fbpx Sjukepleiaren – offer for dårleg samvit? Hopp til hovedinnhold

Sjukepleiaren – offer for dårleg samvit?

Sjølvomsorg og omsorg for andre kan ikkje rivast frå kvarandre. Å seie ja til overtid og lange vakter er kanskje ei handling der ein ikkje tek vare på seg sjøl, og dei andre.

Klokka tikkar. Du visste det eigentleg då du såg pasientlista på morgonen, men du står på likevel og spurtar mellom medisinar, stell og telefonar, i håp om greie det innan tida. Medisinar ut, pasientar inn, dren ut, veneflon inn, droppar lunsj, knip igjen, trøst til Kari, blod til Per, karbolytt i hytt, ikkje så fort kjære klokke, ring ring, kveldsvakta kjem opp gangen. Det gjekk ikkje i dag heller. Ring på lege, ring frå rom, ring til naboen; Kan du hente for meg i barnehagen... i dag og?

Å bruke eiga fritid på jobb

I 2011 publiserte Norsk Kunnskapssenter den største undersøkinga som er gjort blant sjukepleiarar i norske sjukehus. Eit funn i studien viste at 70 prosent av sjukepleiarane jobba overtid, meirarbeid eller forskyvning meir enn seks gonger på fire veker utan sjølv å ønskje det. Studien viser at den norske sjukepleiaren er ei kvinne i alderen 37 år som har vore i yrkeslivet i 10 år. Leiar i Norsk Sykepleierforbund (NSF) på dette tidspunktet, Lisbeth Normann, fortel om svært mange slitne sjukepleiarar som arbeida meir enn planlagt, med stor arbeidsbelastning.

I travelheitas rom vert sjukepleiaren fordra på å møte avdelinga sine krav til effektivitet, samt pasienten sitt behov for å bli sett og anerkjend. Det er viktig at me ser pasienten i den sårbare situasjonen han er i, men frå personleg erfaring så må dei praktiske oppgåvene også gjennomførast. Stadig vert oppgåver som kan vente utsatt til slutten av vaktskiftet, og ein vert sein med rapportskriving noko som då skjer etter at ein har hatt overleveringsmøte/rapport. Dette gjer igjen at ein vert gåande på overtid, kjem seint heim, er sliten, og har ikkje same overskotet til eigen familie. Då kjem det etiske dilemmaet; Kor mykje kan ein bruke av tida som er eigen fritid, tileigna seg sjølv og familie i forhold til tida på avdelinga? Sjukepleiaren får fleire dillemma; Ein kjenner på ei plikt og ansvar for pasient og arbeidsgjevar. Dei praktiske oppgåvene er kanskje ei plikt ovanfor arbeidsgjevar og kollegaer, medan nærleik og tid for god samtale er ei plikt ovanføre pasienten. Å verta ferdig innanføre tida og ikkje jobbe for mykje overtid er plikt ovanfor barn og familie. Og korleis skal ein prioritere. Sjukepleiaren får fleire val kor ein ikkje kan møte alle. Dette gir eit moralsk stress. Dette resulterer igjen til auka dårleg samvit, utmattelse, til utbrenthet og nye sjukemeldingar.

Kva er det som gjer at me vel å bruke eiga fritid på jobb framfor oss sjølve og familien? For til slutt er jo alt noko me sjølv vel. Me vel å sitja over avtalt arbeidstid for å utføre arbeidsoppgåver som ikkje passa inn i dei avtalte rammene, og det er vårt val at me skundar oss, droppar mat og går heim med hovudverk fordi me har hatt skuldrane opp til øyrene på jobb. Og kvifor gjer me dette, kva er motivasjonen som heile tida driv oss? Er dette av god omsorgsetikk eller pliktetikk? Er det for pasienten? For oss sjølv? For arbeidsgjevaren? For familien? Er det å jobbe overtid kanskje etisk dyd? Nortvedt (2012) skriv at dydsetikk har ein intensjon og haldning som pregar handlingar. Det er ein indre motivasjon som får ein til å handle rett og godt. Ein handlar fordi ein bryr seg. Den moralske motivasjonen må vera personleg følt. Ein må verkeleg bry seg om pasienten fordi han berører deg. I motsetnad er pliktetikk noko ein må gjera fordi rammane fordar deg.

Moralsk stress

Kari Martinsen (2014) skriv i kapittelet om «Sårbarhet og travelhet i helsevesenets rom» om sjukepleiaren som går heim med skuldkjensle og ansvarsfråskriving grunna travelheita, og seinare gir dette moralsk stress når ho tenkjer på alt det ho kunne og burde ha gjort for pasienten. Sjukepleiaren er då i ei etisk utfordring. Men om me snur på det; at sjukepleiaren får gjort alle oppgåvene på jobb på overtid, men ikkje får vore tilstades for familien. Kva med det dårlege samvitet og stresset; Besøket ein skulle ha gjort, lekselesinga ein skulle ha vore med på, den vesle som har sett fram til ein kveld med mor, som etter ein lang arbeidsdag kjem seint heim sliten og ikkje har overskot. Gir ikkje dette like mykje moralsk stress? Og kva har moralsk stress å gjere med etikk? Moralsk stress er den psykiske og emosjonelle lidinga som sjukepleiaren og andre omsorgsgivarar erfarer når dei handler utan om dei djupe etiske verdiande, prinsippene og forpliktelsar som ein kjenner at ein har (McCarthy og Gastmans, 2015). Choe, Kan og Park (2015) har publisert ei studie om moralsk stress hjå sjukepleiarar i ein intensivavdeling. Studien fann at moralsk stress fann stad til dømes i det ein prioriterte arbeidsoppgåver føre menneskeleg verdigheit, der det oppstod liding som årsak av manglande etisk omsorg. Studien konkluderer med at mangel på personale blir forverra av høg arbeidsmengde som igjen fører til ei etisk liding der personalet ikkje opplev å strekkje til.

Ta rette val for seg sjølv

Kva er det med samvitet som gjer at me tek dei vala me gjer? Leenderts (2014) skiljer mellom reel samvit, og usunn samvit og skuldkjensle. Ho seier at me kan ikkje alltid lytte ukritisk til samvitet vårt. Usunn samvit kan handle om alt det ein burde ha gjort, der ein lagar seg bekymringar over andre. «Stakkars mor om eg ikkje vitjar henne idag, då vert ho nok trist.» Bodskapet i ei slik vond samvit handlar om hemningar og bindingar, om at andre sine behov er viktigare enn våre eigne. Denne type samvit vil ikkje betrast sjølv om ein følger handlingane den utber. Er det kanskje dette samvitet som gjer at me jobbar overtid, meirarbeid og forskyving? For kva skjer dersom me ikkje kan gå dobbelt? Tenkjer me på stakkars kollegaer, pasientar eller misstru frå leiar om eg seier nei? Klarer me å setje vår eiga fritid og famile før avdelinga, eller er kollegaer, pasientar og avdelinga viktigare enn vår fritid? For det er berre meg som kan ta denne vakta akurat nå, eller ?

Å skape rom for seg sjølv

Gjennom mine haldningar til den andre er eg med og bestem kva farge og form verda til den andre får (Løgstrup, 2000). Kva seier dette så om verda me gir oss sjølve? Rommet me gir oss sjølv. Gjer me det rommelig for oss sjølv, eller set me våre eigne verdiar under andre sine? Martinsen (2014) referert til Foucault når ho seier at det er mykje frykt og plikt i eit samfunn som dyrkar individualitet og frihet for ikkje å vera god nok, og ein plikt som pressar mot lydigheit for å bli betre. Heile tida skal me evaluerast for å bekjenne om me er gode nok og me skal strekke til i alt me skal prestere. Ivaretar dette sjukepleiaren som menneske? Sjukepleiaren er også sårbar i ein pressa kvardag mellom normer på post, rutiner og effektivitetskrav frå leiinga. Martinsen (2003) viser til antikken når ho seier at sjølvomsorg er ein måte å forme seg sitt eiget ethos gjennom oppøving av seg sjølv. For å utvikle sjølvomsorgen er forholdet og nærleiken til andre essensielt. Det forutset kjennskap til seg sjølv og kjenskap til regler for aktverdig oppførsel. Dei kan vera veiledande til etisk oppførsel. Det er å gi rom til den andre. Martinsen (2003) kallar sjølvomsorg for eit sjølvsdisiplinens ethos. Ifølgje Foucault er det ein måte å gjere greie for disiplin som er frivillig og sjølvpålagt for si eiga og andre si skuld. Altså krev det kanskje sjølvdisiplin for å kunne ta vare på seg sjølv. Er det det sjølvomsorg handlar om? Må me vera strengare med oss sjølv for at me skal klare å velje det som er best for oss. Å seie ja til overtid og lange vakter er kanskje ein udisiplinert handling der ein ikkje tek vare på seg sjøl, og dei andre. Sjølvomsorg og omsorg for andre kan ikkje rivast frå kvarandre. For å kunne gi omsorg til andre må me altså også ha omsorg for oss sjølv. Brenn me oss ut og ofrar oss, korleis skal me då ivareta andre, pasientar og familie, og til slutt men langt i frå minst, oss sjølve? Så til slutt kjære sjukepleiar, vær snill og spør deg sjølv «what's in it for me», våg å stå opp for deg sjølv og eiga fritid. Det krev mot, og nokre gonger må me våga å væra upopulære. Eg vart ein gong fortalt, i ein heilt annan sammanheng enn helsevesenet, men er like aktuell for det: Den som trur han er uerstatteleg på jobb, vil brenne seg ut før eller sidan.

Henvisninger:

Choe, K., Kang, Y., & Park, Y. (2015). Moral distress in critical care nurses: a phenomenological study.  Journal Of Advanced Nursing71 (7), 1684-1693 10p. doi:10.1111/jan.12638

Dolonen (2011). På vakt. Publisert 20.10.2011 Sykepleien.no [Elektronisk utgåve], henta 22.02.2016 frå https://www.nsf.no/nyhet/748905/pa-vakt

Kunnskapssenteret (2011). Hverdagsbeskrivelser fra norske sykehus.: Resultater etter en landsomfattende undersøkelse blant sykepleiere i 2009. Notat fra Kunnskapssenteret

oktober 2011. Oslo: Norsk Kunnskapssenter for helsetjenesten. Elektronisk utgåve henta 22.02.2016 frå http://www .kunnskapssenteret.no/en/publications/everyday-descriptions-of-norwegian-hospitals.results-following-a-national-survey-of-nurses-in-2009 publisert 20.10.2011

Leenderts, T. A (2014). Person og profesjon; Om menneskesyn og livsverdier i offentlig omsorg. 3. utg. Oslo: Gyldendal Akademiske forlag.

Løgstrup, K.E. (2000). Den etiske fordring. Århus: Forlaget Klim.

Martinsen, K. (2014). «Vil du meg noe?» Om sårbarhet og travelhet i helsevesenets rom. I: H. Alvsvåg, O. Førland & F. Jacobsen (red.) Rom for omsorg? Bergen: Fagbokforlaget; Vigmostad & Bjørke AS

Martinsen, K. (2003). Disiplin og rommelighet : Et dannelsesprosjekt i disiplin – er det rom for rommelighet? I: K. Martisen og T. Wyller (red.) Etikk, disiplin og dannelse; Elisabeth Hagemanns etikkbok – nye lesninger.  Oslo: Gyldendal Akademisk.

McCarthy, J., & Gastmans, C. (2015). Moral distress: A review of the argument-based nursing ethics literature.  Nursing Ethics22 (1), 131-152 22p. Doi:10.1177/0969733014557139

Nortvedt, P. (2012). Omtanke; En innføring i sykepleiens etikk. Oslo: Gyldendal Akademisk.

Brenn me oss ut og ofrar oss, korleis skal me då ivareta andre, pasientar og familie, og til slutt men langt i frå minst, oss sjølve?

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse