fbpx Tek midlar frå Psykisk helse i skulen Hopp til hovedinnhold

Tek midlar frå Psykisk helse i skulen

I statsbudsjettet for 2017 er det foreslått å ta 16 millionar kroner frå direkte tiltak for Psykisk helse i skulen. Kva er det dykk driv med? undrast Sigrun Dale.

I statsbudsjettet for 2017 er det foreslått å ta 16 millionar kroner frå direkte tiltak for Psykisk helse i skulen. Dette betyr at fleire tusen skular i ulike kommunar mistar tilbodet om program og tiltak for å fremje psykisk helse, inkludering og eit godt psykososialt miljø. Dette skjer samtidig som Meld. St. 28 (2025-2016) Fag-Fordjuping-Forståing, melder at livsmestring må inn som eit nytt tverrfagleg tema i den nye læreplanen. Samtidig som kunnskapen om samanhengen mellom trivsel og læring aukar. Samtidig som program som «Sykt perfekt» og «Jeg mot meg» nettopp fortel at ungdom ønskjer kunnskap for å forstå seg sjølv og kunne ta gode val i livet. I presentasjonen av stortingsmeldinga Folkehelse og livsmestring i skolen april 2016, seier kunnskapsminister Røe Isaksen at skulen må bidra til å ruste elevane til eit samfunn der mange unge opplev press. Kjære politikarar, kva er det dykk driv med?

Zippys vener

Forsking syner at det er mogleg å styrke barns sosiale evner og robustheit, dersom ein grip inn tidleg. Organisasjonen Vaksne for barn har i 12 år motteke midlar frå tilskotsordninga Psykisk helse i skulen for å sikre at barn og ungdom har dei beste føresetnader for å vokse opp trygt og godt. Etter 12 år har dei bygd opp betydeleg fagkompetanse på området. Vaksne for barn er blant anna organisasjonen bak skuleprogrammet Zippys vener, eit program alle barneskulane i Sogndal, der underteikne er helsesøster, har starta opp med.

Zippys vener gir elevar i 1.-4. klasse metodar for å takle dagleglivets utfordringar og problem, identifisere og prate om kjensler og støtte andre. Eit godt utvikla språk for kjensler hjelper oss å forstå omgjevnaden og å behalde ei god psykisk helse. Alle er født med kjensler, men ikkje alle forstår korleis ein pratar om dei eller kva som utløyser dei. Elevane får også øve på korleis dei kan støtte andre og ta i mot sosial støtte. Programmet dekker kompetansemål i norsk, samfunnsfag, RLE og kunst og handtverk. Det støttar opp om Kunnskapsløftet, kapittel 9a i opplæringslova og oppfyller både målsettinga i satsing på psykisk helse og sentrale målsettingar i Folkehelsemeldinga. Programmet er effektevaluert med dokumentert effekt. Resultatet syner blant anna auka meistring, betre fagleg fungering, betre klassemiljø og styrka lærar-elev forhold. Programmet er i praksis det livsmestringsprogrammet som er etterspurt i skulane og ønska inn i den framtidige læreplanen.

Usikre på kva tiltak som verkar

På regjeringas heimesider står det at det blir bevilga 56, 1 millionar til å etablere eit program for å styrke kommunens arbeid med å fremje barn og unges psykiske helse, men at kommunane er usikre på kva tiltak som verkar. Vidare står det at kommunane skal være innovative og kome med forslag til korleis barn og unges psykiske helse og livskvalitet kan styrkast. Samtidig fjernar regjeringa 16 millionar i direkte tiltak som fungerer? Kan nokon hjelpe meg å forstå dette?

Kjære politikarar. I satsinga på psykisk helse, skal dykk verkeleg fjerne effektevaluerte og kompetansehevande tiltak, for så å bruke pengar på at kommunen skal kome med nye, uprøvde forslag? Skal dykk fjerne velfungerande finansierte ordningar, for så å bruke pengar på å utarbeide nytt materiale og undervisningsopplegg for faget livsmeitsring i skulen? Eller, kva er tanken bak dette?

Eg stiller også spørsmål til at det ikkje har vore dialog med dei frivillige organisasjonane og andre tilskotsmottakarar om dette forslaget, og referar til Arne Holtes sju psyksike helserettar: Alle har ein rett til deltaking og involvering, ei kjensle av at det faktisk spelar ei rolle for andre kva du gjer eller ikkje gjer.

Forsking syner at det er mogleg å styrke barns sosiale evner og robustheit, dersom ein grip inn tidleg.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse