fbpx I trippelfella Hopp til hovedinnhold

I trippelfella

Rekordsøking. Sjukepleiefaget er i vinden. Det fører lønnskampen inn i brattare motbakkar.

Det er storm i kasta når sjukepleiestudent og litterat Cathrine Krøger dømmer utdanninga nord og ned. Ho harselerer over fagmiljø som prøver å kamuflere­ svak akademisk forankring med tomme frasar. Litteratur­meldar Krøger tar hardt i. Likevel er eg redd ho har poeng som er ­gyldige – også for andre fagområde.

Rekordsøking

Men faget har også medvind. I alle fall er det rekordsøking til sjukepleiarutdanninga. Unge kvinner – og nokre menn – lar seg  ikkje skremme av debatten om tungt og tomt språk. Auken i søkartala er på heile 20 prosent. Styresmakter og arbeidsgjevarar er fornøgde. Dei veit at det trengst mange sjukepleiarar i åra som kjem – svært mange. Men dei ser også at det ikkje er lønna som lokkar.
Rekordinteressa kan føre lønnskampen inn i brattare motbakkar. Damer er ikkje særleg «lønnssensitive», lyder ein diagnose­ frå forskinga. Lønn betyr altså mindre for kvinner enn for menn. Ofte har eg høyrt næringslivstoppar og politikarar­ sukke over at sjukepleiarane er underbetalte. Men sympatien stikk ikkje djupt og kjem oftast når den er null verdt. Arbeidsgjevarar betaler sjeldan meir enn dei må for å få hjula­ til å gå rundt. Likevel vil rekordmange bli sjukepleiar. I år har 

Overbooking

22 681 søkt ­utdanninga. 15 152 har sjukepleie som førsteval, ­ifølgje Samordna opptak.
Men søkartal er ikkje det same som aktive yrkesutøvarar. For det første må studentane møte til studiestart. Ei over­booking på nærare 50 prosent (nesten 7000 får tilbod, og det er berre cirka 4700 plassar), tyder på at fråfallet startar med ein gong. For det andre må dei fullføre studiet. Slett ikkje alle av dei som ­fullfører, blir fulltidsarbeidande sjukepleiarar. Mange arbeider­ ­deltid. Kompetansen er attraktiv også på andre område. ­Dermed må det utdannast nesten to sjukepleiarar for å dekke ei stilling.

Lønnsfelle

Sjukepleiarane er innelåste i ei trippel lønnsfelle:
1. Kvinner tener dårlegare enn menn. 
Lønnsgapet er cirka 15 prosent. Heller ikkje utdanning hjelper. Tvert imot. Kvinner med høgare utdanning tener 20 prosent ­mindre enn menn med tilsvarande utdanning. Skilnaden er så gjenstridig at det nesten verkar «naturleg». Ein kommisjon i ny og ne og politisk korrekte utbrot om «uff, så urettferdig» hjelper lite.
  2. Deltid er ei lønnsfelle.
Har kvinnene – og sjukepleiarane – seg sjølve å takke? Kvinner arbeider deltid, menn arbeider overtid. Om lag halvparten av sjukepleiarane jobbar deltid, somme gjennom heile yrkeslivet. Grunnane kan vere mange. Men ei drivkraft for likelønn er det definitivt ikkje.
3. Karane i industrien bestemmer.
Ei viktigare forklaring på lønnsgapet er at likestillingslandet ­Noreg held seg med ein lønnsmodell der karane i industrien bestemmer lønna. Dei har fått ei gudegitt gåve: Dei veit kva landet har råd til, og kva lønnsutviklinga skal vere – for alle. I år blei talet­ 2,4. Fasiten er streng, særleg i offentleg sektor, der fleir­talet av dei tilsette er kvinner. Dei må haldast i sjakk. 

Renessanse 

Frontfaget har hatt ein renessanse i det siste. Det gagnar verken­ ­likelønna eller sjukepleiarlønna. Det gagnar gamle maktbastionar. Kor lenge systemet held seg flytande, er ikkje godt å seie. Viss det røyner på, blir det nok kasta ut redningsbøyer i form av ein ­kommisjon eller to, godt bemanna av rettruande økonomar. 
Kanskje bør Krøger settast på saka? Ein språkbruksanalyse­ av fagpolitiske dokument som postulerer at låg lønn for ut­danning og for kvinner er bra for landet si konkurranseevne, kunne gi ny gnist til debatten.
I mellomtida får sjukepleiarane satse på full jobb og topp ­kompetanse. Men så var det dette med lønnssensitiviteten, då … •

Rekordinteressa for utdanninga kan føre lønnskampen inn i brattare motbakkar.
Anders Folkestad

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse