fbpx Helsesøstrer med kompetanse på samspel gagnar heile samfunnet Hopp til hovedinnhold

Stemmen fra praksis: Helsesøstrer med kompetanse på samspel gagnar heile samfunnet

Bildet viser en liten jente som sitter på pulten til en helsesøster. Moren sitter i bakgrunnen.
FÆRRE KVARDAGSKONFLIKTAR: Kompetanse i ICDP kan ha innverknad på korleis helsesøstrer rettleiar foreldre i positiv grensesetjing. Foto: Mostphotos

Viss fleire kan foreldrerettleiingsprogrammet International Child Development Programme (ICDP), er dei truleg betre rusta til å førebygge vald mot barn, skriv Mariann Enoksen.

Rettleiaren for helsestasjonar og skulehelsetenesta anbefaler at vi helsesøstrer arbeider aktivt med å førebygge, avverje og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt. Helsedirektoratet anbefaler også i rettleiaren at vi skal observere og rettleie foreldra i samspel med barna gjennom alle konsultasjonane på helsestasjonen og vidare i skulehelsetenesta.

Eg arbeider som helsesøster i Årstad bydel i Bergen kommune. Dei fleste av oss helsesøstrer i denne kommunen har blitt kursa i å avdekke vald. Samstundes har det dei siste åra vorte meir merksemd i media på å avdekke vald.

Merksemda på temaet og den styrka opplæringa har gjort at mange av oss helsesøstrer truleg er meir fokuserte på å avdekke vald i møte med barn og foreldre enn tidligare. Merksemda har ikkje vore like stor på å førebygge vald og gje foreldre andre alternativ enn vald i oppdraginga.

Program for foreldrerettleiing gjev tryggleik

Funna i studien til Sandvik og medarbeidarar, Helsesøstre bruker program for foreldreveiledning aktivt i praksis, tyder på at helsesøstrer som har fått opplæring i International Child Development Programme (ICDP), kjenner seg tryggare på å observere og rettleie i samspel.

Helsesøstrene som blei intervjua i studien, fortalde at dei kjente at ICDP-opplæringa var blitt ein integrert del av dei, som dei brukte aktivt i møta med foreldre og barn, ikkje berre i ICDP-grupper, men også i vanlege konsultasjonar. Det kom også fram i studien at ICDP-kompetansen var nyttig for å konkretisere alternativ til oppdragarvald.

Helsesøstrene opplevde at kompetansen dei hadde tileigna seg gjennom ICDP, kunne ha innverknad på korleis dei rettleia foreldre i positiv grensesetjing og kunne bidra til å redusere slitsame kvardagskonfliktar.

Kan påverke samspelet 

Eg har sjølv ikkje opplæring i ICDP. Nokre få helsesøstrer i Årstad bydel har ICDP-kompetanse, men per i dag er det ikkje tilbod om ICDP-grupper i tenesta hjå oss.

Vi har eit godt utgangspunkt for å påverke samspelet mellom barn og foreldre.

Vi helsesøstrer møter barna og foreldra deira frå det første heimebesøket og gjennom heile oppveksten til barna. Vi har dermed eit godt utgangspunkt for å påverke samspelet mellom barn og foreldre. Eit godt samspel fremmar både fysisk, psykisk og sosial utvikling.

Det å gje helsesøstrer moglegheita til å tileigne seg kompetanse på samspel gagnar heile samfunnet. Dersom vi helsesøstrer er gode til å observere og rettleie i samspel, kan vi førebygge ei skeiv utvikling og sjukdom hjå barna seinare.

Fleire bør få opplæring i ICDP

Ut frå funna i studien kan ICDP-opplæring av fleire helsesøstrer vere ei verdifull investering for samfunnet. Dersom fleire helsesøstrer kjenner seg godt rusta og trygge på å ta opp tema som vald, og vurdere og rettleie aktivt i samspel i dei fleste møta med barn og foreldre, vil merksemda kunne føre til at foreldre lærer seg andre måtar å samhandle med barna på, og dei førebygger vald.

Når vi førebygger vald, blir det færre bekymringsmeldingar til barnevernet, og samfunnet blir spart for kostnader seinare. Å gje fleire helsesøstrer ICDP-opplæring kan styrke samspelet mellom barn og foreldre, som igjen fremmer ei god fysisk og psykisk helse for barna.

Relatert forskningsartikkel: