fbpx Eit Google-søk og ein prompt – veit du skilnaden? Hopp til hovedinnhold

Eit Google-søk og ein prompt – veit du skilnaden?

Bildet viser et google-søk

Mange studentar blander no saman Google-søk og prompting, og dei merkar knapt at dei byter mellom to heilt ulike måtar å tenkje på. Dermed oppstår ein skrivepraksis der dei mister kontrollen over både prosessen og resultatet dei får servert.

Dette er et debattinnlegg. Innholdet gir uttrykk for skribentens holdning og meninger.

Å undervise akademisk skriving i profesjonsstudia ga oss både utfordringar og moglegheiter etter at språkmodellane kom på banen hausten 2022. Dei fleste som underviser skriving, jobbar no bevisst med ansvarleg bruk av dei nye skriveverktøya. Det er eit kaotisk prosjekt, for å seie det mildt. 

Dette semesteret oppdaga eg at mange ferske studentar ikkje ser skiljet mellom eit søk i søkemotor, som Google eller Oria, og prompting i ein språkmodell. I kaotiske prosjekt må ein ofte akseptere at ein går to steg fram og eitt tilbake. Og av og til omvendt. Her kjem eit lite steg tilbake.

Studentane mistolkar skiljet mellom søk og prompting

Hei student! Eg skriv dette fordi eg ser at mange av dykk bruker språkmodell som om det er Google. Har du tenkt over at forskjellen på eit Google-søk og ein prompt er enormt stor? Det er den. Det er to veldig forskjellige operasjonar, både teknologisk, men også kognitivt for deg og hjerna di. Det er viktig at du skjønar forskjellane.

Ein stor forskjell er kva du får ut av dei to ulike operasjonane. Eg prøver meg med ein analogi: Tenk deg at du er på restaurant og restauranten har ein veldig stor meny du må velje i. Ein svær À la carte-meny. Joda, det er kokken som bestemmer kva som skal stå på menyen, men du må aktivt velje kva du vil ha. 

Du kan velje veganermat eller steinalderdiett. Du kan velje noko kroppen din treng eller du kan dekke sukkerbehovet ditt med ei kjapp løysing. Men det er DU som vel, og du veit kva du har å velje i. Det står på menyen. Dette er altså det du gjer når du søkjer i Google (eller i Oria).

Språkmodellen serverer gugge der søket tilbyr meny

Når du bruker språkmodell, får du ikkje ein à la carte-meny, og du slepp å velje. Av og til er det deilig å sleppe å velje, men då må du ta det du får. I dette tilfellet har kokken slengt alt som står på menyen opp i ein blender og laga ein smoothie, eller ei gugge, av alle dei ulike rettane dei har i restauranten. Litt slik dei gjer det på aldersheimen, når dei eldre ikkje greier å tyggje. 

Du veit ikkje heilt kva innhaldet i gugga er. Du kan sjølvsagt klage litt på fargen … gje tilbakemelding på at du ikkje ønsker ei så grøn gugge. Litt brunare kanskje. Eller blå. Du kan gjerne også gje tilbakemelding på storleiken på klompane i gugga … klumpefri eller bittelitt tyggjemotsand. Det kan du også få. 

Men dersom du etterspør ei carnivore gugge, har du ingen garanti for at ikkje kokken smyger litt brokkoli oppi der, fordi han meiner du treng det. Det får du aldri vite. Det er den svart boks greia, veit du.

Hjerna jobbar ulikt når du søkjer og når du prompter

Så kva foregår i hjerna di når du «googler» og når du «prompter»? Som sagt er det to veldig ulike handlingar. Når du googler (eller «oriaer») skriv du nokre søkeord og så får du ei rekke utval av treff, og resten av jobben ligg stort sett hos deg ved å lese og å velje kva treff du ønsker å gå vidare med. 

Å google er som regel ikkje ei enkelthandling, men du kjem relativt langt med eitt søk. Og det er du som tar vala. Når du prompter i ein språkmodell, starter du ein dialog som du må styre for å få eit resultat som er brukeleg for deg. Det er ein prosess som er pågåande og som du må ha kontroll på. Problemet er at mange av dykk ikkje tar jobben med å styre prosessen, ha kontroll, være sjefen i forholdet mellom deg og språkmodellen. Du må faktisk prompte klokt, bevisst og kløktig. Ofte mange ganger. 

Hvis du ikkje prompte klokt, så blir du litt slik som pasienten på aldersheimen som berre må motta gugga. Han får gugge nettopp fordi han ikkje evner å tyggje vanleg mat. Han har mista all lyst på mat og bryr seg ikkje om kva han får i seg. Han er heilt likesæl til både næringsverdi og smaksvariasjon. Han har gitt opp livsgnisten, rett og slett.

Du er vel ikkje klar for å ete gugge på aldersheim heilt enno, er du vel?

Og dessutan, blenderen som blander gugga bruker ti ganger så mykje vatn- og energiressursar som en à la carte-meny gjer. Så veit du det. Håper du skjønar analogien. Lykke til i eksamensperioden!

Ein versjon av dette innlegget vart først publisert av Universitetsavisa.

0 Kommentarer

Innsendte kommentarer kvalitetssikres før publisering. Kvalitetssikringen skjer i vanlig arbeidstid.

Ledige stillinger

Alle ledige stillinger
Kjøp annonse
Annonse
Annonse