Er alternativ behandling farleg for born?

Innspill
Bildet viser en baby som blir massert på den høyre foten.
SÅRBARE: Born er ei sårbar pasientgruppe og avhengige av at forelda tek gode helseval for dei.
Vi veit at mange norske born får alternativ behandling, men vi har lita eller inga oversikt over kva, kvifor eller korleis, skriv Ola Lillenes.

Tidlegare i år vart det debatt om kva som kan skje når foreldre vel å prøve alternativ behandling for borna sine. Det store spørsmålet vart: Kan vi stole på at foreldra tek gode helseval for borna når dei får alternativ behandling – eller bør born vernast mot slik behandling gjennom strengare regulering?

I debatten meinte kritikarar av slik behandling at tryggleiken til borna stod i fare, og at «unødige diagnosar» basert på uklåre symptom kan føre til overdiagnostisering og overbehandling. Det kom mellom anna forslag om å sjå til Sverige, der ein ikkje har lov til å gje alternativ behandling til born under åtte år.

Dette vart møtt med ulike motargument, frå at slik behandling er «naturleg og ufarleg», til at eit slikt forbod ville rokke ved det generelle ansvaret som foreldre i Noreg har til å avgjere kva som er best for borna deira. Andre meinte at aldersgrense og forbod ville skape eit uheldig inntrykk av at alternativ behandling verkar, og at staten då vil gå god for dette.

Naturleg og trygt?

Eit raskt søk på Internett syner at fleire av dei alternative behandlingane på marknaden vert framstilte som «særleg skånsame for born». Ei undersøking NAFKAM gjorde i fjor, synte at det var fleire som ville ta med seg borna sine til ein alternativ behandlar, enn som ville gå med eigne helseproblem til slike behandlarar. Dette kan kanskje tyde på at mange meiner at slik behandling er trygg.

Kva veit vi eigentleg?

Vi veit at alternativ behandling er populært: I fjor var minst 40 000 born under tolv år hjå alternative behandlarar. Vi veit òg at 15 prosent av norske foreldre gav borna sine kosttilskot eller urtemedisinar for å førebyggje eller kurere helseproblem.

Vidare veit vi at nordmenn sine syn på alternativ behandling til born er delte: Om lag 40 prosent meiner at det ikkje bør vere lov å gje slik behandling til born, medan dei siste 60 prosentane fordeler seg ganske likt mellom anten å vere positive eller nøytrale til det.

Dei norske reglane for den som ynskjer å tilby slik behandling, er mellom dei mest liberale i Europa. I praksis kan kven som helst behandle nesten kva som helst, utan å ha medisinsk kunnskap. Vi veit at i verste høve kan mangel på slik kompetanse føre til at symptom hjå pasienten vert oversett eller tolka feil. Det kan medverke til at pasienten ikkje får nødvendig og verksam behandling fort nok. Då kan helsetilstanden til pasienten verte verre.

Dette veit vi ikkje

Vi veit ikkje kva helseproblem borna som får slik behandling, har, og heller ikkje kva ynskjer og mål foreldra deira har med slik behandling.

Vi veit ikkje kva metodar og verktøy behandlarane nyttar til å setje diagnose, eller kva behandling dei rår til og nyttar på desse borna. Bransjen sine eigne reglar og rutinar ved behandling av born er verken samla eller granska.

Vi veit ikkje om foreldra går til lege med borna fyrst, eller om dei har ein dialog med helsepersonell undervegs i den alternative behandlinga. Vi veit ikkje om borna får alternativ behandling i staden for behandling frå helsetenesta, eller om dei får behandling begge stadar samstundes.

Vi har òg lite kunnskap om kva den alternative behandlinga fører til hos desse borna: Vert helsa deira betre eller verre, eller vert ho som før?

Meir kunnskap

Så langt har vi ved NAFKAM ingen råd til styresmaktene, utover at vi treng meir kunnskap. Born er allereie ei sårbar pasientgruppe. Vi veit at mange av dei får alternativ behandling, men vi har lita eller inga oversikt over kva, kvifor eller korleis.

Truleg er mykje av bruken av alternativ behandling på born allereie taus og tabubelagt. Om foreldre sitt høve til å gje born slik behandling vert innskrenka utan at dette er tilstrekkeleg basert på fakta, er vi redde at slik behandlingspraksis vil gå enno meir «under radaren».

Styresmaktene bør sikre seg meir kunnskap, før dei eventuelt vurderer å innføre ei nedre aldersgrense. Difor har vi no bedd helsepolitikarane våre om å prioritere dette i statsbudsjettet for neste år.

Les også:

Siste fra Meninger

Populære artikler nå