fbpx Meir behandlingsansvar i sjukeheimsavdeling Hopp til hovedinnhold

Meir behandlingsansvar i sjukeheimsavdeling

Bildet viser et rom på sykehjem der man kan se litt av rullatoren samt andre personlige eiendeler

Palliasjon og terminalomsorg er nærast daglege arbeidsoppgåver i sjukeheimen etter samhandlingsreformen.

Etter fleire års erfaring i geriatrien både før og etter samhandlingsreforma vart innført, merkar eg tydeleg endringa frå pleie- og omsorgsansvar til også eit behandlingsansvar for sjukeheimspasienten.

Artikkelen Fra sykehus til sykehjem – hva samhandlingsreformen har ført til av Frøydis Bruvik og medarbeidarar syner interessante resultat, likevel ikkje overraskande sett frå ei middelstor sjukeheimsavdeling i ein middelstor kommune. Forfattarane opprettheld merksemda på eit tema som dei fleste i kommunehelsetenesta kjenner på kroppen i arbeidskvardagen.

Artikkelforfattarane undersøker om det er forskjellar i pasientgruppa utskreven frå sjukehus til sjukeheim før og etter samhandlingsreforma sitt inntog. Resultata syner at pasientane er blitt eldre og at fleire korttidspasientar døydde etter overføring frå sjukehus samanlikna med før reforma trådde i kraft. Undersøkinga fann ei dobling av mortalitet.

Samsvarer med praksis

Funna er nyttige for å forstå kva eg som helsepersonell framleis kan forvente der eg arbeider. At opplevde endringar, som til dømes pasientar med meir komplekse sjukdomsbilete, større behov for medisinsk behandling og auke av reinnleggingar på sjukehus, vil vare ved. Eg får bekrefta og anerkjent at blant anna palliasjon og terminalomsorg nærast er daglege arbeidsoppgåver.

Eit døme på samsvar mellom forskingsresultat i artikkelen og erfaring i praksis, er at talet på dødsfall på eit år auka før og etter samhandlingsreforma gav sjukeheimsavdelinga plikt til å ta imot pasientar frå sjukehus frå første utskrivingsklare dag. Auken var på 35 prosent når ein samanlikna året før reforma og det tredje året etter reforma. Når det gjeld funn av auke i alder hos pasientar overført frå sjukehus til sjukeheim, er erfaringa at snittalder er uendra. Sikre tal lukkast det ikkje å skaffe til veie.

Behov for kompetanse

Funna i forskinga aktualiserer verdien av at sjukepleiarar styrker og held ved like høgaktuell kompetanse. Fokusområda for samhandlingsreforma er blant anna palliasjon og akutt sjukdom. Resultata av studien endrar foreløpig ikkje praksis, av den grunn at fleire av sjukepleiarane har teke relevante etterutdanningar for å møte nye oppgåver og kompetansebehov. Mi erfaring tross dette er at det framleis trengs fleire sjukepleiarar med relevant kompetanse.

Eg vil framheve at artikkelen brukar talfakta frå studien til også å konkludere med at der er større pasientgjennomstrøyming og meir uavklart status for pasientane i sjukeheimar etter samhandlingsreforma. Dette set søkelys på kompetanse og bemanningsbehov. Kompetanse og bemanning betyr kvalitet i omsorg, pleie og behandling av sjukeheimspasienten.

Les relatert forskningsartikkel:  Fra sykehus til sykehjem – hva samhandlingsreformen har ført til

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse