Tverrfagleg samarbeid inn i grunnutdanninga
Dei fleste har fått med seg den tragiske hendinga der ei 13 år gamal jente døyde av avmagring i jula. Korleis betre sikre at slike hendingar ikkje skjer igjen?
Mykje informasjon har komen fram i media, blant anna at
samarbeidet mellom dei ulike instansane er for dårleg. Det verker
som om samarbeidet har vore prega av fleirfagligheit i staden for
tverrfaglegheit. Dei fleste tar sjølvkritikk, og vil endre på sin
instans for at det ikkje skal skje igjen, og alle snakkar om eit
ein må få til eit betre samarbeid.
Eg, som leiar av Unio-Studentene, er veldig einig i at det må
til eit betre samarbeid for å fange opp, og sikre at slike triste
hendingar ikkje skjer igjen. Det er viktig å få til eit betre
samarbeid mellom alle instansane, og å få ei betre forståing rundt
lovverket ved blant anna tausheitsplikt og varslingplikt i
helsepersonellova og pasientrettigheitslova. Mitt forslag og
mi oppfordring er at vi må få dette samarbeidet til så tidlig så
mogleg, altså få det inn i grunnutdanningane. La framtidas
sjukepleiarar lære å samarbeide med politi-, lærar-,
barnevernspedagog-, sosionom-, prest-, medisinstudentane og andre
relevante yrker med ein gong. Lær dei ifrå første stund kva ein
skal gjere i slike vanskelege sakar, og korleis ein skal stille seg
til lovverket.
Eg veit at det allereie er oppretta mange gode tverrfagleg
samarbeid på dei ulike utdannings institusjonane, men mi oppfatning
er at det er lite fokus på dei vanskelege sakene. Gjennom ei tidleg
fokusering på tverrfagleg samarbeid i utdanninga, kan ein tileigne
seg kunnskap om kva dei ulike profesjonane har kompetanse og
ekspertise innan. På den måten kan vi på ein mykje betre måte unngå
ansvarsfragmentering og ansvarsfråskriving, Det handlar om kunnskap
om eiga og kvarandre sin profesjon, forståing for kvarandre sitt
fagspråk og tillit mellom kvarandre.
Tverrfagleg samarbeid i grunnutdanningane vil forhåpentlegvis
vere med på å gjere det tverrfagleg samarbeidet når ein er ferdig
utdanna enklare og betre. Alle instansane vil, trur eg, komme
styrka ut i frå eit betre tverrfagleg samarbeid på
grunnutdanningane.
0 Kommentarer