Måtte reise fra dottera på sjukehuset: Brev frå mamma

Bildet viser Berit Haugen som holder Karin Jonli som baby.
BERIT OG KARIN: Heime på Gol.

Eg gløymer aldri den kjensla eg sat att med då me måtte kjøyre heimatt med ein tom bag i baksetet, skriv Berit Haugen til si dotter Karin.

Du vart fødd på Gol sjukestugu etter eit heilt normalt svangerskap og ein veldig lett fødsel. Du vart undersøkt før me reiste heim, og det var ingen mistanke om at det kunne vera noko med deg.

Månadene gjekk, eg var i arbeid, og me budde på Gol. Me fekk den gang berre tre månader svangerskapspermisjon, og eg hadde ei ung jente som barnepike. Ho hadde deg ofte med heim til seg. I mars i 1968 seier ho ein dag at mor hennar syns det var noko rart med den eine foten din. Det same hadde eg lenge lurt på, for det virka som at høgrefoten din var kortare. Du hadde lenge reist deg og gjekk når me heldt deg. Men da virka det som du var skakk. Og du var ikkje noko ivrig på at du ville gå.

Bildet viser Karin Jonli som baby liggende på et stellebord.
KARIN SOM BABY: Ved legeundersøking som nyfødd vart det ikkje funne noko galt med hoftene hennar.

Når andre då gjorde meg merksam på at det kanskje var noko som var feil, handla eg fort. På ettårsdagen din tok eg deg med til legen. Eg sa kva eg mistenkte, og han undersøkte deg. Då han hadde gjort det, sa han ikkje eit ord, tok berre telefonen og ringde Sophies Minde for å bestille ein time der. Me fekk time fort, og 4. april køyrde onkel oss til Oslo. Der vart det røntgen og undersøkelse, og med ein gong stadfesta at mistanken var rett.

Alt gjekk deretter forferdeleg raskt, for sjukehuset syns det var fælt at me skulle måtte reise heim med deg berre for å koma tilbake inna kort tid. Du vart derfor innlagt same dag på barneavdelinga på Sophies Minde.

Eg gløymer aldri den kjensla eg sat att med då me måtte kjøyre heimatt med ein tom bag i baksetet. Den gongen var det ikkje barnesete, så me hadde deg i bagen til barnevogna.

Les Karins historie: Mine minner, eller rettere sagt mareritt, om å være på sykehus som barn

Bildet viser Karin Jonli og pappaen.
MED PAPPA PÅ TRAPPEN: Karin Jonli var eit år før det vart tydeleg at det var noko med hoftene.

Du vart lagt i strekk for at hoftekula skulle koma på plass. Du låg med foten i «eit eller anna» festa til ein liten talje med lodd i enden. Du var òg bunden til senga ved at du hadde på deg eit slags overliv (eg vil kalle det ei tvangstrøye) med band som var knytt til senga. Der låg du natt og dag på ryggen i fire veker. Ein aldeles forferdeleg tilstand for ein ettåring. Me besøkte deg, men det var ikkje mange gongene. For sjukehuset var ikkje no glad i foreldre som var der for ofte. Ungane vart urolege av det.

Når me var hjå deg, så virka du apatisk. Kva var årsaken til det? Eg får aldri svar, men mistenker at du kanskje vart medisinert. Du låg på eit rom med seks eller åtte andre ungar, og det var sikkert greit at de ikkje vart altfor opplagte. Ein unge som søv, laga ikkje noko bråk. Hjelpa mi var at min onkel og tante var hjå deg, tante var ofte innom deg når ho var ferdig på jobben. Så ringde eg henne og fekk høyre koss det eigentleg var med deg.

Heime var det lange daga. Eg gjekk på jobb, men orka nesten ikkje vera heime.

Etter fire veker fekk du koma heim med gips. Du tilpassa deg tilstanden din utan problem. Du måtte ligge enten på magen eller på ryggen, men det var ingen problem. Og du drog deg fram på magen og vart veldig sterk i armane. Du klaga aldri. Me bygde opp sportsvogna med skumgummiputer, slik at du låg oppå vogna. Og på den måten fekk du vera ute, og me kom oss rundt. Når me køyrde bil, låg du i baksetet, og det gjekk veldig fint.

Bildet viser Karin Jonli som ligger i en sportsvogn.
UT PÅ TUR: I spesialkonstruert vogn kunne Karin vera med rundt.

Mange syns nok veldig synd på både deg og meg, men eg hadde heile tida den innstillinga at dette var berre ein overgang. Det gjorde heilt sikkert mykje det at du godtok situasjonen din som du gjorde. Men visste du eigentleg om noko anna? Det var heldigvis ingen tilstand som gjorde at du hadde smerter.

Du var inne til Sophies Minde tredjekvar månad. Du måtte då vera inne i tre daga. Og eg fekk ikkje vera der med deg. Då tok dei røntgen, og dei skifta gips. Det som ikkje var kjekt med det, var at du kvar gong vart lagt i narkose. Det vart vel gjort fordi du måtte ligge heilt stille når dei tok av gipsen og la på ny. Men då var du bestandig litt «utafor» i nokre daga etter at du kom heimatt.

Det fyrste halvåret hadde du gips frå livet og ned til tærne. Seinare fekk du ein gips som eigentleg var ei form, der du kunna bevege føtene. Men me kunne ikkje ta deg ut, fordi den var heil rundt livet. Det som var godt med denne forma, var at du kunne begynne å trene føtene. Eg hugsa at du var veldig opptatt av føtene og flink til å bevege dei. «Tøtan mine», sa du. Eg føle at det året eigentleg gjekk greit både for deg og meg, sjølv om du var forhindra i å leva «normalt». Du fekk ikkje utforske omgjevnadane slik som ein unge i den alderen skal. Men i staden fokuserte du kanskje meir på dei tinga som var mogeleg sjølv om du låg. Du prata nok blant anna tidleg.

Bildet viser Karin Jonli som sitter på fanget til mamma med kake på bordet.
TO ÅR: Karin får kake av mamma Berit.

I juli 1969 var du inne og fekk fjerna gipsen. Fyrst i ein alder av to år og fire månader kunne du lære deg til å gå. Du var deretter jamleg inne på Sophies Minde til kontroll. Eg hugsa ikkje heilt kor ofte, men iallefall ei gong i året. Men dei var ikkje nøgd med resultatet. Fordi hofteskåla var for grunn, kunne hoftekula gli ut når det etter kvart var slitasje. Og dette gjaldt begge hoftene. Du hadde for dårleg «vinkel» på hofta. Det som skulle gjeras, var at dei skulle endre vinkelen ved at lårbeinet vart kutta og vinkelen endra. For at dette skulle gro riktig, måtte du på nytt leggas i gips.

Du vart derfor innlagt 10. eller 11. april i 1972 for å bli operert i begge hoftene. Denne gongen òg var eg berre med deg til du var plassert på barneavdelinga. Eg venta på å få beskjed om at du var operert, men i staden fekk eg 13. april ein telefon med beskjed om at du var på veg til Rikshospitalet fordi dei meinte du hadde fått blindtarmbetennelse. Slike operasjonar kunne dei ikkje ta på Sophies Minde, derfor vart du overført til eit anna sjukehus. På grunn av denne hendinga kunne dei ikkje gjera noko med hoftene dine før det var gått ei tid. Me fekk hente deg heimatt.

Bildet viser Karin Jonli som sitter i en sportsvogn.
SOMMER I HALLINGDAL: Karin i vogna si.

Legene syntes at du skulle få sommaren på deg før du måtte innatt. 28. august i 1972 var det ny tur til Oslo, og du vart lagt inn. Du vart operert i den eine hofta 30. august. Og andre hofta 14 daga seinare. Dette var ei smertefull handling, og du låg der med berre fremmande folk rundt deg. Me var og besøkte deg ein sundag med flott vær. Då me gjekk inn til sjukehuset, passerte me eit uteområde som var skjerma med tre og busker. Men på lang avstand høyrde me nokon som sutra og sa: «Au, au.» Eg høyrde med ein gong at detta var du, utan at me såg deg. Bak desse buskene stod det mange senger med ungar i. Og ein av dei var du. Greit at de fekk frisk luft, men eg gløyme det aldri. Det var heilt forferdeleg. Sjølv om du nok hadde fått smertestillande var du ikkje smertefri.

Då du vart lagt inn, hadde du langt hår, men det hadde dei klipt av deg. Det var for mykje arbeid å vaske og greie det lange håret. Du var fint klipt og hadde behalde noko av det lange håret bak. Men eg syns det var litt ergerleg.

2. oktober i 1972 fekk me deg på nytt heimatt med gips. Du var no så stor at du var tung å lyfte på, men på Sophies Minde hadde me fått ei oppskrift og tegning av ei låg tralle med hjul som me kunne laga. Og bestefar var handug og laga denne tralla til deg. Den var cirka fem til ti centimeter høg, og inne var denne fin til å koma seg rundt på. Men på nytt var valet: ryggen eller magen? Du låg mykje på magen om dagen, for då var det fint å drive med ting på golvet.

Bildet viser Karin Jonli som har gips og ligger på magen på gulvet.
ÅLTE SEG RUNDT: Karin med broren Olav.

Der foregikk det alt fra tegning til eting. Me sette maten på golvet til deg som ein anna hund. Og du klaga ikkje. Eg kan ikkje hugse anna enn at detta godtok du. Du var no så stor at det var greit å forklare deg at detta berre var for ei stund. Men du sakna det å kunne vere med andre unga og gjera som dei. Du hadde sjølvsagt mykje selskap i Olav, din bror, som no var tre år. Men du misunte nok alle du såg som sprang rundt som dei ville.

29. januar i 1973 reiste me til Oslo, og du skulle ta av gipsen. Kor lite informasjon det var, fekk eg bevis på då me kom til Sophies Minde. For ingen hadde sagt at du skulle på oppattrening når gipsen var fjerna. Me fekk då beskjed på at du skulle til Gilinskys etterbehandlingshjem for barn på Strømmen. Ikkje hadde eg med ekstra kler til deg, så du hadde berre det du hadde på deg. Me måtte ut i byen for å kjøpe ein del kler. Då eg kom heim, sende eg pakke med blant anna meir kler. Det var ikkje noko tema ein gong at eg skulle vera med deg til Strømmen. Og der fekk me direkte beskjed om at det ikkje var ynskeleg at du fekk besøk. Men det var greit at eg ringde, så me pratast på telefonen. Eg kan ikkje hugse anna enn at det eigentleg gjekk ganske greit. Men kva de eigentleg tenkte, er ei heilt anna sak. Kor lenge du var på Strømmen, hugsa eg ikkje, men muligens seks veker. Du hadde iallefall lært deg til å gå då me henta deg heimatt.

Det vart sett inn plater i hoftene din då du vart operert, og desse måtte takas utatt. Så 29. oktober i 1973 vart du lagt inn på Sophies Minde for siste gong. Dei fjerna då platene, og 6. november kom du heimatt. Du var inne til kontroll kvart eller annankvart år fram til 14. januar i 1983, då dei regna med at du var utvokst. Ei epoke i livet ditt burde der og då vore avslutta, noko me i dag veit at det ikkje var.

Les også:

Mine minner, eller rettere sagt mareritt, om å være barn på sykehus

Husker ingen ansikter, bare hvite frakker

– Det var helt vanlig at barn lå alene på sykehus

Bildet viser Karin Jonli som leser Donald med broren.
HEIME MED LILLEBROR: Karin les Donald saman med Olav.