fbpx Ap og Sp sviktar framtidas helsevesen Hopp til hovedinnhold

Ap og Sp sviktar framtidas helsevesen

Bildet viser et portrett av innleggsforfatter Alfred Bjørlo

Ap/LO-samrøret er akkurat no verre enn på lang tid. På kort sikt er det sjukepleiarane, politifolka og andre høgt utdanna grupper i offentleg sektor det går ut over. I neste omgang går det ut over alle oss andre også.

«Tilgang på nok folk med rett kompetanse. Mangel på personell er den største utfordringen helse- og omsorgstjenesten står overfor.» Desse flotte orda står i Ap og Sp sine merknader til Nasjonal helse- og samhandlingsplan som blei vedtatt i Stortinget onsdag 4. juni.

Mindre enn eitt døgn etter greip Ap/Sp-regjeringa inn med tvungen lønnsnemnd og stoppa streiken til sjukepleiarane og andre utdanningsgrupper i statleg sektor – fordi dei ikkje vil ha eit lønnssystem i staten som belønner utdanning og kompetanse.

Det er lett å seie seg enig med leiar i Norsk Sjukepleiarforbund, Lill Sverresdatter Larsen, når ho seier til NRK at «Dette er ei regjering som blir opplevd som kunnskapsfiendtleg og til dels gjer høgare utdanna yrkesgrupper til sine fiendar».

Kampen mot det gamle

Banda mellom Arbeiderpartiet og LO er allereie urovekkande tette. LO overfører millionbeløp på konto til Ap og blir belønna med sentrale posisjonar i Arbeiderpartiets øvste organ. Når vi no ser at Ap kun lyttar til LO i forhandlingar i statleg sektor, og overkøyrer andre arbeidsfolk og andre forbund, er det lett å legge to og to saman.

Ap/LO-samrøret er akkurat no verre enn på lang tid. På kort sikt er det sjukepleiarane, politifolka og andre høgt utdanna grupper i offentleg sektor det går ut over. I neste omgang går det ut over alle oss andre også. Over framtidas helsevesen, tryggleik i kvardagen og ein stat som tar vare også på folk som ikkje overfører pengar til Arbeiderpartiets valkampkonto. 

Sjukepleiarar, politifolk og mange andre er heldigvis folk flest. Venstre er på lag med dei og vil halde fram å ta kampen mot den gamle, utdaterte Ap-staten. 

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse