fbpx Er du med på eit eksperiment, helseminister? Hopp til hovedinnhold

Er du med på eit eksperiment, helseminister?

Det er ikkje god butikk å utdanna to sjukepleiarar for kvar som blir i yrket. Kva med å prøva sekstimarsdag som eit rekrutteringstiltak? spør Magnhild Folkvord.

Sjukepleiarmangelen her til lands er grundig dokumentert, og nyleg kommentert i Klassekampen (13. februar) av Eli Gunhild By, leiar i Norsk Sykepleierforbund. Ho gir også gode råd om kva som kan bøta på krisa – «et lønnsløft som monner» og betre bruk av ressursane.

Ho nemner også «en kultur for heltid» – det må vera ei oppmoding til dei arbeidsgivarane som lyser ut deltidsstillingar som ikkje er til å leva av.

LES: Eli Gunhild By: – Kan ikke fortsette å sløse med sykepleiere

Men kva med å utfordra omgrepet heiltidskultur på ein litt annan måte? Når vi snart kan feira 100-årsjubileum for åttetimarsdagen, må det vera tid for å prøva noko nytt. Det er ikkje latskap som gjer at ein del kvinner seier nei til dagens heiltid i helsevesenet. Men gjerne mangel på timar i døgnet.

Samfunnsøkonomi, ikkje snever bedriftsøkonomi

Samfunnsøkonomisk er det ikkje god butikk å utdanna to sjukepleiarar for kvar som blir i yrket. Kva med å prøva sekstimarsdag med full lønnskompensasjon som eit rekrutteringstiltak? Eit seriøst forsøk treng ikkje omfatta eit heilt sjukehus, men ein eller fleire delar av ein institusjon. Men det vil sikkert vera klokt å la det omfatta andre yrkesgrupper som arbeider nært saman med sjukepleiarane, til dømes helsefagarbeidarar.

LES: Anne-Kari Bratten om myter om årsaker til sykefravær: «Sekstimersdagen er et rent svermeri.»

La dei tilsette vera aktivt med i planlegginga av korleis turnus og vaktlister skal utformast med seks timars dag eller 30 timars veke som utgangspunkt.

Dersom det er godt planlagt, er det også stor fare for å lykkast.

Kostar det pengar, sa du? Ja, men kvifor ikkje utfordra helseministeren til å sponsa eit eksperiment? Eit godt fungerande helsevesen kostar pengar, her må det tenkjast samfunnsøkonomi, ikkje snever bedriftsøkonomi.

Berre ei åtvaring: Dersom det er godt planlagt, er det også stor fare for å lykkast. Vellykka forsøk med sekstimarsdag kan ha smitteeffekt: Fleire vil prøva. Og kva er risikoen med det? Kanskje det kan lokka fleire med sjukepleiarutdanning til å bli sjukepleiarar?

Innlegget stod først på trykk i Klassekampen 20. februar.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse