fbpx Særskilte opptakskrav til sjukepleiarutdanninga er eit tiltak med veldig liten evidens Hopp til hovedinnhold

Særskilte opptakskrav til sjukepleiarutdanninga er eit tiltak med veldig liten evidens

Bildet viser en ung kvinne som jobber på en datamaskin

I ein god del tilfelle reflekterer karakterar frå videregåande skule i liten grad studentane sitt framtidige potensial for læring på sjukepleiestudiet.

Opptaksutvalet har foreslått å fjerne særskilte opptakskrav til sjukepleiarutdanninga som vart innført i 2018. Utvalet har gjort ein omfattande og grundig analyse.

Det kan kanskje høyrest rart ut for enkelte dersom karakterkrav på minst 3 i matte og norsk frå vidaregåande skule ikkje skal vere eit effektfullt tiltak. Her er nokre moglege forklaringar.

Karakterar si betyding

Det føreligg ikkje evidens for at særskilte opptakskrav til sjukepleiarutdanninga gir betre pasienttryggleik. Det er ikkje så rart eigentleg, for det er vanskeleg metodisk å teste effekten av eit slikt tiltak på pasienttryggleiken. 

Dermed må vi basere oss på surrogatendepunkt og observasjonelle data. Men heller ikkje gjennomføringsevne og karakterar på sjukepleiestudiet gir støtte til særskilte karakterkrav for opptak. Opptaksutvalet peikar på at effektstorleikane er for beskjedne.

Her kan ein legge til at resultat på nasjonal deleksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi tyder på at karakterar frå vidaregåande skule har liten betydning med unnatak av at studentar med snittkarakter over om lag 52 poeng gjer det vesentleg betre (sjå figur).

Tabellen viser predikert poengsum på AFB-eksamen etter karaktersnitt fra videregående skole for studenter med henholdsvis yrkesfag og studiekompetanse fra videregående skole

Ser ein bort frå studentar med karakterar over 52 poeng, er scatterdiagrammet prega av tilfeldig variasjon. Det tyder på at karakterar frå vidaregåande skule, i ein god del tilfelle, i liten grad reflekterer studentane sitt framtidige potensial for læring på sjukepleiestudiet. 

Sjukepleiarutdanninga sikrar kvalitet

For det andre er det viktig å ha tillit til at sjukepleiarutdanningane gjennom praksisperiodar og eksamenar sikrar kvalitet og forsvarlegheit. Sjukepleiarutdanningane skal vere strenge og omfattande, og dei skal sikre at sjukepleiarar har den kunnskapen og kompetansen dei treng for å gi god pasientbehandling. I tillegg har helsetenesta eit sjølvstendig ansvar for å sikre at nyutdanna sjukepleiarar får god opplæring og har tilfredsstillande kompetanse.

Det er gode haldepunkt for at Opptaksutvalet har gjort ei fornuftig vurdering i denne saka. Også tiltak som å innføre særskilte opptakskrav til sjukepleiarutdanninga må vere kunnskapsbasert. Per i dag er særskilte opptakskrav til sjukepleiarutdanninga eit tiltak med veldig liten evidens.

Innlegget vart fyrst publisert på artikkelforfattaren si LinkedIn-side og vert gjengitt med løyve.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse