fbpx Diett med dokumentert effekt | Sykepleien Hopp til hovedinnhold

Diett med dokumentert effekt

Ernæring, Fagutvikling/Forskning, Hjerte/Kar

Diett med dokumentert effekt

Sammendrag: Resultata i tre eksperimentelle studiar har vist at dersom hjarteinfarktpasientar legg om kosthaldet, så reduserast risikoen for ikkje-fatale hjarteinfarkt, koronar og total mortalitet dramatisk. Desse studiane er basert på den såkalla «Diet Heart»-hypotesen. Det er viktig å legge merke til at inntaket av frukt og grønsaker i dei tre intervensjonsstudiane er om lag dobbelt så høgt som i det gjennomsnittlege norske kosthaldet. Det kan difor sjå ut som om den informasjonen og oppfølginga hjarteinfarktpasientar får om ernæring, ikkje er god nok.


I november 2002 publiserte det medisinske tidskriftet The Lancet ein svært interessant eksperimentell studie som tok for seg samanhengen mellom kosthald og koronar hjartesjukdom (1). Studien var randomisert og singel blind, og dei fleste pasientane hadde påvist koronar hjartesjukdom (n=1000). Intervensjonen var ein indisk variant av «Middelhavsdietten». Kontrollgruppa fekk vanleg oppfølging. Etter to år var talet på ikkje-fatalt hjarteinfarkt og koronar død redusert med 52 prosent i intervensjonsgruppa (se tabell 1). Denne studien stadfestar dermed dei ekstraordinære resultata i to liknande studiar.

Desse studiane er basert på den såkalla «Diet Heart»-hypotesen. Den vart til for over 40 år sidan, då ei forskargruppe leia av amerikanaren Ancel Keys viste at innbyggarane på den greske øya Kreta hadde oppsiktvekkande låg førekomst av koronar hjartesjukdom (2) (se tabell 2). Mange år seinare (kring 1990) ville ei fransk og indisk forskargruppe som var inspirert av Keys og medarbeiderane sine funn, teste ut om eit utprega vegetabilsk kosthald kunne førebygge koronar sjukdom og mortalitet.

Resultata i dei to eksperimentelle studiane viste at dersom hjarteinfarktpasientar la kosthaldet skikkeleg om (>6 frukter / grønsaker / bær per dag, grove kornprodukt, ein del nøtter, omega-3-rik mat som fisk eller rapsolje, litt magert kjøt og margarin / oljer med sunne feittsyrer), så vart risikoen for ikkje-fatale hjarteinfarkt, koronar mortalitet og total mortalitet dramatisk redusert (p
I den indiske studien som omfatta 406 høgrisikopasientar vart total mortalitet redusert med 45 prosent i intervensjonsgruppa etter berre eit år (21 versus 38) (3,4).

Den franske studien omfatta 423 pasientar (5,6). Etter fire år var koronar mortalitet og ikkje-fatale hjarteinfarkt redusert med 72 prosent. Total mortalitet vart redusert med 56 prosent (14 versus 24). Tala er finjustert for alder, kjønn, kolesterol, systolisk blodtrykk, lekocyttmengd og aspirinbruk. Effekten kom etter nokre få veker på dietten.

Det trengs meir forsking for å forklare kvifor dietten er så effektiv, men det er gode haldepunkt for at omega-3-innhaldet spelar ei rolle (7). I to av studiane (1,3,4) vart pasientane sin lipidprofil signifikant forbetra, i ein studie (5,6) var den lik den i kontrollgruppa, utan at effekten vart mindre av den grunn. Det er viktig å legge merke til at inntaket av frukt og grønsaker i dei tre intervensjonsstudiane er om lag dobbelt så høgt som i det gjennomsnittlege norske kosthaldet (8).

Pasientane i studiane hadde fått god informasjon, dei opplevde maten som gastronomisk akseptabel og hadde difor få problem med å overhalde dietten. Prinsippa i Middelhavsdietten kan enkelt tilpassast norsk matkultur. Johnson og medarbeidarane har laga eit fint døme på korleis ein dag på dietten kan arte seg (8) (se tabell 3). Forslaget kan varierast og modifiserast på mange måtar, etter smak og behag.

Konklusjonen er at å ete i samsvar med prinsippa i den originale kretiske framstillinga av Middelhavsdietten er svært gunstig. Kolesterolsenkande statiner er til dømes berre halvparten så effektive (reduserer ikkje-fatale hjarteinfarkt og koronar mortalitet med om lag 25-35 prosent (9)). Ein studie av norske hjarteinfarktpasientar sine kostvanar har vist at dei i gjennomsnitt et tre porsjonar med frukt/grønsaker per dag (10). Det kan difor sjå ut som om den informasjonen og oppfølginga hjarteinfarktpasientar får om ernæring, ikkje er god nok. Dette har sin pris i form av unødig mange nye infarkt og tapte leveår.

Av tekniske årsaker er tabellene i artikkelen bare å finne i papirutgaven.


Litteratur
1. Singh RB, Dubnov G, Niaz MA, Ghosh S, Singh R, Rastogi SS et al. Effect of an Indo-Mediterranean diet on progression of coronary artery disease in high risk patients (Indo-Mediterranean Diet Heart Study): a randomised single-blind trial. The Lancet 2002; 360:1455-61.
2. Kafatos AG. Diet, antioxidants, and health - Case study: The Cretan experience. I: Papas AM, red. Antioxidant status, diet, nutrition, and health. Boca Raton, FL: CRC Press LLC, 1999; 119-29.
3. Singh RB, Rastogi SS, Verma R, Laxmi B, Singh R, Ghosh S et al. Randomised controlled trial of cardioprotective diet in patients with recent acute myocardial infarction: results of one year follow up. BMJ 1992; 304: 1015-9.
4. Singh RB, Niaz MA, Ghosh S, Singh R, Rastogi SS. Effect on mortality and reinfarction of adding fruits and vegetables to a prudent diet in the Indian experiment of infarct survival (IEIS). J Am Coll Nutr 1993; 12: 255-61.
5. de Lorgeril M, Renaud S, Mamelle N, Salen P, Martin JL, Monjaud I et al. Mediterranean alpha-linolenic acid-rich diet in secondary prevention of coronary heart disease. Lancet 1994; 343: 1454-9.
6. de Lorgeril M, Salen P, Martin JL, Monjaud I, Delaye J, Mamelle N. Mediterranean diet, traditional risk factors, and the rate of cardiovascular complications after myocardial infarction: final report of the Lyon Diet Heart Study. Circulation 1999; 99: 779-85.
7. Marchioli R, Schweiger C, Tavazzi L, Valagussa F. Efficacy of n-3 polyunsaturated fatty acids after myocardial infarction: results of GISSI-Prevenzione trial. Gruppo Italiano per lo Studio della Sopravvivenza nell'Infarto Miocardico. Lipids 2001; 36: 119-26.
8. Johnson LH, Hjermann I, Tonstad S. Kosthold og sekundærforebygging av koronar hjertesykdom - er våre anbefalinger gode nok? Tidsskr Nor Lægeforen 2001; 121: 1092-8.
9. Tonstad S, Holme I. Videre belysning av statinbehandling. Heart Protection Study. Tidsskr Nor Lægeforen 2002; 122: 2777-80.
10. Svilaas A, Bergei CS, Strøm EC, Ose L, Walsøe HK. Kostholdet hos pasienter med aterosklerotisk sykdom sammen-liknet med befolkningen Tidsskr Nor Lægeforen 2000; 120: 2618-24.
































0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse