Det er klart du skal få spørje om lønnsauking – du som er sjukepleiar

Samfunnet kviler på folk som gjer dei viktigaste jobbane, men behandlar dei som om dei er utømmelege. Difor kling oppmodinga om å «berre spørje» meir som ironi enn som reell vilje til endring.
Det er klart du skal få spørje om lønnsauking, du som er sjukepleiar og ofte er så travel at du ikkje rekk dopause eller å ete til fast tid.
Fordi sårbare menneske treng hjelpa di meir enn bemanninga har teke høgde for. Og all denne dårlege søvnen mellom sein- og tidlegvakt som du står i utan å klage eller å skryte. Hurra! Klart du kan spørje!
Samfunnet byggjer på omsorgsyrke som får lite att
Sjølvsagt kan du spørje om betre lønn, du som jobbar i barnehage og lærer opp småbarna til andre, fem dagar i veka. Du som kjenner dei omtrent like godt som foreldra og snart er forventa å dokumentere kvar minste matbit dei et. For ikkje å nemne alt som hamnar i doskåla. Berre spør du – høgt og tydeleg. Det er trass alt du som har oppdratt heile Norges befolkning.
Og me gløymer sjølvsagt ikkje miljøterapeuten som jobbar for helsa til dei som iblant treng hjelp når det psykiske spelar på eit anna lag. Du som er terapeut for oss alle når ulykka er ute. Som veit at sjølv dei høgt utdanna, rike og psykisk stabile kan bli ramma. Du som sikrar at dei som treng det til kvar ei tid, blir passa på og har eit ledig øyre når verda rundt overveldar.
Berre å spørje, sjølvsagt.
Ansatte tek risiko og ansvar utan reell kompensasjon
Og du som jobbar i helse der det er risiko utan risikotillegg: Klart du kan spørje om ei lita auking! Såpass fortener du, no som det er fleire dokumenterte hendingar som understrekar alvoret du står i. Du som ikkje veit kva som ligg i vent når du stiller opp på beordring – kort varsel sjølvsagt – og ofte tek for god fisk at det går seg til.
Me vil heller aldri gløyme deg, læraren, som skal lære opp befolkninga og gjere dei klar for den vide verda! Du som er forventa å svare på mail til du legg deg, og må kjempe til deg merksemda til elevane som vil, men ikkje alltid greier, å halde seg motivert. For ikkje å nemne foreldra deira som ryktast å blande seg inn i meir enn dei har greie på.
Alt i alt gode grunnar for å be om noko ekstra, spør du meg.
Systemet treng dei, men pressar dei til å vere nøgde
Kva med deg som er både sjukepleiar, vernepleiar og miljøpersonell og må beordrast på jobb i psykiatrien etter ei velfortent fyllekule – på sjølvaste kviledagen – fordi 57 ansatte nyleg har sagt opp: Klart du skal få moglegheit til å spørje. Me har trass alt pengar til å sende visse utvalde på konferanse med tre-rettar og boblebad. Det er klart me har pengar til det nødvendige.
Sjølvsagt kan du spørje. Kanskje til og med få. Men då må du streike og gå gjennom lønnsnemnd fordi slike som deg må me ha i arbeid for å halde samfunnet gåande. Er du ikkje stolt? Hugsar du ikkje korleis me klappa? Kva meir treng du?
En versjon av denne teksten ble først publisert av Bergensavisen.























0 Kommentarer