fbpx Eldreomsorga: Er det grunn til uro? Hopp til hovedinnhold

Eldreomsorga: Er det grunn til uro?

Som representant for etterkrigsgenerasjonen si eldrebølge, som nå truar med å skylje inn over velferdsstaten, må eg erkjenne: Eg har begynt å tvile, skriver artikkelforfatteren.

I heile mi oppvekst og heile mitt vaksne liv har eg trudd på velferdsstaten. Han har slett ikkje alltid vore ideell, har hatt mange feil og skavankar, men har vori eit slags ideal: Vi skal yte etter evne og få etter behov – sånn nokon lunde. Også når vi blir eldre. Ein fin tanke i tråd med dei beste norske og skandinaviske tradisjonane.

Men etter som eg sjølv nå er i starten på pensjonsalderen, blir eg meir og meir usikker: Held dette i praksis? Tør eg stole på det eg har trudd på heile livet når det snart kan røyne på? For kva er det vi ser:

Frå sjukeheim til omsorgsbustad

Denne omlegginga skjer nå i mange kommunar, initiert av dei statlege finansieringsordningane. Kommunane har ikkje råd til å drive så mange sjukeheimsplassar som hittil, og reint økonomisk kan omlegginga kanskje lønne seg.

Rett nok er det usikkert korleis reknestykket vil slå ut dersom bebuarane i omsorgsbustadene treng omfattande omsorg, da kan det fort bli kostbart for kommunen. Men ofte blir det også brukt ein fagleg retorikk for å rettferdiggjere omlegginga. For dei fleste er einige om at mange eldre i åra som kjem, vil fungere godt og ha det betre heime hos seg sjølv eller i ein privat omsorgsbustad enn på ein sjukeheim.

Men det er heller ingen tvil om at det vil bli langt fleire eldre som vil leve med mange og kompliserte sjukdommar, og det vil bli mange med alvorleg demens. Desse vil trenge tilnærma døgnkontinuerleg omsorg. Den faglege grunngivinga for omlegginga er for meg derfor høgst uklar. 

Privatisering

Derimot synest det klart at omlegginga av eldreomsorga i praksis er ei storstilt privatisering. Kommunane fråskriv seg ansvar, mens det i langt større grad blir lagt ansvar på den enkelte eldre og på familien. Mens det på ein sjukeheim er kommunen som har ansvaret for hus, legetilsyn og medisinar, blir dette i omsorgsbustaden bebuaren sitt ansvar.

Rett nok skal kommunen ha ansvaret for «forsvarleg omsorg», for eksempel heimesjukepleie, men desse omgrepa gir rom for skjønn og kan tøyast. Det opplever vi, og det les vi om i avisene og i andre media dagleg.    

Stakkars lokalpolitikarar

Det kan ikkje vere greitt å vere lokalpolitikarar for tida. Dei må nok framleis innrette seg etter ein stram kommuneøkonomi – det er lite som tyder på at storting og regjering vil auke inntektene til kommunane i særleg grad. Skattelette ser ut til å stå høgare på prioriteringslista.

I heile samfunnet er det dessutan ein tendens til privatisering, også av helseproblema.  «Enhver må være sin egen helseminister», sa ein tidlegare helseminister. Ansvaret blir skuva over på den enkelte, mens samfunnet/fellesskapet tek mindre ansvar.

I dei mange, hissige debattane blir lokalpolitikarane ofte skyteskiver, og nokre gonger med god grunn. For det ser ut til å vere mykje uforstand. Men det kan vere grunn til å hugse at utviklinga vi ser i eldreomsorga ikkje berre er uttrykk for ein trend blant politikarane, men ein trend i heile samfunnet. Det er den minkande viljen til å yte til fellesskapet, kombinert med den generelle trenden til privatisering, også av helseproblem, som gjer meg uroleg for den framtidige velferdsstaten, og for framtida for oss eldre.

Så kva skal vi eldre gjere? 

For nokre år sidan ville eg sagt at vi skal ikkje bekymre oss, for når den tida kjem, vil kommunen og alle dei dyktige medarbeidarane der, yte den hjelpa som trengst.

I dag er eg ikkje så sikker. Ikkje fordi dei som arbeider i kommunen ikkje er dyktige nok, men fordi dei ikkje er mange nok, og ikkje har tid nok.

Og eg kjenner meg ikkje sikker på at storting og regjering får ryggdekning frå oss veljarane til å styrke kommuneøkonomien tilstrekkeleg.

Så etter å ha vore ein trufast beundrar av den norske velferdsstaten i heile mitt vaksne liv, må eg erkjenne at tvilen har snike seg inn. For dei av oss som enda kan gjere noko, ser eg tre råd:

1) Stell godt med ektefelle, barn, barnebarn og resten av familien. Det kan fort bli bruk for dei.

2) Spar dei pengane du kan. Dei kan bli gode å ha når du treng å kjøpe private pleie- og omsorgstenester.

3) Hald deg frisk så lenge som mogleg.

Og kva med dei som verken har ektefelle, annan familie, pengar eller god helse? Det er dei eg er mest bekymra for. Vi kan håpe politikarane og dei som arbeider i kommunane, ikkje lar desse aller svakaste bli salderingspostar i budsjetta og på vaktlistene, noko dei lett kan bli. Her må vi alle vere med og passe på.

Dessutan kunne vi kanskje ved neste høve velje politikarar som forstår og er villige til å prioritere velferdsstaten, slik vi meinte han skulle vere?

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse