykologar og bioingeniørar og farmasøyt og miljøarbeidarar på ulike rom. Sonja hjelper ei frivillig, ei som også er pasient hos oss, med å lage mat til dei som kjem på vakt. Faduma heng opp namnelappar på dører, og eg sender ut ein e-post til alle sjukepleiarane på lista vår.

Ei av dei tre som står på vakt i dag, har meldt avbod. Ho har henta sjukt born i barnehagen og kan ikkje jobbe likevel.

Som sjukepleiar kan eg jobbe «på golvet». Som sjukepleiar kan eg jobbe med administrasjon. Eg kan jobbe ved ein pult, ved ei seng, og eg kan jobbe på ein feltklinikk ute i bushen. Eg kan jobbe klinisk og byråkratisk. Globalt og lokalt. Sjukepleiaryrket er allsidig.

Dei frivillige startar å kome. Mange kjem rett frå ein annan jobb, så det varierer kva tid dei rekk å vera her. Sidan både Frode og eg er sjukepleiarar, kan ein av oss starte med å skrive pasientar inn. I dag blir det meg, sidan Frode har ansvarsvakt og må vera tilgjengeleg for dei frivillige.

På venterommet fyller det seg opp. Det er alt tolv pasientar som har kome, sjølv om me eigentleg ikkje opnar før klokka fire. Men folk vil sikre seg å få hjelp, så dei kjem tidleg for å stille seg i kø, og me slepp folk inn ein halvtime før opning.

Stemninga på venterommet er god, og eg tenker på det eg har blitt fortald fleire gonger, både frå pasientar og frivillige: Personane som kjem, opplever å kjenne seg sett. Folk finn seg kaffi og te. Nokre forsyner seg med kjeks. Nokre småpratar. Ein rumensk mann spør om tannlegen kjem i dag. – Yes, she will be coming, svarar eg.

Eg loggar meg på maskina i eit av mottaksromma. Går ut og ropar inn fyrstemann. Ein eldre mann reiser seg og rettar opp nummerlappen som det står 1 på. Eg tek imot vaksinekortet som me brukar som pasientkort. Tek han i handa og seier hei. Spør om han snakkar norsk. – No, svarar han. – Somali? spør han.

Faduma er oppteken, så eg må ringe etter tolk. Det tek litt tid, men til slutt får eg napp. Så set eg høgtalaren på telefonen. Tolken presenterer seg for mannen og fortel at han har teieplikt.

Mannen frå Somalia er i 60-åra. Han har diabetes type 2 og hypertensjon. Han er tom for diabetesmedisin og vil også måle blodtrykket. Eg fyller ut ei bestilling med fingerprøve av både korttids- og langtidsblodsukker.

Så ber eg tolken be han ta av skjorta så eg kan måle blodtrykket. Eg forklarar at det vil bli veldig stramt rundt armen. Det er han klar over, han har gjort dette mange gonger. Så ler han litt av meg, så ler eg litt av meg, så pumpar eg mansjetten opp og slepp lufta gradvis ut.

130 over 75. Eg viser det på ein lapp til han. – Very good, seier eg og held opp ein tommel og gløymer telefontolken. Mannen vil halde lappen sjølv. Han rettar ut armen, held lappen langt framfor seg, er tydelegvis langsynt. Så held han også opp tommelen og smiler breitt og er nøgd.

Eg er også nøgd. Å velje dette yrket er kanskje det smartaste eg har gjort. Jobben eg har her på helsesenteret, må vera den beste jobben eg kan få. Og kanskje ein dag skal eg jobbe med gamle folk, slik mamma gjorde. Slike som han, når han blir eldre.

Eg er så glad i jobben min. I yrket mitt. Og det aller beste er å sitte slik, saman med ein pasient, som smiler og er glad når blodtrykket er målt.

 

Alle pasienthistoriene i teksten er fiktive, men realistiske.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse