fbpx – Bør det vere meir vektlegging av praksis i sjukepleierutdanninga? Hopp til hovedinnhold

– Bør det vere meir vektlegging av praksis i sjukepleierutdanninga?

– Det er absolutt legitimt å diskutere om det er nyttig at sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiarar og andre helsefag lærer om vitskapsteori og metode, skriv Jeanne Boge.

Den 1. mars 2022 skriv Cathrine Krøger at det er for lite vekt på praksis i norsk sjukepleierutdanning. Ho nemner ikkje at 50 prosent av utdanninga finn stad i praksis. Andre norske bachelorutdanningar i helsefag har halvparten så mykje praksis, eller mindre.

22. mars 2022 skriv Krøger at sjukepleiarstudentar stryk på anatomieksamen fordi medisinsk kunnskap beviseleg har blitt nedgradert i mange tiår. Det er uvisst kvar dette beviset til Krøger skriv seg frå, for analysar av sjukepleierutdanningar viser at medisinske og naturvitskaplege fag, med få unnatak, har hatt ein dominant plass. I perioden 2000–2020 omfatta naturvitskaplege fag halvparten av teorien i bachelor i sjukepleie.

Diskusjonar bør lyftast

Krøger ser ut for å vere kritisk til at sjukepleiarar skal ha opplæring i forskingsmetode. Slik teori har vore felles for norske helse- og sosialfaglege utdanningar på bachelornivå. Det er absolutt legitimt å diskutere om det er nyttig at sjukepleiarar, sosionomar, vernepleiarar og andre helsefag lærer om vitskapsteori og metode.

Slike diskusjonar bør lyftast inn i ein samanheng der ein også drøftar om for eksempel legar, tannlegar, juristar, ingeniørar og arkitektar skal ha eksamen i vitskapsteori og forskingsmetode.

Lange tradisjonar med vidareutdanningar

Krøger harselerer kanskje når ho skriv at sjukepleiarar prøver å gjere såkalt sykepleierkarriere ved hjelp av master og endå høgre utdanning. Sjukepleiefaget har lange tradisjonar med ulike former for vidareutdanningar som for eksempel jordmor, helsesjukepleiar, intensivsjukepleiar, operasjonssjukepleiar og so vidare.

I forlenginga av Bologna-prosessane på 1990-talet oppstod det politiske føringar om at alle høgre utdanningar i Noreg, også sjukepleiarutdanningar, skal ha tre nivå: Bachelor, master og ph.d. I den samanheng blei 3-årige sjukepleierutdanningar tilpassa krava til bachelorgrad, og vidareutdanningar i sjukepleie blei tilpassa krava til mastergradar.

Det er sjølvsagt legitimt å diskutere om det er nyttig at nokon av sjukepleiarane genererer kunnskap om faget sitt i form av master- og ph.d. gradar på same vis som ein kan spørje om det er samfunnsnyttig at farmasøytar, fysioterapeutar, tannlegar, ingeniørar, legar, juristar, arkitektar og so vidare tek master- og ph.d. gradar.

Dei med høgst utdanning er gjerne dei som får tilgang til dei høgste posisjonane i samfunnet. I eit likestillingsperspektiv kan det vere viktig at sjukepleiarar og andre tradisjonelle kvinnedominerte grupper har tilgang til høgre utdanning med tilhøyrande tilgang til posisjonar.

Dårleg rusta til praksis?

Trass i at bachelorstudentar i sjukepleie har hatt femti prosent av utdanninga si i praksis, meiner Krøger at det er påvist at sjukepleiarane er dårleg rusta til praksis når dei er ferdig utdanna. Men det er ikkje sikkert dei hadde vore betre rusta om 75 prosent av utdanninga var praksisstudiar.

For det kan vere at dei nyutdanna sjukepleiarane relativt raskt kjenner seg trygge på slikt som hygiene, sårstell, medisinsk teknologi, å handtere medisinar og å førebu pasientar til diverse undersøkingar og operasjonar. For slike praksisar er det relativt mykje fokus på både i den teoretiske og praktiske delen av sjukepleierutdanningar.

Det som sjukepleiarane kanskje er mindre rusta til, er å handtere dei komplekse strukturane i det norske helsevesenet. For i bachelor i sjukepleie er det relativt lite fokus på styringsideologiar/-teoriar om korleis stat, fylke og kommunar arbeider for å få best mogeleg tenester til lågast mogeleg pris.

I praksisstudiane lærer studentane å reprodusere det eksisterande helsevesenet. Dersom den norske staten ynskjer å fremme nytenking i sjukepleiefaget, kan det vere at meir teori om tilhøvet mellom helse, sjukdom og samfunn, er betre verktøy enn meir klinisk praksis.

Mangelen på kliniske sjukepleiarar

Krøger skriv at pandemien har avslørt eit skrikande behov for kliniske sjukepleiarar og at mangel på slike sjukepleiarar delvis er selvforskyldt etter mange tiår med vektlegging av teori fremfor praksis. 

Det er uklart kva Krøger meiner med at mangelen på kliniske sjukepleiarar er sjølvforskyldt. Er det dei sjukepleiarane som ytrar seg i ulike medium som er skuldige? Er det Norsk Sjukepleiarforbund som har skulda? Skuldast mangelen på kliniske sjukepleiarar dei statlege reguleringane av norsk sjukepleierutdanning, eller er det måten dei ulike sjukepleierutdanningane realiserer dei statlege føringane på, som fører til mangel på kliniske sjukepleiarar?

Krøger sin kjepphest ser ut for å vere sjukepleierutdanning. Men det er uklart kva Krøger legg i omgrepet utdanning. Meiner Krøger at sjukepleiarar, advokatar, legar, ingeniørar, arkitektar og andre praktisk retta høgre utdanningar skal vere forma slik dei som får eksamen, relativt raskt, helst frå fyrste dag, skal kunne utføre dei fleste praksisane som sorterer under fagfeltet? Eller er høgre utdanning fyrst og fremst ei innføring teoriar og prinsipp som kan vere nyttige verktøy å ha med i ryggsekken når ein skal fylle mangfaldige funksjonar i eit samfunn som er i kontinuerleg endring?

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse