fbpx Tariffavtalen med Spekter bør verdsetje kompetanse Hopp til hovedinnhold

Tariffavtalen med Spekter bør verdsetje kompetanse

Stripe om lønn til sykepleiere

Motivasjonen for å stå i yrket kan få seg ein knekk når ein allereie første arbeidsdag har maksa ut ansienniteten, skriv John Arne Habbestad.

Overeinskomsten mellom Norsk Sykepleierforbund og Spekter omfattar om lag 39 000 sjukepleiarar rundt om i dei ulike helseføretaka. NSF køyrer for tida kampanjen Sykepleierløftet, der ein av hovudparolane er «et lønnsløft slik at alle sykepleiere med 10 års ansiennitet tjener over 500.000 kroner».

Dette er eit av tiltaka dei håpar skal hindra det store fråfallet, at ein av fem sluttar innan ti år i yrket.

Når toppen første arbeidsdag

Sjukepleiarane sin overeinskomst er særs raus når det kjem til berekning av lønnsansiennitet for ferske sjukepleiarar. All yrkeserfaring etter fylte 18 år gir lønnsansiennitet.

Dette er nok eit fint insentiv i rekrutteringa av sjukepleiarar med ulik grad av realkompetanse. Har ein jobba i posten, på kontor, i barnehage, som hjelpepleiar eller som yrkessjåfør – uansett kva du har gjort – så får du full utteljing for dette.

Men dette gjer at mange nyutdanna sjukepleiarar allereie første arbeidsdag vil ha nådd toppen av lønnsstigen (såframt ein ikkje tar master- eller spesialutdanning). For i dag er det ikkje slik at ein får meir utteljing for å opparbeida seg erfaring i å pleia sjuke enn å køyra lastebil.

Modellen verkar å sitja fast i ei førestilling om at ein treng fleire hender i yrket.

På ein arbeidsplass der dei reelle høva for lokale forhandlingar mildt sagt er små, er dette noko av eit tankekors. Modellen verkar å sitja fast i ei førestilling om at ein treng fleire hender i yrket, ikkje at ein treng fleire kompetente hovud.

LES: Er varme hender nok?

I tillegg kan det jo tenkast at motivasjonen for å stå i yrket får seg ein knekk når ein allereie første arbeidsdag har maksa ut ansienniteten, og utsiktene til noko særleg lønnsvekst er nærast ikkje-eksisterande.

Betre å vera bussjåfør

I eit yrke der ein allereie får såpass dårleg betalt økonomisk for å spesialisera seg, kan dette få interessante resultat:

Ein spesialsjukepleiar som starta utdanninga si like etter vidaregåande, jobba tre år på sjukehus, tok spesialisering på halvanna år som til dømes intensivsjukepleiar, og har jobba som intensivsjukepleiar sidan dette, vil som 32-åring med fire og eit halvt års utdanning innan sjukepleie og åtte års ansiennitet frå sjukehus likevel tena mindre enn ein 32-årig nyutdanna sjukepleiar som jobba ti år som bussjåfør etter vidaregåande før han eller ho tok tre år sjukepleiarutdanning (460 000 mot 455 000).

Dømet føreset at spesialsjukepleiaren ikkje får ansiennitet for tida han eller ho tar vidareutdanning, som framleis er ein realitet fleire stadar i landet. Rett nok vil spesialsjukepleiaren passera kollegaen sin i grunnlønn når ho òg oppnår ti års ansiennitet, men dei 40 000 i året er ikkje all verden dei heller for halvanna år ekstra på skulebenken.

Ansiennitetsberekninga må omstrukturerast

Mange argumenterer for at ansiennitetsstigen i overeinskomsten er for kort. Når ein i tillegg tar med all yrkeserfaring inn i stigen, meiner eg det bør vera liten tvil om dette. KS-området har ein sekstenårig stige, ein modell det nok kan vera verdt å sjå på.

Mykje av heile konseptet med ansiennitet er å lønna kompetanse. Sjølv om realkompetanse òg er kompetanse og nok kan rekruttera fleire «vaksne» søkjarar til sjukepleiarstudiet, meiner eg at ei omstrukturering av ansiennitetsberekninga er på sin plass.

Mykje av heile konseptet med ansiennitet er å lønna kompetanse.

Ein kan til dømes gi ansiennitet opp til eit visst trinn for anna yrkespraksis (den tidlegare nemnde yrkessjåføren kan til dømes få seks år for sine ti år på landevegen, medan dei ti siste åra av ein sekstenårig stige er reservert yrkespraksis som sjukepleiar). Då vil ein likevel halda på litt av «gulrota» for å skifta beite, men gå i retning av det å setja pris på sjukepleiekompetansen i kroner og øre.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse