fbpx Vanskeleg å endre dokumentasjonspraksis Hopp til hovedinnhold

Vanskeleg å endre dokumentasjonspraksis

Tilrettelagde verkty, forankring i leiing, overordna prosedyrar eller direktiv er ikkje nok til å endre sjukepleiarar sin måte å jobbe på.

Artikkelen «Sjukepleiedokumentasjon i eit elektronisk samhandlingsperspektiv», har mange interessante funn som indikerer at praksis ikkje nødvendigvis endrar seg vesentleg sjølv om ein tek i bruk elektroniske løysingar. Den utfordrar både leiarar og sjukepleiarar til å gjere opp status for eigen praksis i høve sjukepleiefagleg kvalitet og tryggleik for pasientane.

Artikkelen seier mykje, mellom anna at både 1.- og 2.-linetenesta opplever å få for dårleg informasjon. Etter at mange siste året har hatt fokus på konsekvensar av Samhandlingsreforma, med mellom anna sjekklister for å sikre utskriving, er det kanskje tid for å gå djupare inn i dei sjukepleiefaglege sidene ved pasienten sin situasjon. Fokuset på pasienttryggleik handlar mykje om systematisk arbeid i dei risikoutsette overgangane. «Meldingsløftet» gjer det mogleg å kome vidare i nær framtid. Kanskje det er behov for å standardisere malar for samhandlingsinformasjon som både 1.- og 2.-linetenesta kan nytte? Standardisering er ikkje ein føresetnad for elektronisk meldingsutveksling, men kan gje viktige knaggar som er med å sikre innhaldet. 

Av eiga erfaring ser eg at det skal mykje til for å endre dokumentasjonspraksis over tid der kvalitetane som artikkelen etterspør er med. Området krev meir enn opplæring av teknisk verkty. Å ha høg fagleg standard, også tilpassa travle praksiskvardagar, krev kontinuerleg fokus på organisasjonsutvikling. Dei siste åra har det kome mange nye verkty som skal støtte leiarar i deira arbeid med fag, personale og økonomi. Alt krev merksemd, opplæring og implementering.

Så lenge sjukepleiarar i stor grad dokumenterer kronologisk det som vert oppfatta som relevant og nødvendig etter lov, er det lett for å prioritere ned det som trengs av endring for å betre praksis. For det er dette det handlar om: Vilje, motivasjon og rom til å reflektere over tidsbruk og fagleg standard i det vi gjer, og til å oppvurdere makta som sjukepleiar har, ikkje minst i å vere talerør for pasientane sine grunnleggande behov. Ser vi tydeleg nok kor viktig dette er? Artikkelen utfordrar mange sider av pleiekulturen og peikar på vesentlege risikofaktorar med dagens praksis. Eiga erfaring tilseier at verken tilrettelagde verkty, forankring i leiing, overordna prosedyrar eller direktiv er nok til å endre sjukepleiarar sin måte å jobbe på. Til det trengs det djupare læreprosessar som både leiarar og sjukepleiarar må ta del i systematisk og kontinuerleg. Overordna leiing har ansvar for å legge til rette for at arbeidet skal kunne ha prioritet. Og då må ein sjå på arbeidsvilkåra til førstelinjeleiaren og gje denne ro og påfyll nok til å orke ta fatt også i dette utviklingsarbeidet.    

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse